Desember og julebordsmånad
(11.12.2011
SteinarS) Det har vorte ein tradisjon i Noreg med julebord første
del av desember. Det er ikkje berre i julehelga at ein kan feita
seg opp
lengre. På Gamlatunet er det inkje unntak. Jakob Rødde har hatt
fleire julebord kvar veke.
Bonden med garden sin midt i bygda har synt at
han kan meir enn å stella jord og dyr. Det er berre godord å høyra om
maten som vert servert i dette gamle bygget han har restaurert, noko som ga han
kommunen sin byggjeskikks pris for nokre år sidan. Her er bibliotek, kafe
og selskapslokaler. - I helga har eg avløysar, men midt i veka blir det travelt,
seier Jakob som både må passa på dyra i fjosen og grytene på kjøkkenet.
Tilsette i barnehage og
skule i Vikebygd valde også i år å samlast til julebord her 9. desember.
Pinnekjøt og riskrem var på menyen. Eit julebord kanskje litt utanom det
vanlege, likevel? Her var mange innslag som ga god stemning og trivsel
utover kvelden.
Allsong og konkurransar var mellom
aktivitetane, men også godord, gåve og song til Kjetil Andre som nå avsluttar
eit år med sivilteneste i barnehagen.
Dei visste å
laga til eit arrangement med høg trivselsfaktor, der også den betre halvdel fekk
vera med. Så klarer Jakob å få plass til omlag eit tredvetals vaksne til
middag i same stova. Ein sit tett på kvarandre, noko som berre gjev ekstra
god stemning og høve til å verta godt kjende med kvarandre.
Julebordet her minner meg om
juleselskapa som ein hadde då eg var liten. Ikkje uvanleg at naboar vart
inviterte til å koma saman i ei av dei små stovene. Husa hadde ofte to
stover. Her var det rigga til med langbord i U langs veggene. Store
og små sessa seg langs borda og det kunne vera retteleg triveleg. |