Skjold Kyrkje 18. oktober
Inspirasjon til trusopplæring med Han Inante og Geir
(18.10.2011 SteinarS)
Kyrkjelydane
i Vindafjord ynskjer å få fart på trusopplæringa. Tysdag 18. oktober
samlast 65 personar seg i Skjold kyrkje for inspirasjon og informasjon.
Kari Vik Stuhaug, som er
leiar
i Felles Trus-opplærings-utval for dei 8 sokna i kom-munen, hadde fått med "Han
Inante" for å få fram smilet hjå dei frammøtte, noko han klarte godt.
Mange gode songar vart også framført både som Torolf Nordbø frå Finnøy og
som Brakkvald Tolvstøkkje, i båe tilfeller saman med presten Geir, på
gitar og diverse heimelaga instrument. Alle sokna var godt representerte.
Frå Vikebygd deltok heile det nye soknerådet saman med fleire andre frå bygda.
Målet er å skaffa pengar til å få på plass ei ekstra stilling som
Kyrkjelydspedagog i tillegg til kate-keten Britt Karstensen. For å finansiere
denne søkjer utvalet om tilskott frå kommunen i tillegg til midlar frå
sokneråda. Dei oppfordrar også alle i Vindafjord til å melda seg til
gjevarteneste for saka.
Informasjon og svarblankett finn ein i Hyrdingen nr 5.
Kjersti Hausberg Bjerga fortalde om dei vellukka "Sprell
levande gudstenesten" vi har hatt kvar haust i Vikebygd. Brit Nelly Ness
Tveit intervjua både Han Inante og Torolf Nordbø, og fekk dermed, på ein litt
humoristisk måte, fram kor viktig eit godt barne- og ungdoms-arbeid er.
Ein kan trygt seia at kvelden vart ein suksess. |