Rolf Alne har bestemt seg
Vikebygd Landhandel er til sals - nye vurderer
overtaking
(7.6.11 SteinarS)
-
Eg har bestemt meg. Krava som skal oppfylgjast i form av
rapporteringar og papirarbeid er for krevjande. Sjølv når eg har ein
fridag så er det butikken som svirrar i hovudet mitt, seier Rolf Alne. Han
informerte dei tilsette i starten av juni om at han nå vil gå til styrt
avvikling av forretninga, og har alt hatt kontakt med personar som ynskjer å ta
over drifta frå 1. oktober.
Rolf har god tru på at drifta skal kunna halda fram. Når han nå
gir seg så er det med gode resultat og flosshatten på.
Ein butikk med god drift og overskott.
- Joker butikken gjekk med eit bra overskot i fjor
og omset for over 7 millionar i året. Eg har i tillegg fått
tilsegn om tilskott frå handelsdepartementet til investeringar og opprusting.
- Eg gir meg i ei oppgangstid. Rekneskapen syner at eg ligg
2% over driftsbudsjettet både for fjoråret og hittil i år.
- I dag er 10% av omsetnaden frå tipping. Det er
difor viktig at alle krefter blir sett inn for ei overtaking og vidare drift
utan avbrot. Eg skal i alle fall gjera det eg kan for å få det til, seier
Rolf og legg til at:
- Investeringstilskottet føl med butikken så då er det betre
at dei som vil overta står for opprustinga. Om eg gjorde det nå så kan det
henda dei nye ville ha gjort det på andre måtar, seier Rolf. - Eg er òg
råda til å senda ny søknad for dette året, noko som vil vera til fordel for dei
som tek over.
God støtte frå Norgesgruppen som eig Joker kjeda.
- Norgesgruppen gir god støtte til opplæring og tilrettelegging
for dei som tek over.
Nå blir vidare investeringar sett på vent og han har teke kontakt med joker og
kjøpmannskontoret for å få hjelp med styrt avvikling og sal. Det har alt vore
andre interessentar og lukta på bedrifta, både lokale og frå andre stader, men
han har ennå ikkje gått aktivt ut for
å finna etterfylgjarar. Det vil han gjera i samarbeid med Kjøpmannshuset.
- Eg tenkte først på å få inn ein partnar, men nå blir det til at
eg trekkjer meg heilt ut, fortel Rolf.
Butikken som han tok over i 1999, er i eige AS. Dei første
fem åra var han leigetakar i bygget. I 2004 gjekk han inn i Joker kjeda og
kjøpte då forretningsbygget.
Tilskottet frå Handelsdepartementet til investeringar i nye
kjøler og datautstyr kom som eit resultat av at han deltok i
Merkur-programmet.
Rådmannen ga si tilråding då han søkte. Tilskottet vert gjeve til 50% av
kostnadane med investeringar i utkantbutikkar og i tillegg til kompetanseeheving
og kurs.
Ein sjømann gjekk i land.
Rolf Alne sigla mange år til sjøs som stuert i utanriksfart. Då han
gjekk i land etter mange år høvde det å ta over landhandelen i Vikebygd. I 2009
feira han 10 års jubileum for butikken og
inviterte 255
gjester til bygdahuset. Han vart også kjend i vide krinsar for å
setja i gong eit helseprosjekt. Det tok til med at han måtte ta hand om
eiga helse og gå kraftig ned i vekt. Noko han klarte med glans.
Dette var nok og bakteppet for at han starta opp eige treningsstudio i kjellaren
på butikken. Her vart det dekning både i fjernsyn og i aviser.
Ein god butikk som folk nyttar dagleg.
Folk har vore trufaste overfor butikken i Vikebygd. Omsetninga har vore jamn
og stigande basert på daglegvarer. I 2010 omsette
Vikebygd Daglegvare AS for 7,276 millionar kroner med eit positivt
driftsresultat på 182.000 kroner. For dei som har trong for det så køyrer
han og ut varene og leverer dei på trappa. I tillegg til dei som bur fast
i bygda er ein stor kundekrins alle som har hytter og ferierer i denne vakre
bygda.
Ein aktiv deltakar i bygdesamfunnet.
Men Rolf driv ikkje berre med butikk og trening, sjølv om det tek mykje av tida
hans. Rolf engasjerer seg i det som skjer lokalt og er m.a. å finna både i
Grendautvalet og i soknerådet, der han er aktiv i diakoniutvalet. Han har meiningar om mangt og mykje og veit
å dra i trådane for å få ting til å skje. Slik vart Rolf ein av dei som stod
i spissen for ein stor konsert som fylte kyrkjebenkene hausten 2010. Når
advent kjem så må sjølvsagt
julegrana
tennast med korpsmusikk og fakkeltog. Og når
Hårfagrerittet skulle av
stabelen fekk han sett saman eit
sykkelteam frå Joker
Vikebygd som fullførte løpet. Han sjølv var ein av sykkelistane
som fullførte det harde løpet på 53 km, der løypa delvis gjekk i fjellterreng.
Det står det respekt av. 52-åringen veit nok å finna på sprell og i
framtida, så vi kan berre ynskje han lukke til vidare og vona det kjem gode
etterfylgjarar med butikk i Vikebygd til hausten.
Les meir på Granner.no:
Skjebnetid for butikken
Team joker Vikebygd i Hårfagrerittet 2011
|