Vindafjord Kommune
Kulturstipendet til Per Øyvind Valen og Jane Espevoll.
(15.12.2011 SteinarS) Under ein pause i kommunestyret
den 13. desember vart det utdelt prisar frå kommunen til personar som hadde
utmerka seg innan ulike område. M.a. vart kulsturstipendet frå
Vindafjord Kommune delt mellom to
kandidatar:
Per
Øyvind Valen for hans idrettsinnsats. I tillegg til å ha kome langt
innan orientering, så går han nå 2. året på Haugaland Idrettsgymnas.
- Planane er å kunne delta på treningsleirar i inn- og utland, fortel Per Øyvind. Kulturstipendet på
15.000 kroner vil nok vera ei hjelp her.
Stipendet var i år delt på to, og den andre halvdelen gjekk
til Jane Espevoll, som driv med trening av gjetarhundar. Ho har delteke i
fleire EM og VM i tillegg til konkurransar i Noreg. Begge er med sin
innsats gode ambassadørar for Vindafjord.
Det var, Gustav Løge Fosse leiar i utval for oppvekst og
omsorg (OPOM), som hadde æra av å overrekka
kulturstipenda og Kjartan Innbjo (leiar i utval DUK), som overrekte dei andre prisane
(sjå bilde-teksten), som i tillegg til blomar og diplom består av eit måleri av
kunstnaren Lars Tveit. Byggeskikksprisen gjekk til Magnar Frøyland.
Han var forhindra frå å møte denne kvelden, og vil få prisen ved eit anna høve.
I tillegg vert omsorgsprisen utdelt onsdag under ei tilstelning på
Vindafjordtunet. Denne gjekk i år til "Dei frivillige på Vindafjordtunet."
Her er ei stor gruppe med pårørande og pasientvener som både vitjar bebuarane på
sjukeheimen og lagar til ulike sosiale arrangement for dei.

Per Øyvind Valen (idrett), Jane Espevoll (gjetarhundar), Jan Hegerland
(Næringsprisen), Elisabeth Kallevik Nesheim (Kjerringsprisen) og Lars Olav
Larsen (Kulturprisen)
Les om dette også på
Vindafjord Kommune |