Vikebygd - klkk her for å gå til framsida
Næringsliv   -    Landhandel     -      Skule og Barnehage      -      Kyrkja    -      V.I.L     -      Orientering     -     Speidarane     -     Laurdagsklubben -     Kyrkjebladet Hyrdingen

Lokale tenester

Vikebygd nytt:

vikebygd.org

Finn: TAXI eller FRISØR

ORD FOR DAGEN     Skulekalenderen 2011.     Vêrvarsling  Søndagstipset

Sida er sist endra 5. jan. 2012

Lokale websider

Jul og romjul 2011

Andre nyhende

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball
Lokale Bedrifter
Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Kvamme Sag
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Bente T. Barane's Herbalife
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd
  1. Tradisjonell juletrefest på bedehuset

  2. Romjulsmesse i Ølen 

  3. Grøn jul i Vikebygd 

  4. Stappfull kyrkje juleafta 

  5. Ljosmesse 18. des

  6. Plantene forvirra av temperaturen 

Laurdagsklubben inviterte til
Juletrefest på bedehuset 30. desember
(30.12.2011 SteinarS)  Omlag 60 born og vaksne var med då Laurdagsklubben inviterte til juletrefest på bedehuset i Vikebygd.  Kjersti Bjerga hadde andakten. Her fekk me høyra om Jesus som vart fødd og måtte liggja i "matfatet til dyra" (krybba), om englane som song og gjetarane som gjekk for å finna barnet.  Julesongen tona flott i møtesalen denne dagen.  Etter eit julemåltid var det tid for leiker og utlodding, før festen vart avslutta med alle i ring om juletreet og song av dei kjende julesongane.

 

Forsøk på å verve nye innbyggjarar
Romjulsmesse i Ølen kulturhus
Les også om messa i Grannar, her
.
(28.12.2011 SteinarS)  Rune Hetland, leiaren i Vikebygd Grendeutval, stilte opp i kulturhuset i Ølen torsdag i romjula, for å verva nye Vikebuar. Han var ein av omlag 20 utstillarar som tok imot utfordringa frå Tomteselskapet og kommunen om å delta på romjulsmessa. 

I tillegg til å visa fram næringslivet og det store spekteret av arbeidsplassar som finnes i Vindafjord, kunne Vindafjord Tomteselskap, VAF og kommunen presentera ledige tomter.  Rune var her for å setja fokus på Vikebygd.  
-Vi har hatt folk innom som har vore interessert i tomter i Vikebygd, kunne Rune fortelja.

Nyleg vart opna 19 nye tomter i Vikebygd som utviding av Lio 2.  I flg. dagleg leiar i Tomteselskapet, Leon Dyngeland, har det vore fire seriøse førespurnadar på tomter i dette feltet til nå.  Dette teiknar godt for bygda.  Tomtene ligg i gangavstand frå butikk, skule, barnehage, bygdehus og kyrkje. Men også med ein ny flott leikeplass som nærmaste nabo.

Ei anna bygd som var i fokus var Bjoa.  Her stilte to ungdomsband opp og underheldt med musikk det var trøkk i.  Kulturhuset har eit svært bra lydanlegg, og med profesjonell styring av lys og lyd får ein det beste ut av dei som skal opptre her. 

Så står det att å sjå om det blir tomtekjøp og bygging for dei som har vore og sett på tomter i Vikebygd.  Mange er klar til å ynskja dei velkommen.


Ungdomar frå Bjoa underheldt på romjulsmessa.
Les meir i Grannar, her.

Grøn Jul
Ei v
åt julefeiring i Vikebygd
Grøn jul
(26.12.2011 SteinarS)  Det kom litt snø og kulde i adventstida, men vêret snudde om før jul.  Både juleafta og juledagane har det vore mildvêr og regn i Vikebygd.  2. juledag viste termometeret 10 grader ute, og ein kunne undra seg på om det snart var tid for å ta fram grasklypparen og stussa plenen litt. 

Lengre nord på kysten var det stormen og orkanen Dagmar som herja.  Ein av dei verste stormane på Vestlandet på svært mange år. 

Litt merka ein nok og den i Vikebygd, men ikkje mykje. 

I år vart det nok liten grunn for borna til å prøva akeutstyret sitt om dei fekk slikt til jul. Likevel var det fleire som fekk høve til det då den nye leikeplassen i Vikebygd vart opna 18. desember

 

Stappfullt i Vikebygd kyrkje på Juleafta.
Familiegudsteneste Juleafta, 24. 12, klokka 16:00

Aspirantane i korpset spelar under gudstenesta.Mest imponerte aspirantane som hadde fått sine første instrument utdelt i September i år, og som stilte opp og framførte "Bjelleklang" heilt åleine.

