Miljøvenleg satsing i Vikebygd
Kraftproduksjonen i gong hos Vik Kraft AS.
(25.2.2011 SteinarS) Kraftverket som er bygd i Vikelva ovanfor Djupava, er
sett i prøveproduksjon. Nå ventar eigarane på mykje regn som kan omgjerast
i kw og kroner.
-Føreløpig er det berre testkjøring av anlegget, fortel Jakob Rødde.
-Av dei 5 dysene så er det berre ei som er i drift, og då med 13% opning.
Dette gir 15-20 kw, men når anlegget vert sett i full drift skal dei levera
1500-1600 kw i timen.
På årsbasis har Vik Kraft AS kontrakt med Statkraft om å levera 5 GWH (5
millionar kwh) inn på det offentlege straumnettet årleg. Dette skal vera nok til
250 vanlege
husstandar.
Men det nyttar ikkje å koma innom med ei skøyte-leidning og kopla seg på.
Sjølv eigarane må kjøpa forbruket sitt av elektrisk kraft frå det offentlege
nettet. Alt verket produserer skal seljast til Statkraft, der dei har ein avtale
på 5 år.
-Me har ikkje formelt overteke
anlegget ennå, fortel Jakob Rødde, som i lag med Per Vik er eigar av selskapet
Vik Kraft AS.
-Det står igjen å leggja inn ein del dataprogram for automatisk styring av
drifta med start og stopp. Så vi overtek ikkje før alt er ferdig og med
nøkkelen i døra.
-Nå håpar vi på masse regn så vi kan få full drift. Det er for lite vatn
ennå, men ekspertane har rekna ut tilførsla som gjennomsnitt av vanlege 30 år.
Vert det for lite vatn eitt år så tar vi det igjen neste år, fortel Jakob.
Oppstarten var til rette tid slik at dei dermed kjem inn under ordninga med
"grøne sertifikat" som tek til i 2012.
Grøne sertifikat
Denne ordninga, som skal innførast i 2012, fører til at kundar av kraft må kjøpa
såkalla grøne sertifikat tilsvarande den kraftmengde dei ynskjer. Desse
sertifikata vert så tildelt produsentar av fornybar energi i form av tilskot
eller ein sertifikatpris, i samsvar med kraftmengda dei leverer. Dersom
det er knapphet på energi vil marknaden (straumkundane) vera villig til å betala
ein høgare pris for slike sertifikat, for å sikra seg den straumen dei treng. På
denne måten skal det bli meir lønsamt å byggja ut fornybare energikjelder som
vasskraft og vindkraft.
Meir kraft med elsertifikat.
FNI
rapport Klart for
kraftproduksjon
|