SPEIDARBASAREN 11. februar
(11.2.11 SteinarS)
Over 100 vikebuar møttest på bygdahuset til den årlege
speidarbasaren. Det er flott å sjå det gode og aktive speidararbeidet vi
har her i Vikebygd. Gevinst bordet var stort og det var mange glade ansikt
å sjå når dei minste speidarane sprang rundt og delte ut flotte ting til
vinnarane. Det meste gåver frå firma og privatpersonar i bygda.
Basaren gir eit godt overskott som går til speidararbeidet her.
Ungdomane
spela sketsjar, som desse som var på skogstur. Dei sakna nok den luksus
som vi
er vane med i dagens samfunn, som sminke og taxi. Men dette var ein parodi som ikkje
avspeglar korleis speidarane i Vikebygd er. Med ein bildepresentasjon i
starten av basaren viste dei ein allsidig og spennande aktivitet som inneheld
mykje uteliv, leirar og praktiske ferdigheiter. Våre speidarar er nok
mellom dei fremste i landet på dette området og borna får med seg ein svært
nyttig ballast inn i det vaksne livet. Dei lærer å
klare seg ute i naturen
og under enkle forhold. Ikkje minst får dei med seg mange gode minner frå
venskap og leirliv.
Nutakassane
som spei-darane set ut på 6 fjelltoppar kvar som-mar, har hatt godt besøk.
Leiarane delte ut diplom og buttons til dei som hadde vore på tre eller fleire
toppar. Nutastaven for ungdom gjekk i år til Ingveig Svendsbøe med 17
nutar (tett følgd av Petter Årvik med 15 nutar).
Vinnaren av nutastaven for vaksne var ikkje sjølv til stades
på festen. Det vart Åge Holsbrekken med 72 nuteringar.
Her
var det ny stav i år etter at Roald Årvik vann den for 3. gong i fjor.
Dei som hadde 5 eller 10 år med alle nutane fekk ei spesiell
utmerking. Slik som Kirsten Bjørnevik som hadde 10 år og fekk eit fyrtøy
for turbruk.
Det er mange som set stor pris på det arbeidet som leiarane
gjer år etter år. Dette er ikkje berre for underhaldninga sin del.
Det skaper haldningar hos dei unge og lærer dei å ta ansvar og å finna på ting
sjølve. |