Store
og små på bedehus-basar
(15.4.11 SteinarS)
Fredagen før påske er det tradisjon med
bedehusbasar i Vikebygd. I år var det 50 store og små som spente venta på
å høyra sitt nummer verta ropa opp då dei mange gevinstane skulle fordelast.
På veggene var fullt av tekstilar. Strikkasokkar, dukar og anna fint.
Eit bord var fullt av flotte ting. Borna flokka seg rundt og ynskte seg
både det eine og det andre av det dei såg.
Men
først var det song av Martha Marie Aasbø til trekkspelmusikk av Hans Asbjørn
Aasbø som også hadde andakten. Han fortalde korleis salmen av Blix, "Å
tenk på Gud i ungdomsår" hadde fått verdi for han. Blix hadde vore
175 år i dag. Hans Asbjørn har 50 års jubileum som konfirmant, fortalde
han.
På basar er også det sosiale og
praten rundt kaffi koppen viktig. Matpausen fekk plass midt i programmet
før det vart tid for ein årsmøte del. Bedehuset har pluss i rekneskapen og
pengar på bok. Dette etter
at
ein har rusta huset kraftig opp. Det meste skuldast gåver og basarar.
I år ga basaren brutto mellom 16 og 17.000 kroner. Ved styrevalet tok alle faste
medlemar attval. Som varamenn vart Kjersti Bjerga og Jone Bjerga valde inn
som første og andre vara. Dei går inn og avløyser Astri Aarvik.
Sjå også
2008,
2009 eller
2010
|