Tradisjonell feiring
Flott oppslutning med korps, tog, gudsteneste og leiker
(17.5.11 SteinarS) Også denne
nasjonaldagen starta i Vikebygd med at 5 spreke vikebuar, under leiing av Roald
Årvik, tok turen opp til Trodlanibba og heiste flagget. Dei fleste andre
sov nok litt lengre, men det tar litt tid å få på seg bunad og stas. Nær
170 deltok på gudstenesta i kyrkja klokka 10, etter at dei hadde vore med
speidarar og korps for å heisa flagg i parken.
Flaggheising i parken kvart på ti, ved speidarane.
Tale ved Håvard Tveit. Vikebygd Skule- og Ungdomskorps spelar til.
Rett etter gudstenesta var det kransenedlegging og minnetale over dei sjøfolk
som fall under krigen, ved Steinar Skartland. Minnestunda var ramma inn av
korpset sin musikk og festkledde vikebuar.
Eit flott og stort tog gjekk frå kyrkja med flaggborg i spissen,
følgd av korpsmusikk, barnehage og skuleborn. Bakarst gjekk mange vaksne.
Tog gjekk via omsorgsbustadane og vidare til Bygdahuset. Her var leiker og
moro. Sjølvsagt vart det mykje pølser og is på borna ein slik dag.
Heile Arrangementet slutta av med premieutdeling klokka 14:30.
(Meir bilete blir lagt ut etter kvart på den sida.)
I slutten av denne vart Ingveig Skartland Svendsbøe heidra
for stor innsats og prestasjon innan idretten. På vegne av idrettslaget
kunne Tore Espeland (leiar i fotballgruppa) og Åge Holsbrekken (leiar i Vikebygd
Idrettslag) overrekke henne "Innsatspokalen" som idrettslaget gir til lokale
idrettsutøvarar som har utmerka seg spesielt og synt gode resultat innan
idretten. Du kan lese meir om idrettsinnsatsen hennar:
-portrett
av ein midtbanespelar frå Vikebygd (Skjoldar)
-på en salig
blanding av flybensin og silosaft
-nutastaven
2010 til Ingveig Svendsbøe
Ein tradisjon vart broten
Så lenge me vaksne kan hugsa så har Vikebygd arrangert familiefest med tale for
dagen, om kvelden 17. mai. Det er med bitte litt vemod ein registrerer at
nye generasjonar ikkje lengre ser det som sjølvsagt å stilla opp med ei slik
markering. Stadig færre er i live av dei som opplevde tragedien i det å
mista fridomen. Som mor mi sa om kvelden den 17: - Når folk gjekk langs
vegen på Sotra under krigen og møtte andre, så måtte dei haste vidare. Var
det meir enn to som stoppa opp og snakka saman, kom tyske soldatar og jaga dei.
Det var ulovleg med alle former for møte.
Dei
som veks opp i dag veit ikkje kva det vil seia å mista fridomen sin. Difor
bør vi nytta slike dagar og høve nettopp til å koma i saman i fred. Lytta
til talaren som minner oss om den tida som var utan fridom til å møtast, meina
og gjera. Minna kvarandre og nye generasjonar på at grunnlova vår ikkje berre er
ei av mange lover, men pantet på fridomen og grunnlaget for det styresett vi har
i landet vårt. Eit styresett som tillet alle å ta del. Demokratiet -
det må vi aldri støyta i frå oss.
"Spør ikkje kva landet kan gjera for deg, men spør kva du kan
gjera for landet ditt."
Ein flott dag
Vi hadde ein flott dag i Vikebygd. Ein dag der
mange stilte opp for å ta del i feiringa. Nye generasjonar må få feira
dagen på sin måte. Eller som ein far sa då barnet spurte: - Kven er det
som har fødselsdag? - I dag har alle fødselsdag, svarte faren. - Det er
Noreg sin fødselsdag.
Vi hadde ein flott dag. Tusen takk til alle som stilte opp
på kjøkken, med musikk, med leiker, pynting og mykje meir. De gjorde ein
kjempejobb - og vi fekk visa borna at dette er ein dag med glede og smil.
Og takk for flagget på Trodlanibba. Det er vårt varemerke.
|