Vikebygd - klkk her for å gå til framsida
Næringsliv   -    Landhandel     -      Skule og Barnehage      -      Kyrkja    -      V.I.L     -      Orientering     -     Speidarane     -     Laurdagsklubben -     Kyrkjebladet Hyrdingen

Lokale tenester

Vikebygd nytt:

vikebygd.org

Finn: TAXI eller FRISØR

ORD FOR DAGEN     Skulekalenderen 2011.     Vêrvarsling  Søndagstipset

Sida er sist endra 31. juli 2011

Bjørn Vik - Plassabakeriet (Klikk for stort bilde)Plassabakeriet"Nå er det sommar
- for Andreas har fått på seg hatten."
(Bjørn Vik då Bytunet trådte inn)

Dobbelkonsert på Plassabakeriet
Frå Bob Dylan på nynorsk til
gladjazz frå New-Orleans

(SteinarS 30.7.11) Dei 50-60 som valde å ta turen til Plassabakeriet denne laurdagskvelden, vart ikkje skuffa. Plakaten hadde varsla konsert med Tom-Roger Aadland, Vikebuen som fekk Aftenposten sin kritikar til å setja overskrifta: "Imponerende fornorsket klassiker" etter at han kom ut med CD på nynorsk. - Ei gjendikting av legenda Bob Dylan si kan hende beste utgjeving: Blood On the Tracks." Så var det også ein av låtane frå denne innspelinga; "Vikla Inn i Blått" (Tangled Up In Blue), som fekk innleia den nær halvannan times konserten der den røynde nynorsk-røysta fekk tonefylgje av gitar og munnspel. 

Etter ein rekkje med fornorska Dylan-låtar kom turen til eigne Aadland songar.  Mange av desse hadde han fått inspirasjon til, sa han, på turane langs E-134 frå Oslo til Vikebygd. Særleg på ein spesiell vegstrekning aust for Vinje.  -Her fekk eg ein dag ein tekst i hovudet, som eg måtte gjera ferdig straks eg kom fram til Vikebygd, fortalde han.  Det var ein sigøyner-inspirert tekst og melodi, som fekk tittelen: Støyande Hjarte."

 Ekstra konsert med
Bytunet Antikvariske Jazzensemble

Ikkje før var konserten over - så tok nye musikkarar til å bera inn instrument.  Andreas Ulveraker i spissen for Bytunet Antikvariske hadde i ei veke halde på med øving og førebuing til konsertar på Sildajazzen. Nå  fekk Vikebu og hyttefolk oppleva gladjazzen frå New Orelans i restaurant teltet i Vikebygd. 


Tom-Roger Aadland har gjeve ut:
Obviously embraced
Blod på Spora 
Det du aldri sa 
 
FRÅ STØYANDE HJARTA:
 
Eg veit at du ikkje tenkte
Å vere så kort og kontant
Og eg hadde ikkje trengt å
Ta det fullt så galant
Men no er terningen kasta
No er stormen på veg
Eg har surra meg fast til masta
Eg blundar og ser for meg deg

Her er mitt støyande hjarte
Her er min døyande puls
Eg kan trenge litt hjelp med å starte
Klarar du det, er me skuls

Då eg såg deg først, gjekk eg i dørken
Det var eitt eller anna ved deg
Som sa meg at førti års ørkenvandring
Var over for meg
Du førte deg nett som ei dronning
Som om du var skjult bak eit slør
Du smakte som mjølk og som honning
Ingenting kunne bli slik som før

Ny CD under arbeid.

Tom-Roger sin tredje CD, og andre på nynorsk, kom ut i mars i år og fekk tittelen: "Det du aldri sa." Eit album han tok til med i Sør-Afrika og som er gjort ferdig i Oslo, Telemark og på Vestlandet.
-Me spela inn 18 ulike låtar, og det er berre ti av desse på denne CD'en så eg har nok til å gje ut ein til. Den er planlagt til neste haust, kunne musikkaren fortelje. 

Stemninga i konsert teltet utanfor Plassabakeriet steig utover i konserten.  Tom-Roger fekk publikumet med seg i ein av låtane.  Ikkje til å syngje, men til å reise seg etter tur etter kvart som stikkord i teksten dukka opp.

I slutten vart han overtalt til både å vera for-songar på "Happy Birthday to you" for Hanne Jorunn som feira dagen sin i dag, og til eit ekstra nummer.  Og at musikken og songane ga meirsmak var det ikkje tvil om.  Salet på CD'ar etter konserten synte tydeleg dette i tillegg til lovord og applaus.

Vikebuen er nok litt stolte over alle dei musikkarane som kjem frå bygda.


Andreas Ulveraker - trompet, Svein Sandvold  -trombone, Terje Ek - tuba, Trygve Strand - Klarinett Sax og Trygve Flåtene - banjo og vokal.

Lokale websider
VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball
Lokale Bedrifter
Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Kvamme Sag
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Bente T. Barane's Herbalife
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

Konsert 30.7.2011

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2011 ser du her.

....Vikebygd.org...


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
FOTOALBUM frå Vikebygd

Andre nyhende:

Vikebygdfestivalen
Amerikabesøket
Tur til Fossane
Kyrkje vedlikehaldet
Tankar om ...
Sal av Gamleskulen?
Norsk-Amerikanere på besøk
Vikestølsmøtet
Nye tomter i bygda
Midtsommarsfeiring
Dugnad i båthamna
Butikken til sals
Nye Vikebuar
Hårfagrerittet 2011
Konfirmasjon 2011
17. mai-feiring 2011
Motorcrossbane i motvind
Byggjer leikeanlegg på dugnad
Den 17. Vikesprinten 1.mai
Vikeputten - 700 spelarar
Skogbrann i Vikebygd
Mini-konsert med korpset
Bedehusbasaren
Påskelotteri og minikonsert
Innviing av orgel i Skjold kyrkje
Idrettslaget - val av styre
Ny CD med Tom Roger
Vikebygd Vassverk - årsmøte
Skjoldar-jentene vann
Kulturettermiddagen
Korpset treng folk
Heiderspris på årsmøte
Motorbåtforeininga
Elg i Årvik
Kyrkeleg nominasjon
Kraftproduksjonen i gong
Nominasjon til lokale val
Speidarbasaren
Kommuneplanen
Idretten i Vikebygd
Stadnamn for Vikebygd
Sogeskrift for Vindafjord
Brann i hytte i Vikebygd
Nyttårsbarnet
Godt Nytt År 2011
Frå ÅRET 2010
 

Vikebygd i Media:

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo:

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 111. Vikestølsmøtet 2011 
Boka om Vikestølen på nett. 

Kultur - Historie:

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat

800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd

VINDETREET sogeskrift

   Det skjedde i året: 
2006
2007
2008
2009 
2010

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

 

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.org
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.


Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. 

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org