Med klokka stilt 2 timar fram.
Kvinnedagen feira stort
(8.3.11 SteinarS) Medan den eine
etter den andre i Noreg som fekk spørsmålet frå dagsrevyen om kva dag det var i
dag (8. mars), vart svar skuldig, så vert denne dagen markert stort i Russland.
Her i Murmansk, der eg fortida oppheld meg, vert kvinnedagen feira i 3 dagar til
ende. Arbeidsfolka var på jobb på laurdag for å kunna ta fri på måndag.
Slik kunne dei feire frå søndag til tysdag. Alt på laurdagen strøymde det
på med blomar frå leverandørar, adressert til damene på kontoret.
(Dette bildet av Murmansk er levert av TripAdvisor.)
Då vi i kveldinga tok turen ned til ein lokal restaurant for
å ha oss middag, var det fullt i lokalet, men vi fekk oss bord og vart sitjande
ei stund. Etter kvart som nye kom til så var det standard at mannen hadde
med seg blomar og overrekte til dama si når dei sette seg til bords. Elles
er det ikkje vanskeleg å få tak i blomar her i Murmansk på vinterstid.
Alle busstoppane (som det er tett av) er velutstyrte slik. Dei er
tredelte. I venstre enden er det kiosk som sel blomar. I midten er
ventehytte med benk. Og i høgre enden er utsal av vodka og annan
tilsvarande drikke. Men reglane er innskjerpa også her. For tida
diskuterer politikarane om øl skal reknast som alkoholhaldig drikke. Det
gjer ein ikkje i dag, men det går i den retninga. I butikkane er komne nye
reglar slik at dei må ha gardin som dekkjer reolane med vodka etter eit visst
klokkeslett på kvelden, der det er kvelds- eller døgn ope.
Klesmotar - omvendt proporsjonale med økonomien.
Så
er det dessverre slik at Russland slit med store utfordringar på fleire område.
Tre av dei største er knytt til alkoholmisbruk, byråkrati og HIV. Skilsmisse
prosenten er på 70-80% her i Murmansk, seiest det. Vanlege arbeidsløningar er små (2-4000 kr/mnd)
og pensjonane er endå mindre (1500 kr i månaden). Men dei klarer seg i
storfamiliane, med fleire generasjonar som bur saman i same leilighet.
Gjerne på 35 - 50 m2 fordelt på eit lite kjøken, eit soverom og ei kombinert
stove/soverom. Når kvar har pitte litt å bidra med - så går det rundt.
Men slik ein også kan lesa av folk i Noreg sin vekslande økonomiske situasjon
gjennom tidene i klesdrakt og skikkar, slik kan ein det her og. Når folk
har lite materielt sett så kompenserer ein med å kle seg flott, eta på
restaurant og markera høgtider ekstra. Slik kvinnemotane og dei flottaste
kjolane var i bruk i tronge tider, kler folk i velstands-Noreg seg i dongeri
(gjerne kjøpt ferdig utslitne med hol i), genser og kvardagsleg også på fest.
I fattige Murmansk kler folk seg i flotte klede. Damene i høghela skor,
kjolar (nokså korte...) og flotte jakker. Mennene hyllar dei på
kvinnedagen med blomar og middag ute. Så har dei ikkje så mykje meir enn det -
men gler seg over det dei har. Mat er rimeleg. Ein god middag med dessert
på restaurant får du til 50 - 150 kroner. Og dei fleste kjem i same klede neste
dag og, for klesskåpet er lite. Men når naboane har det likt som deg sjølv
- så klagar ein ikkje. Ingen grunn til å misunne naboen.
Å ta opp lån for å kjøpa seg eigen bustad har russarane ikkje
kunna gjort i tidlegare tider. Med ei ny tid er det mogeleg å ta opp lån,
men renta er 25%. Dei aller fleste bur i store bustadblokker. Kommunen eig
blokka, dei eig sjølv leiligheita. Vedlikehald er noko det offentlege er
ikkje kjent for her, så forfallet er tydeleg mange stader i denne storbyen med
340.000 innbyggarar. Men det litle dei eig sjølv, det hegnar dei om og det
steller dei med. Men korleis lesa menyen på ein russisk
restaurant? Overraskande enkelt. Alt har store flotte bilete av
rettane. Og når ein lærer seg bokstavane i det kyrylliske alfabetet, så dukkar overraskingane
opp. Frå dei uvanlege teikna dukkar fram ord som: Stejk Musjroms.
(Det var svinesteik med sopp, kålstuing og pommes frites til).
Treng ikkje vera så velstudert for å forstå den. Svært mange ord er dei
same som vi kjenner frå vesten. Må bere forstå at P utalast R og at B
uttalast V. Så er du i gong. Husdyrhaldet i området er omfattande.
Næraste naboverksemda her er ein grisefarm med 35000 gris. Leverer 8 tonn
kjøt kvar dag. Fjøs med mjølkekyr er her og. Dei store bruka har
enten 800 eller 1200 kyr på båsen. Likevel, det finnes mindre bruk også.
For eit par år sidan
vitja eg ein familie ute ved kysten, i
bygda Teriberka. Dei arbeida begge på ein lokal gard med 12 kyr.
Korleis du kjem deg til
Murmansk?
Du kan finne rimelege flybillettar frå Haugesund via Oslo til Kirkenes for omlag 1000
kroner kvar veg. Så går det buss frå Kirkenes til Murmansk (5 timar).
Ei lita dagsreis, men hugs på å søka visum først! For turistar er det fleire
gode hotell i byen, god mat og hyggelege folk som lærer engelsk på
skulen. I tillegg er det populært å gå på norsk kurs, så ein og annan
snakkar også norsk, i vona om at dei skal få seg jobb anten i ei norsk bedrift
som etablerer seg her eller i Finnmark. For storparten blir det med vona. |