Lokale websider
|
|
VISIT
VIKEBYGD |
|
VINDETREET sogeskrift |
|
Alne
Villsau - Vikebygd |
|
Vikebygd
Vassverk |
|
Vikebygd
Kyrkje |
|
Vindafjord
kommune |
|
Vik skule og barnehage |
|
Bjordal
Kurs og Fritid |
|
Plassabakeriet |
|
Bente
T. Barane's Herbalife |
|
Bjoanett |
|
Info.
frå Regjering
og departementet |
|
Bygda
Vikebygd |
|
Bedriftene
i bygda |
|
Frøken
Vims |
|
Fotoalbum |
|
BYGDA
VÅR |
Lag
og foreningar
|
|
Lions
Club Vikebygd - Skjold |
|
KFUK-M Speidarane |
|
Vikebygd
Idrettslag |
|
Orienteringsgruppa |
|
Kvamsåsen
Rundt løpet |
|
Vikebygd
I.L Fotball |
Lokale
Bedrifter
|
Skartland
Trevirke
Joker
Fitness Club - Trening
Jakob
Rødde - Gamlatunet
Gangstø
Transport
Ålreit
Ålfjordsenteret
Dommersnes
& Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd
Landhandel AS
Bjordal
kurs og fritid
Kvamme
Sag
Alne
Villsau
Ølen
Trevare
Vikebygd
Vassverk
Bente
T. Barane's Herbalife
BEDRIFTENE
I BYGDA
Reg.
føretak i Vikebygd |
Årvisse
arrangement
|
Vikeputten
Arrangert 24. april
2010 |
Fotballturnering som samla heile 69 lag i 2010 (59 i 2009) og hundrevis
av born frå heile distriktet, til ein dag med fotball-kampar
frå morgon til kveld
Fotoalbum frå Vikeputten 2010
Fotoalbum frå Vikeputten 2009
LES MEIR HER
|
Vikesprinten
Sist arrangert 1.mai 2010
|
Orienteringsløp
for Haugalandet og Sunnhordland med 150 deltakarar.
LAURDAG 1.mai-10
Les HER
Reportasje/resultat 2009: HER.
|
17.
mai festen |
Flaggheising
på Trodlanibba og i parken, gudsteneste i kyrkja,
kransenedlegging, folketog, leikar, talar og ikkje minst folkefesten i
slutten av dagen.
Vikebuen er på beina frå morgon til kveld.
Nasjonaldagen 2010 |
Vikestølsmøtet
4. juli 2010 |
Årleg
tradisjon frå år 1900. Enten siste
søndag i juni eller første søndag i
juli blir det arrangert stemne på
Vikestølen. Her samlast folket frå det
fem kyrkjesokna Vikebygd, Bjoa, ølen, Skjold og Vats, men
også frå andre bygder og byar.
Vikestølsmøtet 2010
Les 100 år på Vikestølen her |
Vikebygd Festivalen
sist arrangert: 24. juli 2010 |
Årleg tradisjon der utstillarar kjem med saft, bær, brukskunst og anna. Her er tivoli og stor fiskekonkurranse.
Festivalbilete frå 2010 HER
Festivalbilete frå 2009 HER
Les meir her
|
Vikestølsmarsjen
sist arrangert: 5 sept. 2010 |
Første
søndag i september arrangerer idrettslaga i Bjoa og Vikebygd
ein familiemarsj eller utflukt til Vikestølen. Her
kjem dei i alle aldrar og deltakarane får diplom.
På stølen er det matsal, konkurransar og utlodding
til inntekt for hytta.
Vikestølsmarsjen sept. 2010 |
Familieidrettsdag erstatta Kvamsåsen Rundt
Arrangert: 2. okt. 2010 |
Slutt for tradisjonsløpet Kvamsåsen Rundt, men ny
giv med 'familieidrettsdag'.
Les meir frå 2010 HER.
Ein familieidrettsdag erstattar frå 2010 av det tradisjonsrike løpet. Bildearkiv
2009 HER.
Kvamsen-Rekordar HER.
|
|
|
Idretten i
Vikebygd
|
John Magne Svendsbøe utfordrar igjen:
Lyst til å setja løyperekord frå kaien i Vik til Vikestølen?
