Vi ynskjer velkommen nye Vikebuar
Frå folkemylder i Kina til grisgrendte Vikebygd
(4.6.2011 SteinarS) Det er komen ein ny elev på
skulen i Vikebygd. Heile den lange vegen frå
Guiping (桂平)
i
Guangxi
(廣
西) regionen sør i Kina, har Li Tue reist saman med mor si, Zeng
Guirong. Etter 10 dagar i Noreg er det ikkje å venta at dei snakkar norsk
ennå, men det kjem. Li Tue har alt teke til på skulen her i Vikebygd. Til
hausten skal ho gå to dagar kvar veke i Sandeid for å læra norsk og tre dagar på
Vik skule. Sjølv om det er kort tid igjen av dette skuleåret ville dei starta så
snart som mogeleg på skulen her for å bli kjende med andre born i bygda. Laurdag
fekk eg helsa på dei og slå av ein prat.
Det
var via internett Guirong kom i kontakt med vikebuen Petter Andre Gunther. Etter at
dei hadde hatt kontakt ei lengre tid og mange emailar hadde passerte rundt jorda
mellom Kina og Noreg, så reiste Petter til dette store landet og fekk møta
kvinna i sitt liv. I vinter var det bryllaup i Kina.
Likevel var det ikkje så enkelt å få familien med seg heim
til Noreg. Dei laut søkja om familegjenforening, og medan søknaden vart
handsama måtte Guirong og Li Tue vera i Kina. Først i slutten av mai var
stunda komen då dei kunne få koma til Vikebygd.
Kva synes du om landet du er komen til då? må eg spørja.
- Det er lite folk å sjå her, berre ein og annan bil som passerer på vegen.
Heime var det alltid mykje folk over alt. Og så er det kaldare her.
Der eg er frå i Kina er det alltid varmt, svarar ho.
Korleis reagerte familien din på at du skulle flytta så langt bort?
- Dei syntes ikkje det var kjekt, men eg vonar dei kan koma og besøkja oss her i
Noreg også ein dag, svarar Guirong på engelsk, eit språk ho snakkar godt.
Petter Andre Gunther driv som sjølvstendig næringsdrivande med
sveising og tectylbehandling av bilar frå
eige verkstad på Karmøy. Kona
hans dreiv for seg sjølv og produserte klede i Kina, fortel dei. - Det tar ca 18
timar å reisa med fly frå Stavanger til staden Li Tue og Guirong kjem frå, seier
Petter. Om eg bestiller billett 3-4 månader før eg skal reisa så kan eg
vera heldig og få billettar til nokre få tusen. Men då må eg gjerne byta
fly mange gonger, så eg prøver helst å få direkte fly.
Vi ynskjer den nyetablerte familien velkommen til Vikebygd og
vonar dei vil finna seg vel til rette i bygda.
|