Lokale websider
|
|
VISIT
VIKEBYGD |
|
VINDETREET sogeskrift |
|
Alne
Villsau - Vikebygd |
|
Vikebygd
Vassverk |
|
Vikebygd
Kyrkje |
|
Vindafjord
kommune |
|
Vik skule og barnehage |
|
Bjordal
Kurs og Fritid |
|
Plassabakeriet |
|
Bente
T. Barane's Herbalife |
|
Bjoanett |
|
Info.
frå Regjering
og departementet |
|
Bygda
Vikebygd |
|
Bedriftene
i bygda |
|
Frøken
Vims |
|
Fotoalbum |
|
BYGDA
VÅR |
Lag
og foreiningar
|
|
Lions
Club Vikebygd - Skjold |
|
KFUK-M Speidarane |
|
Vikebygd
Idrettslag |
|
Orienteringsgruppa |
|
Kvamsåsen
Rundt løpet |
|
Vikebygd
I.L Fotball |
Lokale
Bedrifter
|
Skartland
Trevirke
Joker
Fitness Club - Trening
Jakob
Rødde - Gamlatunet
Gangstø
Transport
Ålreit
Ålfjordsenteret
Dommersnes
& Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd
Landhandel AS
Bjordal
kurs og fritid
Kvamme
Sag
Alne
Villsau
Ølen
Trevare
Vikebygd
Vassverk
Bente
T. Barane's Herbalife
BEDRIFTENE
I BYGDA
Reg.
føretak i Vikebygd |
Årvisse
arrangement
|
Vikeputten
Arrangert 30. april
2011 |
Fotballturnering som samla heile 69 lag i 2010 (59 i 2009) og hundrevis
av born frå heile distriktet, til ein dag med fotball-kampar
frå morgon til kveld
Fotoalbum frå Vikeputten 2010
Fotoalbum frå Vikeputten 2009
LES MEIR HER om 2011
|
Vikesprinten
Sist arrangert 1.mai 2011 |
Orienteringsløp
for Haugalandet og Sunnhordland med 150 deltakarar.
LAURDAG 1.mai-10
Les HER
Reportasje/resultat 2011: HER.
|
17.
mai festen |
Flaggheising
på Trodlanibba og i parken, fullsett gudsteneste i kyrkja,
kransenedlegging, folke-tog, leikar og talar. Vikebuen er på beina frå morgon
til kveld, sølv om ein i 2011 ikkje fekk til familiefest på kvelden.
Noko som har vore tradisjon i generasjonar.
Nasjonaldagen 2011 |
Vikestølsmøtet
Neste 26. juni 11 |
Årleg
tradisjon frå år 1900. Enten siste
søndag i juni eller første søndag i
juli blir det arrangert stemne på
Vikestølen. Her samlast folket frå det
fem kyrkjesokna Vikebygd, Bjoa, ølen, Skjold og Vats, men
også frå andre bygder og byar.
Vikestølsmøtet 2010
Les 100 år på Vikestølen her |
Vikebygd Festivalen
sist arrangert: 24. juli 2010 |
Årleg tradisjon der utstillarar kjem med
saft, bær,
brukskunst og anna. Her er tivoli og stor fiskekonkurranse.
Festivalbilete frå 2010 HER
Festivalbilete frå 2009 HER
Les meir her
|
Vikestølsmarsjen
sist arrangert: 5. sept. 2010 |
Første
søndag i september arrangerer idrettslaga i Bjoa og Vikebygd
ein familiemarsj eller utflukt til Vikestølen. Her
kjem dei i alle aldrar og deltakarane får diplom.
På stølen er det matsal, konkurransar og utlodding
til inntekt for hytta.
Vikestølsmarsjen sept. 2010 |
Familieidrettsdag erstatta Kvamsåsen Rundt
Arrangert: 2. okt. 2010 |
Slutt for tradisjonsløpet Kvamsåsen Rundt, men ny
giv med 'familieidrettsdag'.
Les meir frå 2010 HER.
Ein familieidrettsdag erstattar frå 2010 av det tradisjonsrike løpet. Bildearkiv
2009 HER.
Kvamsen-Rekordar HER.
|
|
|
Kyrkje
vedlikehaldet "Sprell Levande Gudsteneste"
|
Sprell
levande kyrkje
Barna fylte kyrkja med lovsong
(29.10.2011 SS)
Så var kyrkja klar for nyopning. Stillaset stoder der ennå, men inne var alt som
før. Det var nesten 100 store og små som fann vegen inn i kyrkja. Alle
fire-åringane var spente, dei skulle få ein bibel og var spesielt invitert.
