Vikebygd Motorbåtforening ser
tilbake på året 2010
Vikebygd Motorbåtforening kallar inn til årsmøte på
tysdag 5.April kl.1900.
Møtestad er Klubbhuset i båthamna, og på årsmøte-programmet står saker som:
- Val av 2 styremedlemmer
- Rekneskap
- Avgrense størrelse av båtar i båthamna
- Prisjustering
- Eventuelt.
(17.3.11
SS) Motorbåtaktivitet både til fritid og næring er viktig for Vikebygd og
Ålfjorden. Ei flott båthamn er etablert, med både faste plassar for
bygdefolk og 10 gjesteplassar med toalett, dusj, strøm, vann, diesel, slipp,
sjøsettingsrampe, søppel- konteinar. Kort veg til Plassabakeriet og
Vikebygd sentrum. Djupne: 2,0 m. Fortøying: ved kai. Totalt har Vikebygd
40 gjeste plassar fordelt på Plassabakeriet og båthamna.
8.
mai i 2010 vart det gjort eit stort
dugnadsarbeid i båthamna. Men i kombinasjonen
Bryggjebakken
og båthamna vert det lagt fleire arrangement gjennom året. Her samla folk
seg til
St.Hans feiring og speidarane legg sitt speidartivoli hit. Like ved er
hovudsetet for Vikebygdfesti-valen. Når startskotet for
fiskekonkur-ansen
går så kappast båtane om å koma først ut på fiskeplassane.
På internett finnes ein god del informasjon om båthamna og
gjestebryggja, men dessverre er mykje av dette ikkje følgd opp og gir dermed eit
negativt inntrykk. M.a. kunne
Havna.com med fordel ha fått oppdatert bilete og informasjon om
gjestehamna, men sida er ikkje oppdatert på mange år. Her burde
motorbåtforeininga teke initiativ. Informasjon ligg også på
Gjestehavner.no, men dei beste opplysningane ligg nok likevel på
seilas.no, der informasjonen er plotta inn på eit
flott flyfoto av bygda. |