Vikebygd nytt:
|
DET SKJEDDE I ÅRET 2015:
Her er nyheitsmeldingar som har vore lagde ut på vikebygd.org i år 2015 |
I heile 2015: 139 700 besøk / lesarar på VIKEBYGD.ORG.
Totalt søketreff /"Hits" 4 126 200 |
Juletrefesten
av Steinar Sk. 28.12.2015
Juletradisjonen som vert halden i hevd på bedehuset
Før var det mange juletrefestar, nå er det berre
ein igjen. Her samlast 40 vikebuar til julesong og juletregang.
Les meir her |
Fullsett kyrkje
i Austre Vikebygd på julaftan
Bygda starta julefeiringa i kyrkja
av steinar Sk. 24.12.2015
Korpset var på plass
og på orgelkrakken sat Arne Tveit som også spela saman med Helge Veastad
på gitar.
Les meir her |
Grøn jul i Vikebygd
Mildvêr og vind
prega julefeiringa
av steinar Sk. 28.12.2015
Men også snø og
litt kulde i romjula
Les meir her |
Vikebygd I.L. introduserer:
Enjoy bonusguiden – fordelskort.
Les meir her |
Konsert med
lokale krefter
Julekonsert i kyrkja 13. des, der ein kunne tenne det tredje lyset i
adventskransen og syngja jula inn.
Les meir her |
Kyrkjebladet Hyrdingen sitt
advents- og julenummer
Sjå juleteikningane og
les om jula i Hyrdingen |
Lysmesse i kyrkja 6. des.
60 ungdomar laga lysmesse
av Steinar Skartland 6. des.
Levande ljos var tende i hendene på konfirmantane og speidarane.
Benkene frå midten og bakover var fullsette. Jon Ådnøy
kunne tala om Jesus som seier: - Eg er ljoset i verda.
Les meir her |
Julekonsert i Skjold Kyrkje 4. des.
med koret Scala, tenoren Ole M Velde
og sopranen Isabel Espelid.
av Steinar Skartland
Les meir her |
Tenning av lysa på juletreet 4. desember
Ein tradisjon med korpsmusikk, fakkeltog og julegraut på Gamlatunet
Les meir her |
ADVENT
og julehøgtid!
I Noreg seier vi ikkje Kristus messe, men jul. Kristen
julefeiring er feiringa av at Gud blei menneske. Advent betyr
komme eller ankomst og er ei førebuingstid
for å ta i mot Jesus. Opphavet til julenissen i feiringa
vår vert knytt til 'Den heilage Nikolas', ein prest frå 400 talet.
Les meir her |
Ope møte i Vikebygd 1. desember.
Vikebygd Grendautval -
Årsmøte og flyktningdebatt
Les meir her |
Anita og Jakob vart kåra til Årets vikebuar 2015
av Steinar Skartland 28.11.2015
Det var ei svært overraske Anita Øvstedal
som måtte opp på scenen og motta prisen.
Les meir her. |
Tradisjonell julemesse
av
Steinar Skartland 28.11.2015
Korps, Graut og julehandel med handverk og heimelaga. Vikebuen arrangerte si tradisjonelle julemesse laurdag 28.11.
Og mykje folk kom.
Les meir her. |
Norske Talenter - TV2
Jone Bjerga kom
til semifinalen
Godt gjort!
av Steinar Skartland 7.11.15
Les meir her |
Dommersnes næringsområde
i formannskapet
av Steinar Sk. 3.11.2013
Rådmannen fekk ikkje formannskapet med på å
redusera storleiken på Dommersnes Industrifelt.
Les meir her |
HARDHAUSEN
Alle seks nutane i Vikebygd på ein dag.
Foto Roald Årvik, 1.11.2015.
Turen gjekk frå Skartland til Bjordal i overkant av to mil i fjellterreng,
med store høgdeforskjellar frå dal til topp.
Les meir her |
All-idrettsdag
Konkurrerte på tvers av generasjonar
av Steinar Skartland 4.11.2015
Etter opninga av
'Kjekt i Vik -hallen' laurdag 31. okt., starta idrettslaget opp sin
årvisse All-Idrettsdag. Ein dag der store og små deltok i lag.
Les meir her |
Avvikling av
Vikebygd Vassverk
Kommunen overtek.
Status frå avviklingsstyret i Vikebygd vassverk Vik, 25.10.2015. Brevet frå styret til andelshavere.
