Jokeren, korpset og Gamlatunet
Julegateopning i Vikebygd
(25.11.11 SteinarS)
Fredag 25. november klokka 18:00 spela korpset opp utanfor Jokerbu-tikken.
Ei rekkje med kjende julesongar og messingmusikk tona utover bygda.
Omlag 70
store og små var samla der i vegkanten då Rolf skulle tenna ljoset på juletreet
ved butikken.
Kjøpmannen hadde rigga til med eit jernfat med bål oppi. Her
grilla han pølser på ein høygaffel og spanderte dette saman med gløgg og
kaffi til dei frammøtte. |
|
|
Etterpå gjekk turen i fakkeltog bort til gamlatunet der Jakob var klar
med julegraut og kaker. Så mange ville inn at det var kø ved
inngangsdøra. Om huset er stort, så vart det trongt inne, men
alle fann seg ein plass i ein av etasjane. |
Per og Johannes er klare for fakkeltoget |
I Vikebygd så får vi det til i saman og skaper gleder som får breia seg
ut til nye som kjem til bygda. |
Programmet:
Kl. 18:00 Korpset spela. Julegløgg. Tenning av ljos på juletreet.
Kl. 18:30 Fakkeltog til Gamlatunet
Kl. 18:30 Ope på Gamlatunet, servering, musikk
Kl. 16:30 - 21:00 Ope på Klokkargarden Mykje nytt for advent og jul |