Årleg fjellstemne frå år 1900
Rune Birkeland talte på Vikestølsmøtet 26. juni
(26.6.2011 SteinarS)
Det tok til i år 1900, sidan har dei halde på i 111 år. Denne søndagen var
det omlag 40 som møtte på Vikestølen for å høyra ordet frå Bibelen verta
forkynt. Hovudtalar var Rune Birkeland. Sjømannspresten med erfaring frå
oljeplattformar i Nordsjøen, Sjømannskyrkja på Gran Canaria og nå frå Austen.
Der har han sjømannskyrkjene i Kina, Japan, Korea og Mongolia som prestegjeld.
6 veker om gongen er han her. Reiser frå stad til stad og møter nordmenn
som er stasjonert i utlandet.
Då jordskjelvet og Tsunamien råka Japan tidlegare i år, var Rune ein av dei som
vi kunne sjå på TV skjermane frå Japan. Her gjekk han inn i
kriseteamet ved den norske ambassaden i Japan.
Til hausten går Rune Birkeland offisielt av som pensjonist. -Eg skulle
eigentleg vore ein tur til for å læra opp etterfylgjaren min, men så er det
ennå
ikkje tilsett nokon. Difor skal eg vera min eigen vikar ut året, fortel
Rune som sette som vilkår at prestegjeldet vart redusert og at tenesta vert i
30% stilling. Han bur på Karmøy der Rune og kona Møyfrid har huset sitt. For
ei tid tilbake kjøpte dei tilbake den tidlegare heimen sin i Vikebygd. Den
er for tida utleigd, men Rune reknar med å vera ein god del tid også i Vikebygd
når han vert pensjonist. Dei vaksne hugsar han og Møyfrid som tidlegare
lærarar i Vikebygd, der Rune og var rektor. Samstundes studerte han
teologi på si.
Nå kom han mest rett frå opphald i Kina til Vikestølen. I talen tok han
til med ordet som står på minnestøtta: "Kommer hit til mig alle I som
arbeide og er besværede og jeg vil gi eder hvile" (Matt. 11,28). Han
trekte parallellar til bibelteksten om kvinna som skulle steinast fordi ho var
gripen i hor. Om steinane som kvar bar. Det var deira bører.
Men då Jesus sa orda "den som er syndefri, ulasteleg og rein, han kan kaste den
første stein..." så gjekk dei bort ein etter ein. Dei eldste først, og
ingen stod igjen. Dei måtte erkjenne, som vi alle, dei hadde kvar sitt.
"Kor er dei som dømer deg, spurte Jesus?" "Det er ingen her" svara ho. Og
Jesus sa orda: "Heller ikkje eg fordømer deg, gå bort og synd ikkje meir."
Jesus innbyr oss til å finna kvile for sjelene våre. Her skal vi få byrja
på nytt.
I møtet vart også Magnus Sørhus minna. Han kom til Vikestølen kvart år og
var lenge med si styret for møta. Då han i fjor var på Vikestølen var
alderen nådd 97 år. Det vart siste turen hans til stølen. Då
er det godt å sjå at nye kjem til og vil samlast til evangelisk møte på stølen.
Les meir om Vikestølsmøta gjennom 11 år,
her. |