Vikebygd - klkk her for å gå til framsida
Næringsliv   -    Landhandel     -      Skule og Barnehage      -      Kyrkja    -      V.I.L     -      Orientering     -     Speidarane     -     Laurdagsklubben -     Kyrkjebladet Hyrdingen

Lokale tenester

Vikebygd nytt:

vikebygd.org

Finn: TAXI eller FRISØR

ORD FOR DAGEN     Skulekalenderen 2011.     Vêrvarsling  Søndagstipset

Sida er sist endra 06. okt. 2011

Lokale websider
VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball
Lokale Bedrifter
Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Kvamme Sag
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Bente T. Barane's Herbalife
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

BEDEHUS OG BASAR

Vikebygd Bedehus
God gammaldags basar 

Modgunn Brynjelsen takkar for basarpenger til misjonen.(7.10.11)  Fredags kvelden var det invitert til basar på bedehuset. Slik foreiningar og bedehus har drive med i fleire generasjonar.  Kvinner som samlast jamleg til foreiningsmøte. Strikkar, syr, deler eit bibelord og nytt frå misjonen, -og sjølvsagt med kaffi og mat til drøsen.  Når dei har fått nok gevinstar så er tida inne basar med loddsal og årar.  Gevinstane heng på snorer langs veggene eller ligg på eit bord framme. Rundt borda i salen set unge og gamle. Ja, for det meste ei blanding av oldeforeldre og oldeborn. Nokre besteforeldre, men heller få av dei midt på treet, dei vaksne i foreldregenerasjonen. Litt over 40 er dei til saman denne kvelden som regn og vind piskar mot vindaugo i bedehuset.

I kveld var det Normisjon som pengene skulle gå til. Predikanten, Modgunn Brynjelsen, fortalde frå misjonsarbeidet før ho tok fram bibelen og delte ordet.  Fortalde om han som såg fuglane under himmelen og liljene på marka.  Han som såg menneska og møtte dei i deira daglege situasjon.  Etter andakten kom maten på bordet.  Skive med egg og sild er standard på basar.  Rundstykke med ost og skinke høyrer også med, før fata med påsmurde lappar, kringle og sjokoladekake går rundt.

Martha Tveit entrar talarstolen og rettar på mikrofonen.  "Nå blir det eitt åresal," seier ho.  "10 kroner åra." Drøsen går ennå over kaffikoppen, så den eine og andre av dei eldre må spørja: "Kva sa ho?"  Men så kjem åreseljarane.  Store og små sørgjer for å få kjøpt seg denne trepinnen som vi hugsar frå helseundersøkingane på barneskulen.  Då doktoren bad oss gapa opp og seia AAAA.  PC'en til Jens syner nummeret som har vunne

Men her var det ingen som skulle gapa høgare enn dei alt gjorde.  På trepinnane, eller årane som dei kallast, står 5 tal nedover.  I basaren sin barndom såg årane ut som verkelege årar og så var det å trekkja lappar med tal frå ei vaskebøtte.  Men det var før.  Nå tar Jens fram PC'en sin og startar opp.  Trykkjer på ein knapp og eitt tal kjem fram på skjermen.  "Ett tusen sekshundre og sytti to." Jo, det er ein som har rett nummer.  Ein etter ein av gevinstane finn nye eigarar.  Men ikkje alle er til stades.  "Den kan eg ta," ropar då ein eller annan.  Så har dei ærend til å vitja naboen i helga.  Det er populært det.  Rett før klokka ni er det slutt på alle gevinstane.  Det er trekt både på årane og i loddbøkene.  Flokken reiser seg, bed Fadervår i kor, og takkar for laget.  Det er tid for nokre til å gå heim og for andre til å rydda.

Ein tradisjonell basar er over og misjonen får pengar til sitt gode arbeid.  Basar har noko særskilt med seg.  Det er kjekt å koma - og det synes borna og.

 
 
 
 
 

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2011 ser du her.

....Vikebygd.org...


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
FOTOALBUM frå Vikebygd

Andre nyhende:

Bedehus og basar
Kyrkjevalet
Kommunestyrevalet
Litt frå Vikebygd
Sølv i Norway Cup
Dåp med Himmelen som tak
Bob Dylan, Aadland og Bytunet
Bryllaup i parken
Vikebygdfestivalen
Amerikabesøket
Tur til Fossane
Kyrkje vedlikehaldet
Tankar om ...
Sal av Gamleskulen?
Norsk-Amerikanere på besøk
Vikestølsmøtet
Nye tomter i bygda
Midtsommarsfeiring
Dugnad i båthamna
Butikken til sals
Nye Vikebuar
Hårfagrerittet 2011
Konfirmasjon 2011
17. mai-feiring 2011
Motorcrossbane i motvind
Byggjer leikeanlegg på dugnad
Den 17. Vikesprinten 1.mai
Vikeputten - 700 spelarar
Skogbrann i Vikebygd
Mini-konsert med korpset
Bedehusbasaren
Påskelotteri og minikonsert
Innviing av orgel i Skjold kyrkje
Idrettslaget - val av styre
Ny CD med Tom Roger
Vikebygd Vassverk - årsmøte
Skjoldar-jentene vann
Kulturettermiddagen
Korpset treng folk
Heiderspris på årsmøte
Motorbåtforeininga
Elg i Årvik
Kyrkeleg nominasjon
Kraftproduksjonen i gong
Nominasjon til lokale val
Speidarbasaren
Kommuneplanen
Idretten i Vikebygd
Stadnamn for Vikebygd
Sogeskrift for Vindafjord
Brann i hytte i Vikebygd
Nyttårsbarnet
Godt Nytt År 2011
Frå ÅRET 2010
 

Vikebygd i Media:

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo:

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 111. Vikestølsmøtet 2011 
Boka om Vikestølen på nett. 

Kultur - Historie:

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat

800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd

VINDETREET sogeskrift

   Det skjedde i året: 
2006
2007
2008
2009 
2010

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

 

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.org
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.


Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. 

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org