Vikebygd kyrkje stengd for vedlikehald
Dåp og gudsteneste med Himmelen som tak
(14.8.11 Steinar/ foto: Arne Tveit.) Søndag 14. august
vart det gudsteneste i friluft, midt i Vikebygd. 100 meter nedfor kyrkja ligg parken
med ruiner etter den førre kyrkja. I juli var det vigsel av brudepar her,
og denne søndagen inviterer sokneprest Johannes Nedrelid til misjonsgudsteneste.
-Gudstenesta blei akkurat ferdig i tide før regndråpane kom. Johannes var prest
og Juri spelte, fortel Arne Tveit som talde heile 41 frammøtte.

-Det var også dåp i denne gudstenesta. Det var første
barnedåpen Johannes Nedrelid hadde hatt i friluft sidan misjonstida i Kamerun.
Ein familie frå Ølen valde friluftsgudsteneste i Vikebygd som ramme for
dåpen av Adrian. Misjon var temaet for denne årlege misjonsgudstenesta der det òg vart teke opp
offergåve til Det norske Misjonsselskap sitt arbeid.
|