Det var kateketen vår, Britt Karstensen, som leia den sprell levande gudstenesta
og hausttakkefesten. Borna kom inn i tog og hadde med seg frukt, grønsaker
og blomar som dei pynta med framme i koret.
Etter kvart fekk borna koma fram og syngja for dei vaksne, og
jubla for Herren. Det var laurdagsklubben som song og viste stor glede.
Så
skulle Britt fortelja om Jesus. Ho bad alle borna koma fram og setja seg
fremst på golvet. Då reiste fleire mannfolk seg og kom fram med plakatar.
"Ikkje lov å le", "Born ikkje adgang!", var mellom det som stod på plakatane.
Dei måtte fint gå til sides og stilla seg i ein krok, der dei og fekk høyra om
mødrene som kom med borna sine til Jesus. Læresveinane ville jaga dei
vekk, Jesus har ikkje tid, sa dei.
Men Jesus kom med den utsegna som har vorte
ståande som eit symbol på kva Kristendommen står for: "La borna koma til
meg og hindra dei ikkje, for Himmelriket høyrer slike til!" sa han. Så
kunne dei vaksne snu seg og plakatane sine, og syna fram teksten på den andre
sida: "Kom", "Jesus elskar alle born" stod det mellom anna. "Du må ta i mot
Jesus på same måte som borna gjer det," fortalde Brit Nelly, som spela Jesus i
dette rollespelet. Ei preike som inkluderte både borna og dei vaksne.
Etter gudstenesta fekk alle vera med på eit måltid og mange stoppa igjen for å
prata og få seg kake eller frukt. |
Kyrkja vert pussa opp til
jubileum
Kvit puss blir varig
og reduserer vedlikehaldet
(8.10.11)
Framdrifta med kyrkja er noko forseinka, men bak
presseningane står eit prakt-bygg som er i ferd med å få på plass festdrakta si.
Metoden som vart vald er ei spesiell
tilpassa sandblåsing som har fjerna gamal måling og laus puss. Deretter er
påført 4 lag med puss der siste
laget er ferdig kvit farga puss med silikat. Den skal det ikkje vera trong
for å måla seinare.
Kostnaden er på 1,2 millionar + mva.
Arbeidet
ligg litt etter ruta, men soknerådet vonar at kyrkja skal vera klar til
gudstenesta den 30. oktober. Det kom ein del støv inn i kyrkjerommet under
sandblåsinga. - Det skal vaskast ut på dugnad, fortel Britt Nelly Tveit
som er leiar i soknerådet og vonar folk vil stilla opp og hjelpa til.
I tillegg til
pussarbeidet vert der arbeida med å reparera vindaugo som har små ruter med
farga glas. Vårvik Glas har denne oppgåva, men det har synt seg vanskeleg å få
utført dette samstundes som murarane held på med pussarbeidet. Dei arbeider på
alle sider samstundes og må dekka til vindaugo når dei pussar. Ein frykta lenge
at det var for store roteskader i treverket her, men dette var ikkje så
omfattande som frykta. - Det er berre rote i vannstokkane, og dei har eg skifta
ut, seier Geir Vårvik, som har halde på med kitting og reparasjon på staden.
Men det vanskeleg å få koma til samstundes som murarbeidet pågår. Likevel
er det viktig at dette kan gjerast før stillasa vert fjerna.
Les meir
om kyrkjevedlikehaldet
HER. |
Vikebygd kyrkje stengd for vedlikehald
Vedlikehaldet av kyrkja i Vikebygd er i rute
(23.8.11 SteinarS)
Sivilarkitekt Arne Tveit, som er soknerådet sin representant for å fylgje opp
det pågåande arbeidet med kyrkja, informerte tysdag kveld soknerådet om
framdrifta. - Arbeidet er i rute og stillasa kan fjernast innan midten av
oktober, fortalde han, og ga fylgjande statusmelding:
- Metoden som vart vald
er ei spesiell tilpassa sand-blåsing. Gamald måling og laus puss vert slik
fjerna, men mesteparten av den gamle pussen er bra og vert verande. Neste steg
nå er å behandle pussen, og murarfirmaet skal nytta 4 lag med puss der siste
laget er ferdig kvit farga puss med silikat, som ikkje seinare treng/skal å
malast.
Kostnaden er på 1,2 millioner + mva.
