Vikebygd - klkk her for å gå til framsida
Næringsliv   -    Landhandel     -      Skule og Barnehage      -      Kyrkja    -      V.I.L     -      Orientering     -     Speidarane     -     Laurdagsklubben -     Kyrkjebladet Hyrdingen

Lokale tenester

Vikebygd nytt:

vikebygd.org

Finn: TAXI eller FRISØR

ORD FOR DAGEN     Skulekalenderen 2011-2012.     Vêrvarsling  Søndagstipset

Sida er sist endra 22. sept. 2012

 

Kyrkjejubileum i Vikebygd.  75 år:     1937 -  2012

 
  Helge Veastad imponerte publikum då han saman med Arne Tveit framførte fleire musikk-stykke på el-gitar i kombinasjon både med el-piano og kyrkjeorgel, der det heile toppa seg
då resten av orkesteret kom med på gitar, bass og slagverk i siste del.
 
VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball
Lokale Bedrifter
Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Kvamme Sag
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Bente T. Barane's Herbalife
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

Klikk på plakaten over for
å sjå den i stort format

Jubileum i Vikebygd kyrkje
Spenstig kyrkjekonsert fredag

Helge Veastad
Helge Veastad imponerte publikum då han saman med Arne Tveit framførte fleire musikkstykke på el-gitar i kombinasjon både med el-piano og kyrkjeorgel, der det heile toppa seg då resten av orkesteret kom med på gitar, bass og slagverk i siste del.

Arne Tveit Arne, som både er arkitekt, musikar og kyrkjeorganist brukar mykje tid på musikk i Vikebygd, og er med i mykje av det som skjer av arrangement, men også ungdomsarbeid.  Arne Tveit og  Helge Veastad har funne tonen i lag der dei ofte samlast til øving og samspel på loftet hos Helge.  Flott at også bygda kan få glede seg over musikken dei skaper saman.

 

 


Lina, Lene og Inger
Lina Fisk Eide, Lene Liodden og Inger Karlsen fylte kyrkja med vakker song

Vegard Skartland både som vokalist og musikar i korpset. Her saman med Inger Sundve.75-åringen vart fylt med moderne tonar då ei rekkje dyktige musikarar spela opp.  I kyrkjebenkene sat omlag 165 tilhøyrarar (Av desse var 135 betalande og resten ulike aktørar), ikkje berre frå Vikebygd men mange også frå nabobygdene.  Vikebygd Skule- og Ungdomskorps fekk æra av å opna konserten. -Nå ser eg at dei ber namnet sitt med rette, sa Britt Nelly Ness Tveit, som var konferansier og presenterte musikarane.  Korpset har rekruttert og fått mange nye unge musikantar med.

Film - frå konserten.
Gro Marit og band delte mange flotte songar med oss i kyrkjekonserten.

(Filmen til venstre kan ta litt tid å laste ned før start, men det er vell verdt å vente på...!)
 


Marie Mortveit framførte, som den første solisten: This is my life.
- Når dei øvde i går kveld så tenkte eg, wow er den songen så fin?
var orda Brit Nelly introduserte henne med.

Sunniva og Iselin med orkester
Orkesteret: Arne Tveit (tangentinstrument),  Knut Ståle Storesund (bass),  Berge Thomas (trommer), Alf Helge Sæter (gitar).  Vokalistar:  Sunniva Tveit og Iselin Eidhammer Tveit




Gro Marit M. Larsen & Kjetil Ohm
Deltakarar med song og musikkk:
Vikebygd Skule- og Ungdomskorps
Astrid og Marie Mortveit
Vegard Skartland
Sunniva Tveit og Iselin Eidhammer Tveit
Lina Fisk Eide, Lene Liodden og Inger Karlsen
Helge Veastad og Arne Tveit
Kjetil Ohm &
Gro Marit Messmer Larsen m/band
Fleire bilete kan du sjå i eige fotoalbum, HER.

Kyrkjejubileet 15. - 23. september 2012
Fullt hus på "Sprell levande gudsteneste" 16. sept.

(16.9.12 SS)  Det var fullt på parkeringsplassen ved kyrkja.  Born, ungdom og vaksne i alle aldrar fylte benkene i kyrkja.  Jubileumsveka har teke til.  Britt Karstensen leia gudstenesta på borna sine premisser.  Dei kom inn i ei lang rekkje, berande på frukt og grønsaker i korger.  Haustfest her på bygda er også å takka for den grøde jorda gjev.  Guds skaparverk som vi kvar vår får oppleva vaknar til liv. 