Det er eit stort korps i Vikebygd, med musikkarar i alle aldrar.  Dei fleste har spela i mange år og er svært dyktige under leiing av Andreas Ulveraker.  Sokneprest Bjarne Hjelvik måtte saman-likna korpsmusikken med Bytunet når han skulle rosa dei.  Kyrkjelyden i den fullsette kyrkja applauderte godt for å visa at dei sette pris på korpset si deltaking og musikalske innslag. 

Arne Tveit spela kyrkjeorgel i lag med korpset på nokre musikkstykke.  Her var også andre innslag der Marie og Astrid Mortveit song duett til musikk av Arne Tveit på piano.  Helge Veastad framførte etterpå: "Mitt hjerte alltid vanker," på sologitar i samspel med kyrkjeorgelet.

Gudstenesta var ei flott innleiing til julehøgtida - der folket kunne køyra heim til lyden av klokkene som ringde jula inn klokka 17:00.

God Jul til alle i Vikebygd. 

Vikebygd Kyrkje
Ljosmesse 18.desember

(18.12.2011 SteinarS)  I mange år har det vore tradisjon for Vikebygd med ljosmesse i desember.  Søndagskvelden den 18. 12. tok folk igjen ut frå heimane og samlast i kyrkja.  156 deltakarar kunne Brit Nelly telja opp.  I sentrum stod speidarane og konfirmantane.  Soknepresten kom inn med eit stort ljos.  Ljoset vart delt med ei gruppe speidarar som vart sende ut med sine ljos.  Desse spreidde seg til fleire og fleire.  Så kom dei inn. Ei lang rekkje med speidarar toga så inn i den mørklagde kyrkja.  Kvar med sitt levande ljos.  Til saman gjorde dei det ljosare i kyrkja. Slik den glade bodskapen vert spreidd ut i verda.
Den fekk speidarar, konfirmantar og prest vera med og dela i kyrkja denne kvelden.  I tekstlesing, song og deltaking.


 

 

Plantene forvirra
Krøll med klima og årstider
Foto:  Roald Årvik(31.12.2011 Roald Årvik) På den siste dagen i året så har Snøsløyfa Iberis Sempervirens byrja å blome, ei mengde knoppar ligg klar til å skyte ut til ein blome.

Snøsløyfa blomar vanlegvis i april/mai. 

 
 

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2011 ser du her.


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
FOTOALBUM frå Vikebygd

Andre nyhende:

Full kyrkje på juleafta
Ljosmessa i kyrkja
Opning av leikeplassen i Lio
Prisar og stipend i kommunen
Desember og julebord
Framleis butikk i bygda
Tenning av lys på julegrana
Julemesse med fullt hus
19 nye tomter på Liofeltet
Globalaksjonen 9.11.2011
Konsert i Skjold Kyrkje
Klokkargarden butikk
Krinsmeister og Fotballfest
Inspirasjon til trusopplæring
50-års jubileum
Bedehus og basar
Kyrkjevalet
Kommunestyrevalet
Litt frå Vikebygd
Sølv i Norway Cup
Dåp med Himmelen som tak
Bob Dylan, Aadland og Bytunet
Bryllaup i parken
Vikebygdfestivalen
Amerikabesøket
Tur til Fossane
Kyrkje vedlikehaldet
Tankar om ...
Sal av Gamleskulen?
Norsk-Amerikanere på besøk
Vikestølsmøtet
Nye tomter i bygda
Midtsommarsfeiring
Dugnad i båthamna
Butikken til sals
Nye Vikebuar
Hårfagrerittet 2011
Konfirmasjon 2011
17. mai-feiring 2011
Motorcrossbane i motvind
Byggjer leikeanlegg på dugnad
Den 17. Vikesprinten 1.mai
Vikeputten - 700 spelarar
Skogbrann i Vikebygd
Mini-konsert med korpset
Bedehusbasaren
Påskelotteri og minikonsert
Innviing av orgel i Skjold kyrkje
Idrettslaget - val av styre
Ny CD med Tom Roger
Vikebygd Vassverk - årsmøte
Skjoldar-jentene vann
Kulturettermiddagen
Korpset treng folk
Heiderspris på årsmøte
Motorbåtforeininga
Elg i Årvik
Kyrkeleg nominasjon
Kraftproduksjonen i gong
Nominasjon til lokale val
Speidarbasaren
Kommuneplanen
Idretten i Vikebygd
Stadnamn for Vikebygd
Sogeskrift for Vindafjord
Brann i hytte i Vikebygd
Nyttårsbarnet
Godt Nytt År 2011
Frå ÅRET 2010
 

Vikebygd i Media:

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo:

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 111. Vikestølsmøtet 2011 
Boka om Vikestølen på nett. 

Kultur - Historie:

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat

800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd

VINDETREET sogeskrift

   Det skjedde i året: 
2006
2007
2008
2009 
2010

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

 

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.org
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.


Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. 

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org