Samstundes held Geir
Vårvik, i Vårvik Glas, på med vedlikehald av vindaugo. Ein del måtte han ta ut
og heim til eige verkstad. Skjold Trevare er bestilt til reparasjon av
inngongsdør mot sør. Kalstveit og Vik: er bestilt til å fylgje opp trearbeider
oppover etter kvart. Dei skal vurdera treverket ute mens det er stillas på
plass. Takrenner etc er det førebels ikkje gjort vurderingar av, men
Kalstveit og Vik skal vurdera desse. Treverk på tårnet må målast samstundes som
det er stillas, og av fagfolk. Stillaset vert ståande fram til midten av
oktober.
Det er kome ein del støv inn i
kyrkja frå sandblåsinga trass i at murarfirmet sette overtrykk på innvendig i
kyrkja, mest i austenden. Ein trur ikkje orgelet har teke skade. Utvasking av
kyrkja er tenkt gjort på dugnad.
Soknerådet vedtok i dette
møtet at bedehuset i Vikebygd skal nyttast til gudstenester og kyrkjelege
handlingar i tida som kyrkja er avstengd. Sprell levande Gudstenesta med
Britt Karstensen den 30. oktober, er truleg første gudsteneste i det oppussa
bygget.
|
Vikebygd kyrkje
Vedlikehaldet av kyrkja er i gong
(14.7.11 SteinarS)
Dei siste dagane har det kome opp stilas rundt heile kyrkja. Det er
starten på vedlike-haldet der muren skal sandblåsast for å fjerne gamal maling.
Deretter skal den få ny puss og maling, eit arbeid som Murmeisterfirma R. B.
Johanne-sen har fått. Kyrkjeverja har informert
soknerådet slik:
Etter budsjettvedtak i
Vindafjord kommunestyre skal Vikebygd kyrkje pussast opp i inneverande år. Sidan
dette m.a. gjeld puss av utvendig mur er det avgjerande viktig at dette vert
gjort i sommarhalvåret. Vedlikehaldsperioden går difor frå dags dato til medio
oktober. Det vert nå reist stillas rundt heile kyrkja - og kyrkja skal vidare
pakkast inn med plastduk i vedlikehaldsperioden. Vidare skal alle vindauga mot
sør restaurerast. Desse
kan ikkje takast ut av veggen, men må vedlikehaldast på staden. Dette medfører
sjølvsagt konsekvensar for bruken av kyrkja, som då i realiteten vert stengd
fram til oktober.
Konkret inneber dette:
a) Vigslar. Det er gjort avtale om to vigslar i perioden. Den eine vert flytta
til Skjold kyrkje, den andre til godkjend vigselstad i friluft - Parken i
Vikebygd, begge flyttingar i samråd med brudepara.
b) Gravferder: Vil i hovudsak gå frå Skjold kyrkje til Vikebygd kyrkjegard.
c) Gudstenester: Vil verta haldne i høvelege lokale etter nærare avtale mellom
sokneråd og sokneprest.
Les meir
HER
|
Vedlikehald i gong ved Vikebygd Kyrkje
Kyrkja vert stengd i tre månader
(9.7.2011 SteinarS)
Murveggene skal sandblåsast utvendes og behandlast på ny. Arbeidet tek
til med stilasbygging og innpakking av kyrkja, nå i ferien.
Murmeisterfirma R. B. Johannesen har fått oppdraget.
For å sikra at det materialet som ein fjernar under
sandblåsinga kjem ut og ikkje inn i mur og bygg, skal det setjast eit overtrykk
med luft inne i kyrkja. I tillegg skal kyrkja pakkast inn. Derfor er
det heller ikkje mogeleg å nytta kyrkjebygget til gudstenester, bryllaup,
gravferder eller andre arrangement i tre månader frametter. Gudstenesta i
august er alt tillyst som friluftsgudsteneste i parken. Til andre
gudstenester og arrangement kan det verta aktuelt å nytta bedehuset eller andre
kyrkjer i nabo bygdene.
I Vindafjord er det likevel to plasser utanom kyrkja som er
godkjent til å halda vigsler av folk som vil gifte seg. Det er
parken med den gamle kyrkjetomta og på
Vikestølen.
Med fint vêr kan gudsteneste ute i parken vera ei fin handling. Her kan og
setjast opp telt dersom vêret skulle vera utrygt.
Søndag 10. juli klokka 17:00 blir det siste gudsteneste i
kyrkja før murarbeidet er ferdig. |
|
|
|
|
|
|
|
|
|