Kyrkjelege val same dag som kommune og
fylkestingsvalaa
Nå startar sokneråda sin nominasjon
(28.2.11 SS)
Starten for den politiske
organiseringa av landet med kommunestyre, var kyrkja si inndeling i prestegjeld.
Kyrkjelege organ og prestane hadde i tidlegare tider mykje av ansvaret for
organisering og styring av landet. Med
formansskapslovane
frå 1837 vart Noreg inndelt i 392 geografiske område med basis i prestegjelda.
I
vår tid har ikkje kyrkja noko ansvar eller rolle i den politiske styringa
lengre. Kommunane har rett nok eit ansvar for å finansiera kyrkjebygg,
kyrkjegardar og stillingar som kantor (organist), kyrkjetenar, klokkar,
kyrkjeverje osb, men utover det så styrer kyrkja seg sjølv på lokalplanet.
Dette i form av sokneråd som har ansvaret for livet (aktiviteten) i kyrkjelyden
og eit fellesråd for heile kommunen som har ansvar for alle kyrkjebygg,
kyrkjegardar og som arbeidsgjevar for dei tilsette utanom soknepresten.
Soknerådet i Vikebygd er sett saman av seks valde medlemar og i tillegg
soknepresten. Det er fem varamedlemar som er valde frå soknet, slik at det
skal veljast 11 personar. Det er viktig at desse har brei kompetanse (erfaring
og bakgrunn) for å løysa dei mange oppgåvene som ligg til rådet.
Nå treng
kyrkja mange villige.
I Vikebygd tek soknerådet nå til med å spørja folk til å stå på valliste.
Å bli spurt om dette er ei ære. Å få ei slik tillit bør resultera i eit
JA. Lista bør ha mange fleire namn enn dei som skal veljast, slik at det
er dei som røyster som avgjer kven som skal få plass i rådet.
Denne
gongen blir det ekstra interessant å få vera med. Kyrkja i Vikebygd feirar
75 års dag i 2012. La det bli ein fest for heile bygda! Skulle det
vera slik at du har lyst til å vera med og stilla deg til disposisjon for ein
periode i soknerådet, så gi eit vink til ein av dei som i dag sit i soknerådet.
Det blir motteke med stor glede. Kravet for å stå på liste er at du er
medlem av den norske kyrkja og at du har fast bustadadresse i Vikebygd.
Her er
ingen politiske parti - men mange gode Vikebuar som vil vera med og ta ansvar
for kyrkja i bygda og den aktiviteten som skjer i og rundt dette vakre bygget.
Dei
som sit i soknerådet i dag er:
Brit Nelly Ness Tveit (leiar), Dag Hans Nagel-Alne (repr. i Fellesrådet),
Steinar Skartland, Ellen Skretteberg, Rolf Alne og Berge Thomas Velde. 1.
varamann er Jenny Svendsbøe. Sokneprest Johannes Nedrelid er fast medlem og
ikkje på val.
Kor mange
som tek attval er ikkje avklart ennå.
|