Landhandelen i Vikebygd
Joker butikken held fram og utvidar opningstida
(27.11.2011 SteinarS)
Etter at
Vikebygd Landhandel vart avertert for sal i sommar, har
mange
vore urolege for at bygda skulle bli utan nærbutikk. Fleire interessentar
har vurdert å ta over butikken, men så langt vikebygd.org kjenner til har alle
desse trekt seg.
Bygda
sin eigen kjøpmann, Rolf Alne, tok over butikken i 1999. Han har ikkje tenkt å
leggja inn årane ennå, og har konkludert med å halda fram drifta av
Jokerbutikken sjølv.
Aksjeselskapet hadde i fjor ein omsetnaden på 7,26 millionar med eit
driftsresultat på 182.000,-.
- Eg synes folk er flinke med å støtta opp om lokalbutikken med å handla her,
seier Rolf som kan syna til utrekningar som viser at dei som vel å kjøra fleire
mil for å handla pådrar seg vesentleg større kostnader enn det dei sparer på
tilbodsprisar.
Bygget eig forretningsmannen personleg og leiger det ut til
verksemda. I tillegg til butikk er det utleige av to leiligheiter i andre
etasjen og
treningsstudio i kjellaren. Butikken er eit samlingspunkt i ei bygd som
ser positivt på framtida. Eit nytt bustadfelt med
19 tomter er nettopp
opna. Like ovanfor landhandelen, i
Klokkargarden, har kvinner i bygda opna butikk med sal av
husflidsartiklar.
Gamlatunet er eit annan midtpunkt, der Jakob Rødde leiger ut til selskap
og har fast open kafè med bibliotek på onsdagane. Fleire verksemder skaper
arbeidsplassar på industrifeltet, og nede ved sjøen ligg "Plassabakeriet"
med sin restaurant. Dette er berre nokre eksempel på kva driftige personar
i Vikebygd får til, og her er plass til fleire.
-
Joker kjeda arbeidar med planar om å utvida
opningstida på alle butikkane sine, fortel Rolf. Noko som etter
kvart vil gjelde Vikebygd Landhandel også. - Her er snakk om å ha ope
til klokka 19:00 vanlege kvardagar. Det blir lange dagar for den som skal driva
butikk på landsbygda med ope seks dagar i veka. Rolf Alne ynskjer å få med seg
ein som kan dela på ansvaret slik at det vert lettare å få seg fridagar.
Vi ynskjer han lukke til og trur mange er glade for at nærbutikken held fram. |