Lokale websider
|
|
VISIT
VIKEBYGD |
|
VINDETREET sogeskrift |
|
Alne
Villsau - Vikebygd |
|
Vikebygd
Vassverk |
|
Vikebygd
Kyrkje |
|
Vindafjord
kommune |
|
Vik skule og barnehage |
|
Bjordal
Kurs og Fritid |
|
Plassabakeriet |
|
Bente
T. Barane's Herbalife |
|
Bjoanett |
|
Info.
frå Regjering
og departementet |
|
Bygda
Vikebygd |
|
Bedriftene
i bygda |
|
Frøken
Vims |
|
Fotoalbum |
|
BYGDA
VÅR |
Lag
og foreiningar
|
|
Lions
Club Vikebygd - Skjold |
|
KFUK-M Speidarane |
|
Vikebygd
Idrettslag |
|
Orienteringsgruppa |
|
Kvamsåsen
Rundt løpet |
|
Vikebygd
I.L Fotball |
Lokale
Bedrifter
|
Skartland
Trevirke
Joker
Fitness Club - Trening
Jakob
Rødde - Gamlatunet
Gangstø
Transport
Ålreit
Ålfjordsenteret
Dommersnes
& Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd
Landhandel AS
Bjordal
kurs og fritid
Kvamme
Sag
Alne
Villsau
Ølen
Trevare
Vikebygd
Vassverk
Bente
T. Barane's Herbalife
BEDRIFTENE
I BYGDA
Reg.
føretak i Vikebygd |
Årvisse
arrangement
|
Vikeputten
Arrangert 24. april
2010 |
Fotballturnering som samla heile 69 lag i 2010 (59 i 2009) og hundrevis
av born frå heile distriktet, til ein dag med fotball-kampar
frå morgon til kveld
Fotoalbum frå Vikeputten 2010
Fotoalbum frå Vikeputten 2009
LES MEIR HER
|
Vikesprinten
Sist arrangert 1.mai 2010
|
Orienteringsløp
for Haugalandet og Sunnhordland med 150 deltakarar.
LAURDAG 1.mai-10
Les HER
Reportasje/resultat 2009: HER.
|
17.
mai festen |
Flaggheising
på Trodlanibba og i parken, gudsteneste i kyrkja,
kransenedlegging, folketog, leikar, talar og ikkje minst folkefesten i
slutten av dagen.
Vikebuen er på beina frå morgon til kveld.
Nasjonaldagen 2010 |
Vikestølsmøtet
4. juli 2010 |
Årleg
tradisjon frå år 1900. Enten siste
søndag i juni eller første søndag i
juli blir det arrangert stemne på
Vikestølen. Her samlast folket frå det
fem kyrkjesokna Vikebygd, Bjoa, ølen, Skjold og Vats, men
også frå andre bygder og byar.
Vikestølsmøtet 2010
Les 100 år på Vikestølen her |
Vikebygd Festivalen
sist arrangert: 24. juli 2010 |
Årleg tradisjon der utstillarar kjem med saft, bær, brukskunst og anna. Her er tivoli og stor fiskekonkurranse.
Festivalbilete frå 2010 HER
Festivalbilete frå 2009 HER
Les meir her
|
Vikestølsmarsjen
sist arrangert: 5 sept. 2010 |
Første
søndag i september arrangerer idrettslaga i Bjoa og Vikebygd
ein familiemarsj eller utflukt til Vikestølen. Her
kjem dei i alle aldrar og deltakarane får diplom.
På stølen er det matsal, konkurransar og utlodding
til inntekt for hytta.
Vikestølsmarsjen sept. 2010 |
Familieidrettsdag erstatta Kvamsåsen Rundt
Arrangert: 2. okt. 2010 |
Slutt for tradisjonsløpet Kvamsåsen Rundt, men ny
giv med 'familieidrettsdag'.
Les meir frå 2010 HER.
