Vikebygd - klkk her for å gå til framsida
Næringsliv   -    Landhandel     -      Skule og Barnehage      -      Kyrkja    -      V.I.L     -      Orientering     -     Speidarane     -     Laurdagsklubben -     Kyrkjebladet Hyrdingen

Lokale tenester

Vikebygd nytt:

vikebygd.org

Finn: TAXI eller FRISØR

ORD FOR DAGEN     Skulekalenderen 2011-2012.     Vêrvarsling  Søndagstipset

Sida er sist endra 29. mars 2012

Lokale websider

Rivinga av gamleskulen 

Andre nyhende

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball
Lokale Bedrifter
Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Kvamme Sag
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Bente T. Barane's Herbalife
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

Siste dag for gamleskulen

(Steinar S 29.3.2012)  Torsdag 29. mars kunne Jens Morten Koltveit setja grabben i skuleveggen og starta rivinga.  Det heile var unnagjort på nokre få timar. Så låg alt i ei røys og brauten kunne triumfera oppå restane av det store bygget.  Mange har vandra inn og ut av dørene her gjennom seks eller ti år av sitt liv.  Nå er denne tida historie og snart er tomta planert.  Dei fleste av spora etter mine første seks skuleår er borte.  Att har me minner, gode og mindre gode.  Oppe på haugen triumferer nye-skulen.  Den er alt vorten for liten.  Treng utviding for at dei hundre borna i skule og barnehage skal få plass til å sanka kunnskap for livet.  Plass til aktivitetar og leik.   

Det nå står att er å transportere materialane til Toraneset, fylla i  den gamle byggjegropa og planera overflata.  Etter påske, ein gong.  Så er den gamle skuleplassen gjort ferdig for ny leik og moro.  Og i kassane til laga som deltok kling myntane inn.  Oppgjer for det medlemane deltok i på dugnad. 
Sjå her frå rivearbeidet.

Fotoalbum frå ringa ser du HER

Fotoalbum frå riving av gamleskulen i Vikebygd Klikk biletet
Gamleskulen 27. mars
Skorsteinen gjekk i bakken

Dugnadsgjengen var i full aktivitet tysdag kveld. 
Kjetil Skartland hadde tau frå skorsteinen, festa i traktoren.  Det var over på nokre sekund mens mursteinen spratt utover asfalten.

Leif Jørgensen var svært nøgd med oppslutninga av dugnadsfolk.  Nå er all skiferen komen av taket og stilasa er demonterte. Torsdag skal Koltveit jamna bygget med jorda ved hjelp av gravemaskina.  Han reknar med at det skal vera gjort i løpet av dagen, seier Jørgensen.  Bortkøyring til Toraneset vil først skje etter påske. 

Slutten på gamleskulen i Vikebygd
Lions Club i spissen for 7 lag riv bygget

Leif Jørgensen i Skjold-Vikebygd Lion's Club(24.3.2012 Steinar S)  Laurdag 24. mars var det stor aktivitet med riving av gamle-skulen.  Fleire erfarne byggmeistrar stod i spissen for ivrige dugnadsfolk. Lion's Club har inngått avtale med kommunen om rivinga og samarbeidar med 6 lag i bygda om dugnad. 

Opphavleg hadde dei planar om å brenna bygningsrestane.  Dette vart det ikkje gjeve løyve til og avtalen måtte refor-handlast slik at alt vert køyrd til deponi på Toraneset. 
-Kommunen tek avgiftene der, men klubben må dekka leigetransport og maskinar for riving, planering og fyllmasse til byggegropa, fortel Leif Jørgensen.  Dermed blir det restbeløpet som laga kan dela omlag 100.000 kroner.

Rolf Alne var ein av dei som deltok i dugnadsgjengenStillaser vart rigga langs bygget og skiferheller vart langa frå mann til mann for så å verta stabla på pallar på bakken.  Geir Vårvik var i full gong med å demontere vindauger.  Andre bar ut restar av utstyr frå bygget.  Mykje av dette vart køyrd til Toraneset avfalls-anlegg, men her var og mange frå bygda og henta med seg heim ting dei kunne nytta. 
- Skiferhellene skal vi selja fortel Jørgensen

Reidar Bjordal i dugnadsgjengenLion's har nå 13 medlemmer i Vikebygd og Skjold.  Denne helga var dei aktive både med riving av gamleskulen og med dugnad på ei hytte i Långåsdalen. 

- Midlane vi får inn vert bruka til gode og nyttige formål i bygdene her, fortel Jørgensen som var klubben sin representant ved gamleskulen.  - Vi brukar ingen ting av dette på oss sjølve.  Denne gongen er det fleire lokale lag som får dele overskottet frå dugnaden.  Desse er:
 

 


Vikebygd Båtforrening, Vikebygd Grendalag, FAU, Vikebygd Idrettslag, Vikebuen, KFUK-KFUM Speidarane og Lions.  I tillegg til Lions sine dugnadsfolk skulle desse andre laga stille med totalt 22 personar i dugnadsgjengen.  Når heller og vindauger er fjerna skal Kolltveit riva resten av bygget med gravemaskin.  Deretter skal alt transporterast til Toraneset.



For dei med sans for gamle ting så var det mange skattar å finna i det gamle skule-bygget.  Hanne Jorunn og Hilde fann juletrelys som dei meinte ville vera ideelle for Rolf på butikken.

 
Den gamle skuletomta er planert og fylt igjen (25.4.21 SS)
Klikk for større bilde
   Les meir her 
Siste dag for gamleskulen
Klikk her for å sjå bilder i fotoalbummet (Steinar S 29.3.2012)  Torsdag 29. mars kunne Jens Morten Koltveit setja grabben i skule-veggen og starta rivinga.  På nokre få timar låg alt i ei røys og brauten kunne triumfera oppå restane av det store bygget.  Att har me minner, gode og mindre gode.  Oppe på haugen står den nye skulen, som alt er vorten for liten og treng utviding for at dei hundre borna i skule og barnehage skal få plass til å sanka kunnskap for livet.  Plass til aktivitetar og leik.   
Les meir her,
eller sjå
fotoalbum frå riving - Klikk biletet 
 
 

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2011 ser du her.


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
FOTOALBUM frå Vikebygd

Andre nyhende:

Rivinga av skulen
Årsmøte i Idrettslaget
Speidarbasaren
Digitale politikarar
Vekst i Laurdagsklubben
Idrettslaget får midlar
Gamle Skulen si framtid
Nyttårsfeiring
Full kyrkje på juleafta
Ljosmessa i kyrkja
Opning av leikeplassen i Lio
Prisar og stipend i kommunen
Desember og julebord
Framleis butikk i bygda
Tenning av lys på julegrana
Julemesse med fullt hus
19 nye tomter på Liofeltet
Globalaksjonen 9.11.2011
Konsert i Skjold Kyrkje
Klokkargarden butikk
Krinsmeister og Fotballfest
Inspirasjon til trusopplæring
50-års jubileum
Bedehus og basar
Kyrkjevalet
Kommunestyrevalet
Frå ÅRET 2011
 

Vikebygd i Media:

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo:

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 111. Vikestølsmøtet 2011 
Boka om Vikestølen på nett. 

Kultur - Historie:

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat

800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd

VINDETREET sogeskrift

   Det skjedde i året: 
2010
2009
2008
2007
2006 
 

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

 

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.org
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.


Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. 

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org