Søndagsskuleleiarane var samla til årsmøte i Skjold kyrkje.
(19.3.11 SS)
Frå nokre få born til over hundre! Det var utgangspunktet for
Bjørg Marit Notland sitt foredrag då 45 av leiarane i Karmsund-Sunnhordland Søndagsskulekrins
kom saman til
årsmøte i Skjold kyrkje laurdag 19. mars.
Her deltok også
fleire frå Vikebygd Laurdagsklubb, ein "søndagsskule" som vart starta
i 1923 av Harald og Bertin Alne. Gjennom åra har mange vore med i
arbeidet. Denne gongen tildelte søndagsskulekonsulent Elisabeth
Fauskanger, krinsen sin heiderspris til Steinar Skartland, for teneste i
søndagsskulen i over 30 år.
Ein av dei største krinsane i landet
Karmsund-Sunnhordland Søndagsskule-krins er ein av dei største i landet,
både
i barnetal og i leiarar. Krinsen, som har dobbelt så stor aktivitet som
Oslo krins, samlast til
årsmøte laurdag i
Skjold kyrkje. Krinsårsmøtet i Skjold
kyrkje
tok til med bibeltime av Per Hjemdal, sokneprest i Etne. Han tok utgangspunkt i
Peters fiskefangst. Dei mislukkast i arbeidet og fekk ikkje fisk den
natta. Jesus kom på stranda og bad dei halda fram litt til og prøva å kasta nota ut på andre
side av båten. Dei lydde hans ord, og fekk ein enorm fiskefangst.
Etter andakten hans
var det bønevandring og nattverd (om
søndagsskulearbeidet).
Kjersti
Hausberg Bjerga innvald i krinsstyret.
Kjersti Bjerga,
som er hovudleiar i Vikebygd nå, vart vald inn i krinsstyret for søndagsskulen
på dette årsmøtet. Ho har tidlegare vore varamann til styret.
Laurdagsklubben = søndagsskulen i Vikebygd.
I
Vikebygd er arbeidet på laurdagane og vert kalla laurdagsklubb. Den har
vorte svært populær
og 15-20 born er ikkje uvanleg på bedehuset klokka 15:30 annankvar laurdag.
Også denne laurdagen er klubben på plass. Kjersti har med seg ektemannen, bonden
og musikaren Jone Bjerga og Steinar Skartland. Elles har Lene Bjerga vore med i
periodar, og ho blir nok med igjen meir etter kvart nå.
Nye generasjonar er på veg inn i leiinga
av laurdagsklubben i Vikebygd. Fleire
tenåringsjenter er med som hjelpeleiarar nå. Saman ber dei vidare tradisjonen
som i Vikebygd tok til 21. oktober 1923. Starta opp av Harald og Bertin Alne.
Rebekka Alne ("tante Bekka") skreiv ned fylgjande om oppstarten:
"Efter en Læretid paa
Bibelskolen i Oslo, tok han (Harald) og Bertin Alne fat paa Søndagsskolen, og var Leder
til 1932. Rebekka Alne fra 1932." I oppstarten på 1920 talet deltok
61 born og 2 lærarar, medan det på 60-talet var 90 born i Søndagsskulen på
bedehuset i Vikebygd.
I
tillegg hadde Gudmund Tindeland søndagsskule på Årvik Bedehus på 60 talet medan
ei anna gruppe samlast på Øvrebø skulehus. Her skal ha vore omlag 20 born
med.
Mange har vore med i arbeidet.
Seinare
har mange delt på å ha søndagsskule i Vikebygd: Solveig Trodal Ekreim, Odd
Svendsen, Steinar Skartland, Annbjørg Veastad, Svanhild Lunde, Anders Sørhus,
Åse og Egil Eide, Vigdis Vågen, Oddbjørn Rannestad, Terje og Guri Bjørnevik,
Berit R. Skartland, Unn Sjo, Inger Alne, Sigrun Alne, Hilde Holsbrekken,
Margareth Nøkling, Nora Knutsen, Gunnvor Alne, Lene Liodden, Kjersti Bjerga og
Jone Bjerga. Laurdagsklubben ute i parken
|