Bryllaupsfeiring i det fri, 30. juli 2011.
JA, ved den gamle kyrkjemuren
(4.8.2011
SteinarS) Dei let seg ikkje stoppa av at kyrkja var stengd for
vedlikehald. Laur-dag 30. juli knela Elin Sætre og Henning Flæte Andersen
på kvar si pute i kyrkjeruinane av
den fjerde kyrkja i Vikebygd.
Sokneprest Martin Ivar Arnesen la hendene på dei og bad for brudefolket som
valde å bli vigde til ekteskapet i parken nedfor kyrkja i Vikebygd. Denne
staden er frå tidlegare
godkjent for kyrkjelege handlingar og vigsler, men det
er ikkje dagleg kost at brudemarsjen tonar frå orgel her i det fri. Berre eit
par har nytta parken tidlegare, men det var sjølvsagt bryllaup i kyrkja som stod
her. Vi
gratulerer ekteparet og vonar dei får eit flott og rikt samliv.
Sokneprest Martin Ivar Arnesen talar til brudefolket.
Det er høgt under taket når nokon vert vigde i parken, omkransa av vakker natur.
Her benka gjestene seg på grasplenen medan soknepresten tok plass ved
fundamentet til den tidlegare døypefonten. Brudefolket vart plassert same
stad som koret låg i den flotte, store stavkyrkja som fylte det meste av
området.
- Alle gjestene syntes det å ha bryllaupet ute var ei fin
oppleving, seier Elin. -Vêret var flott, men vi hadde sikra oss med eit telt i
reserve dersom det hadde kome regn. Men det trong me ikkje.
Skal det først vera bryllaup ute, så var det naturleg at dei
også tok bilete ute. Etter viinga i parken gjekk turen til Bakkjen i
Årvik. Ovanfor Bakkafossen fann dei ein fin plass. -Eg har vore her berre
ein gong før, men syntes her var så fint at dette var staden me ville ha
brudebildene frå, fortel Elin som saman med Henning bur i leigd hus på
Dommersnes medan dei byggjer sitt eige hus på Øvre Vik. Her får dei fin
utsikt over bygda med kveldssol inn frå Ålfjorden i Vest. Feiringa la dei
til Bygdahuset i Vikebygd.
Henning og Elin - bryllupsbilde ved Bleifossen.
(Foto: Grethe Årvik Koltveit m/fl. Etter avtale med Elin Sætre).
I parken har det vore to kyrkjer
tidlegare. Den tredje kyrkja i Vikebygd vart vigsla i 1872, men
brann ned etter lynnedslag 16. april 1926. Ei ny kyrkje stod klar
til vigsling av biskop Hognestad alt 11. juni 1928. Denne fekk
kort levetid. Natta til måndag den 8. desember 1930 vakna folk i
Vikebygd av at klokkene stormringde. Kyrkja stod i ljos loge. Ein av dei
som budde nærast, Lærar Lars Møllerhaug, hadde merka brannen. Han sprang
til og tok til å ringja med klokkene av alle krefter, men hadde nær
stroke med. Folket strøymde til, men det var ikkje noko dei kunne gjera,
og ingen ting kunne bergast. Elden tok til i sakristiet, og på eit par
timar var kyrkja i oske. Truleg var det eit omnsrøyr som var årsaka til
brannen. Det hadde vore barnedåp om søndagen, og veret var kaldt. Difor
hadde dei fyrt ekstra godt i omnen i kyrkja.
Les meir HER. |
|
|