Ein familieidrettsdag erstattar frå 2010 av det tradisjonsrike løpet. Bildearkiv
2009 HER.
Kvamsen-Rekordar HER.
|
|
|
Nyttår og
nyttårsbarn 31.12.2010 - 1.1.2011
|
Nyttårsbarnet i Rogaland vart ein ny Vikebu.
(3.1.2010
Steinar)
Årets første barn i Rogaland er frå Vikebygd.
-Barnet som vart fødd 1. januar 2011, kl. 00:49, veg
4078 gram og er 51 cm lang, fortel Elisabeth W. og Rolf Julsrud.
-Vi var ikkje klar over at det var så mykje oppstyr rundt det å komma til verda som nyttårsbarn, og er vel berre glade for at 3. mann i søskenflokken (Askev 5år og Ella 2år) slepp å vere minstemann også når han
byrjar på skolen, seier dei glade foreldra, som også kan fortelje at
-Den vesle guten har fått namnet Reiar Winterhus Julsrud. Han kom heim til
Vikebygd alt klokka 20:00 på søndagskvelden. Alt står bra til med både mor
og barn og pappaen er fornøyd med litt forlenga juleferie. Dei reknar med
at kommunen nå vil sikra skulen i Vikebygd når dei slik bidreg til barnetalet.
Vikebygd.org gratulerer dei stolte foreldra med den vesle guten. |
Mildt gråvêr og lågt skydekke ved inngang til 2011
(31.12.2010 SteinarS) Som sagt.... Dersom isen på Skartlandsvatnet (eller Vasslivatnet..) ber hest og mann føre jul, så blir det mildvêr etter nyttår. Ja, isen bar godt i
adventstida, men nå er det + 3-5 grader og regn i lufta. Fekk mest lyst tl å senda ut ein etterlysing.
Har nokon sett Alna-åsen i dag, eller vikefjella?
Eg vil med dette ynskja alle Vikebuar eit GODT NYTT ÅR
Vêret: Søndag 2. januar blir veret flott med sol og temperatur
rundt 0. Måndagen startar med kuldegrader som utover dagen går over til
plussgrader med sludd og regn. Vinden snur samstundes frå nord til sør og
seinare sørvest. |
1. januar, år 2011 etter Kristus
Stormfull nyttårsfeiring i Vikebygd
(1.1.2011 Steinar) Det var mange i Vikebygd som starte oppskyting av fyrverkeri tidleg. Frå klokka 20 og utover var det jevnleg blink og smell frå rakettar. Det var nok alle dei som hadde vore inne på
YR.NO og sett på vêrvarselet for kvelden. Det var meldt auking til liten kuling mot midnatt, mens det var periodar med nokså stille vêr tidlegare. Likevel, då klokka slo 12 slag midnatt var det eit flott skue over sentrum av bygda. Om pinne-rakettar var erstatta med bakkefyrverkeri, så lyste
det flott då den eine tusenlappen etter den andre vart omgjort til lys og glede. Med mildvêr, regn og vind så forsvann fort det flotte skiføret vi har hatt i Vikebygd i romjula. Nå ligg berre restar att bortover bakkane. Men ennå er det langt til vår, langt til rogn i blomstring står:
Sov du vesle spire ung,
ennå er det vinter,
ennå sover bjørk og lyng,
roser hyasinter.
Ennå er det langt til vår.
langt til rogn i blomstring står.
Sov du vesle spire,
ennå er det vinter.
Himlens sol ser ned på deg
solskinnskyss den sender.
Snart blir grønt langs sti og vei,
småblomst varmen kjenner.
Enn en liten solskinnsbønn;
Vesle spire, bli snart grønn!
Himlens sol ser ned på deg
solskinnskyss den sender.
(Etter Z. Topelius) |
|
|
Barnehagen og skulen i romjula
Til toppen |
Kald romjul med skiføre i Vikebygd
(27.12.2010 SteinarS)
Temperatur frå 10 til 15 kuldegrader. Det knakar i snøen under skorne når vi går ute. Blå himmel og solskin, det er romjulsveret i Vikebygd. Det fristar med ein tur ut. Men dagen er kort og sola lågt på himmelen.
Til toppen |
|
|
|