SPEIDARANE arrangerte
GLOBALKAFÉ PÅ BEDEHUSET
ONSDAG 9. NOV KL. 18.00 – 20.00
Det
vart trongt om plassen rundt borda på bedehuset. Speidarane er mange. Med
familiemedlemer til kvar av dei og nokre andre bygdefolk i tillegg, fyltes
lokalet av folk som ville ha kaffi, boller og kaker. Speidarane hadde også
sketsjar og leiker, der også nokre av foreldra måtte vera med.
Småspeidarane var også ein runde på husdørene med bøsser
mellom klokka 17 og 18:30. Dei samle inn til KFUK/KFUM Speidarane sin Globalaksjon.
Denne går i år til skulebygging på Madagaskar.
Globalaksjonen
støttar foreldrelause, gatebarn og born frå fattige familiar på Madagaskar. Du
kan vera med på å gi barna skolegang, et varmt, daglig måltid og helsetilbod.
I år går pengane til KFUK og KFUM sitt arbeid i slummen ved hovudstaden
Antananarivo på Madagaskar, kor både KFUK og KFUM driv heilskaplege skuletilbod
for de aller fattigaste. Prosjektet stør også bygging av ein ny skule som skal
drivast av KFUK. Gjennom Globalaksjonen gir du born og unge framtidsvon. Tusen
takk for di støtte!
Les meir om
aksjonen her. |