(28.12.2010 Klubben Online: Jon Magne Svendsbøe)
-Kanskje blir det eit motbakkeløp under Vikestølsmarsjen i 2011 frå kaien i Vik til Vikestølen, skriv Jon Magne Svendsbøe på Idrettslaget si web side. Han utfordrar alle idrettslege personar i Vikebygd til å prøvespringa og vera først ute med løyperekord.
-Send tida du brukar frå ytterst på kaien til du tek i husveggen på Vikestølen til tlf. 48 18 84 30, så blir tida
lagt ut på nettsida, utfordrar Jon magne.
Nå er utfordringa: -Førstemann til Vikestølen!, skriv han og presenterer sin eigen løyperekord: 52 min i 25 cm snø andre juledag 2010.
Les heile saka..... |
Spel og tipping gir pengar til lokallag
Grasrotandelen ga Vikebygd I.L. 30901 kroner i 2010(8.1.2011 Steinar)
Alle dei som leverer inn tippekupongar eller andre
kupongspel til Norsk Tipping kan registrere seg for at inntil 5% av det dei betaler skal gå til eit lag eller organisasjon som er registrert i
frivillighetsregisteret i Brønnøysund. I 2010 var det 113 som hadde sett opp at Vikebygd Idrettslag skulle få desse pengane. På denne måten sikra
dei kr 30.901,- som kjem V.I.L. tilgode. Bjoa Idrettslag fekk 21.601 kroner og I.L. Skjoldar fekk 62.480.
I alt var det 25 lag i Vindafjord som fekk litt av
Grasrotandelen, totalt kr 317.599,-, frå i alt 1196 spelarar. På
landsbasis var det totale beløpet 264 mill. kroner. Men om alle spelarar
gjekk inn på internett og registrerte seg for Grasrotandelen ville det totale
beløpet vore 200 millionar kroner høgare. Då ville truleg Vikebygd I.L.
fått 50-60000 om ein reknar dette prosentvis.
Les om
Grasrotandelen eller sjå ein film
Søk opp lag som kan få grasrotandelen |
Vollyballgruppa i Idrettslaget inviterer til -->
Vollyballtrening
for gutar og jenter frå 7.kl – ..og oppover
….er det vaksne som har lyst til å læra å spela volleyball, er desse også
hjarteleg velkomne.
Fyrste trening blir:
ONSDAG 2.februar kl 19:30 - 20:30
…..og trenar blir Alf Inge Solheim m.fl.
Vollyballgruppa håpar mange har lyst å komma….
Elles er det
Vollyballtrening for damer og herrar på Vikebygd Bygdahus onsdagar kl. 20:30
- 22:00. |
ELG i Skreå?
(5.2.11) -Det er i det siste observert tydelige
elgspor både i Skreå og ved Vikestølen frå fleire uavhengige og pålitelige
kjelder, fortel Einar Martinsen som trur dette mest sannsynlig dreiser seg om
eit streifdyr.Det hadde vore artig med eventuelle tilbakemeldingar til
vikebygd.org om nokon oppdagar dyr eller spor etter dette. Send tips eller
bilete av observasjonar til:
tips@vikebygd.org |
Kunngjering:
ÅRSMØTE
Det blir årsmøte i Vikebygd Idrettslag 28.02.2011 kl.20.00 på Klubbhuset. Saker
ein ynskjer å ta opp på årsmøtet må meldast til styret innan måndag 14.februar.
Les saksliste og innkalling
HER.
Alle medlemmer over 15 år som har betalt medlemskontingent for 2010 har
stemmerett. Vel møtt! -Styret-Les meir på
idrettslaget si web-side,
HER. |
Orienteringsløpa
tek til igjen
(9.2.11) Terminlista for løp i Grannekarusellen, Nærløpskarusellen og kretsløpa i Rogaland klar, står å lesa på
orienteringsgruppa si web-side.
Ei rekke løp er lagde til Vikebygd kor ein nyttar både sentrum, Fosselslia-Skreå,
Malasetvatnet, Toraneset, Årvikmarka og Svendsbø-Øynå. |
|
|
|
|