Skjoldar I.L. på Norway Cup
G16 laget vann sølv i finalen.
(7.8.2011
SteinarS) Skjoldar G-16 laget, som har spelarar frå Vikebygd, Skjold og Vats,
blei historiske då dei kvalifiserte seg til finalen i Norway Cup 2011. I semifinalen vann dei 1-0
over TorandoMåløy, etter scoring av Sondre Maurangsnes.
Men i finalekampen i
A-sluttspelet i 7’er fotball, som vart spela på fredag 5. august,
blei det tap då Steinar Farbu frå Stjørdals-Blink scora fem minutt føre full tid
og dermed vart gullvinnar i Norway Cup. Likevel er sølvplass ikkje å forakta.
Det sto 0-0 ved pause. Spelarane som har adresse i Vikebygd, er: Espen Vik,
Sondre Maurangsnes og Vebjørn Mortveit.
Spelarane i finalekampen (ikkje i rette rekkefølgje): Bredo
Haraldseid (kaptein), Vebjørn Mortveit, Andreas Økland, Hanrik Haraldseid Espen
Vik, Tommy Dagsland, Håvard Sørbotten, Kristian Langeland, Jone Wannberg og
Sondre Maurangsnes. (Foto
Skjoldar
IL)
Les meir i
Grannar;
Haugesunds Avis og på I/L
Skjoldar sin web
|