Framme i koret fekk borna syngja fleire songar for kyrkjelyden.  Det kom ingen stiv tale frå preike-stolen.  Britt, Kjersti, Brit Nelly og Lina framførte bibelforteljinga om søstrene Marta og Maria som fekk besøk av Jesus.  Borna sat på golvet heilt framme.  Jo, vi må ta tid til å lytta til Jesus.  Seinare fekk 4-åringane Bibelen og 15 konfirmantar vart presenterte.  Les heile artikkelen her.     (Sjå programmet for veka her.) 

Besøk av 4-åringane
Laurdag 15.9 var alle 4-åringane på besøk i kyrkja. Her fekk dei vera med heilt opp i tårnet og høyra kyrkjeklokkene.  Britt fortalde om dåpen.  Etter bollar og saft laga dei teikningar som skal få hengja i kyrkja denne veka.

 

75 års dag
Inviterer heile bygda på fest

Kyrkja i Vikebygd fyller 75 år den 23. september.  Soknerådet steller til stor feiring med middag på Bygdahuset denne søndagen.  Dei vonar at mange vel å ta søndagsmiddagen der denne dagen. 

Men før denne dagen så skal det vera markering av jubileet ei heil veke. Sjå programmet - og bli med på det som skal skje i kyrkja denne veka.  Her er noko for store og for små. (Klikk på plakaten og sjå den i stort format).  Programmet:

Laurdag 15.09 kl. 15.30-17.00
4-åringane vert invitert til bli-kjent dag i kyrkja
Søndag 16.09 kl. 11.00
Sprell levande gudsteneste/haustakke fest ved kateket Britt Karstensen. Utdelinga av bibel til 4-åringane og presentasjon av konfirmantane
Kyrkjekaffi
Torsdag 20.09 på dagtid
Kyrkjevandring for barnehageborn og skuleelevar
Fredag 21.09 kl. 19.30
Konsert med lokale krefter
.  Bilettsal.
Søndag 23.09 kl. 11.00
Festgudsteneste
ved sokneprest Johannes Nedrelid og prost Arne Øystese
Søndag 23.09  Etter gudstenesta vert det festsamling på Bygdahuset
med sal av middag, kaker og kaffi.

 
Nytt høvet til å oppleva kunsten
Skuleborna stiller ut i kyrkja denne veka

(15.9.12 SS)  Elevane på Vik skule har teikna, måla, fotografert og forma modellar og måleri av kyrkja som nå feirar 75 år.  Heile komande veke vil dette vera utstilt i kyrkja slik at alle kan få sjå dette når dei kjem på dei ulike jubileumsarrangementa.  Sjå programmet her.  Noko av dette er lagt ut på internett her på vikebygd.org, men skikkeleg oppleving av kunsten kan du berre få ved å koma til kyrkja.  Takk til born og skule for eit godt arbeid.   Meir info.

       
 
 
 
 

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2012 ser du her.


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
FOTOALBUM frå Vikebygd

Frå tidlegare

Kyrkjekonserten
Kvinneforeining
Sprell levande
Kyrkjejubileum
Fv 734 Vikebygd-Isvik
Aktivitetsdagen med idrett
Vikestølsmarsjen 2.9.12
Tur til Trodlafjellet
Hagl og snø i slutten av juli
Galleri Vik med ny utstilling
Vikebygdfestivalen
Fjelltur
Vikestølsmøtet 8.juli
KFUK-M Krinsleir i Vats
St. Hans feiringa
Bygdamøte 22.6.12
Galleri Vik stiller ut
Hårfagrerittet 2012
Tur til Langåsdalen
17. mai feiringa
Konfirmasjon
700 born på Vikeputten
Kalking med helikopter
Vikebuen med hjartestartar
Turar i Vikebygd
Rivinga av skulen
Årsmøte i Idrettslaget
Speidarbasaren
Digitale politikarar
Vekst i Laurdagsklubben
Idrettslaget får midlar
Gamle Skulen si framtid
Nyttårsfeiring
Full kyrkje på juleafta
Ljosmessa i kyrkja
Opning av leikeplassen i Lio
Prisar og stipend i kommunen
Desember og julebord
Framleis butikk i bygda
Tenning av lys på julegrana
Julemesse med fullt hus
19 nye tomter på Liofeltet
Globalaksjonen 9.11.2011
Konsert i Skjold Kyrkje
Klokkargarden butikk
Krinsmeister og Fotballfest
Inspirasjon til trusopplæring
50-års jubileum
Bedehus og basar
Kyrkjevalet
Kommunestyrevalet
Frå ÅRET 2011
 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 111. Vikestølsmøtet 2011 
Boka om Vikestølen på nett. 

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat

800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd

VINDETREET sogeskrift

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011

2012

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.org
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.


Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. 

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org