Årsmøte i Vikebygd Vassverk BA
Styret satsar for framtida - Heile bygda eit forsyningsområde
(24.3.2011 SteinarS)
Årsmøte ga si samrøystes tilslutning til framlegget frå leiaren i
valkomiteen, Geir Rasmussen, om val på leiar og styre. Den einaste som går ut er Jens Morten Koltveit som har sete i fleire år og nå fekk avløysing av Rolf Jørgen Julsrud. I tillegg til han og Gudvin Skogen, som held fram som formann, så set Ole Harald Alne, Lise Bruland og Helge Helgesen. Varamenn er Tore Espeland og Johan Owe.
Dette møtte i alt 15 andelseigarar, vel å merkje seg berre menn. Er dette eit teikn på at menn i Vikebygd nå har teke over vassforbruket til klesvask og oppvask i heimane? Eg undrar meg ofte på kva grunnen er til at kvinner vegrar seg for å stå opp og krevje sin rett til å ta del i styringa av kommunen, landet og Vassverket. Mi oppfordring er til dykk kvinner i Vikebygd. Gå
kvinne av huset når det blir innkalla til årsmøte der du har møterett. Ta styringa og sei di meining!
Dirigentbordet i årsmøtet: Geir Rasmussen (leiar i valkomiteen), Helge Helgesen, Gudvin Skogen, Ola Harald Alne og Jens Morten Koltveit. Bak: Agnar Alne og Jakob Rødde
Ikkje misforstå. Vassverket i bygda er vel drive. Styret har
ambisjonar og er dyktige. Etter avslutninga av det formelle årsmøtet retta leiaren ein takk og ros til avtroppande styremedlem, Jens Morten
Koltveit.
Styret takka òg underteikna for arbeidet med laget si web-side. Nåverande leiar, Gudvin Skogen, sette seg som mål å nytta aktivt denne til informasjon og kommunikasjon med andelshavarane. Det har han også gjort - og Gudvin har jamleg sørgja for at ny informasjon vert sendt over for presentasjon. Den innstillinga er ein føresetnad for at ei web-side skal ha verdi.
Vikebygd Vassverk BA hadde kalla inn til både Årsmøte og ekstraordinært årsmøte på Gamlatunet
den 24. mars. Les meir på
Vassverket sin web.
Styret i Vassverket har mange jern i elden i form av planlagde oppgåver for 2011. På planen står:
- Fullføring av ny hovudvassleidning Dommersnes-Mæland
- Utviding av produsert mengde reinsa vatn, anlegget er p.t. kapabelt å produsere 16 m3/t, men dei ynskjer å utvida kapasiteten til ca 20 m3/t
- Rehabilitering av Pumpestasjon Alne, her blir alt pumpeutstyr og tilhøyrande røyranlegg skifta ut.
- Reins av membranar. Dette vil bli utført 2 gonger pr år
- Reparasjon av inntaksleidning i Langevatnet.
- Overhaling av reduksjonsventilar opp mot Langevatnet.
Dei har nå fått sett opp gjerde rundt reinse-stasjonen i
Djupavad slik at fe og andre dyr ikkje skal kunna koma inntil bygningane.
Ein ny avtale vedk. hovudvassforsyning til anlegget er vedteken. Denne avtalen sikrar vassverket naudsynleg forsyning av vatn i 40 år. Vindafjord kommune har gjeve konsesjon på avtalen som er tinglyst.
Les årsmeldinga for vassverket HER. |