Vik skule og Barnehage hadde suksess med
Kulturettermiddag på Bygdahuset i Vikebygd
(22.3.2011
SteinarS) FAU, Barnehage og Skulen samarbeida om arrangementet som vart ein
suksess også
i år. Det var fullt i litle-salen der det vart servert middag.
Kjøtkakene gjekk unna og borna sine lappekaker likeså.
I storesalen var det utstilling som borna hadde laga om kommunen sin etter ei
rundreise med buss.
Klokka seks tok underhaldninga til.
Borna overraska stort med song, dialekt spel og dans. Mellom anna fekk dei
syngja saman med Jone Bjerga - songar han hadde dikta sjølv.
Konferansierar var 7. klassingane Astri Mortveit og Alexander
Bjørnevik. Dei leia oss gjennom kulturkvelden på ein profe-sjonell
og dyktig måte, ispedd gode kommentarar mellom innslaga.
Ei
gruppe jenter i 7. klasse hadde øvd inn dans som dei meistra svært godt.
På ein imponerande måte fekk dei med seg ein stor del av salen på å gjennomføra
ein dans som nok fekk sveitten fram på dei som våga å delta.
Ordførar Arne Bergsvåg ynskte seg tilbake til sauene etter valet, men var
usikker på om han hadde råd til å ha så mange når han ikkje lengre fekk
ordførarløn.
Verre var det med rådmann Kristian Birkeland
som fortvila ropa på Øyvind Valen gong på gong for å få låne briller så han såg
å lesa frå diktboka han hadde med. Briller kom til slutt, sjølv om det ikkje var
Øyvind sine, og både rådmann og
ordførarn synte seg som gode diktlesarar. Ingvar Moe stod for fleire av
dikta, men også ei jente i Vats som berre hadde budd to år i Noreg.
Kvelden vart avslutta med musikk, laga på Skartland. Vegard Skartland song
saman med brødrene Ole Petter og Jone Bjerga på bass og gitar. Ein av
songane var dikta spesielt til skulen og denne kvelden. Den song det store koret
med alle dei 100 borna i skulen og barnehagen saman med Jone i starten av
arrangementet, og etter ynskje frå rektor vart det reprise som avslutning, litt
på overtid.
|