Les meir her
Last
ned brevet her |
Laurdag 31. oktober
klokka 12:00
starta arrangementet:
OPNINGA AV
KJEKT I VIK - hallen
Kulturminister Thorhild Widvey
stod for opninga med tale og snorklipping. Rosa innsatsen for å få til
prosjektet og lova å sjå på reglane for støtte og tippemidlar.
Les
heile artikkelen her |
Handle lokalt
av Steinar Sk. 31.10.15
Samtidig med opninga av Kjekt i Vik hallen så markerte
Jokerbutikken ein dag for Nærbutikken. Ei oppfordring til å bruka
nærbutikken i bygda. Rolf Alne hadde laga fleire porsjonar med røre.
Utover dagen steikte han stablar med vaflar og serverte kundane kaffi og
vaflar på drøsestova.
Med seg fekk dei
10 gode grunnar for å handla lokalt.
Les meir her. |
Speidarane i Vikebygd
Fellesmøte Bakkjen
onsdag 28. oktober
av Johannes Skartland 29.10.2015
Les meir her |
TV-aksjonen
til Regnskogfondet
Vikebuane ga 16.592 kroner
av Steinar Skartland 20.10.15
8 vikebuar stilte med bøsser i tillegg til ein
som organiserte dette.
Les meir her. |
Grendautvalet.
Møte med Vegvesenet om utbetring av Vikevegen
Referat: Franz Lea, Grendautvalet, 22.10.2015,
Grendautvalg hadde møte 22/10, med Statens vegvesen og befaring på
utsette plassar.
Les meir her |
Vindafjord kommunestyre konstituert 21.10.2015
Ole Johan Vierdal og Steinar Skartland
vald
som ordførar
og varaordførar
2015 - 2019.
av Steinar Sk. 21.10.2015
Alle 8 partia i kommunestyret var på førehand blitt einige om kven dei ville ha i
formannskap og utval, etter prinsippet om forholdstal. Valet vart derfor gjennomført som avtaleval.
Les meir her
|
Ole Johan Vierdal, Steinar Skartland,
Rune Hetland
Ordførar
Varaordførar Formannskapsmedl. |
|
Grannar-karusell
av Jon Magne Svendsbøe, 1.10.2015
Resultata
i årets orienteringskarusell
mellom
klubbane i Vikebygd, Bjoa, Ølen og Vindafjord.
Les meir her |
Dommersnes
Ind. omr.
GU -25.09.2015
Grendautvalet vil ha eit ord med i laget om sal og disponering av
Dommersnes Industriområde.
Les meir her, og
brevet frå
Grendautvalet til kommunen. |
Les om
korleis DU kan nytta Longåsdalshytta og om open hytte siste onsdagskveld i månaden.
Les meir her |
Familiedag på Longåsdalshytta
SØNDAG 20. sept.
av Steinar Skartland 20.9.2015 Helga 18.-20. sept. var det
travelt på hytta i Longåsdalen.
Les meir her |
Landbruksmesse i Ølen
Med saft og gele frå Naustvika
av Steinar Skartland 26.9.2015
Laurdag 26. sept. hadde
Vindafjordbonden
invitert til ein uvanleg og triveleg dag for heile familien i Ølen.
Les meir her |
Kyrkjevalet
Valet til felles sokneråd.
Deltaking:
Skjold 29%, Vikebygd 38%
av Steinar Skartland 16.9.2015
Faste medl. frå Vikebygd vart: Brit Nelly Ness Tveit,
Øyvind Valen,
Dag Nagel Alne
Les meir herSjå dei
innvalde til alle sokneråda i Vindafjord |
Ole Johan Vierdal (SP) held fram som ordførar og
Steinar Skartland (KrF) som varaordførar
av St. Skartland 16.9.2015
Rune Hetland kom i formannskapet.
Les meir her |
Jone Bjerga gjekk vidare i Norske talentar.
av Steinar Skartland 13.9.2015
I konkurransen som vart vist på TV2 på fredag kveld fekk Jone Bjerga god
tilbakemelding frå panelet
og vart stemt vidare i konkurransen:
Norske
talentar. |
Kommunestyrevalet
Steinar Skartland og Rune Hetland
kom inn frå Vikebygd
av
Steinar Skartland 15.9.15
Ole Johan Vierdal blir ordførar og Steinar Skartland varaordførar. Rune
Hetland får plass i formannskapet.
Les meir her |
Tom R. Aadland vann lokalt musikkstipend
av Steinar Skartland 13.9.2015
Musikkstipendet LOKAL KRAFT.
Stipendet har ein verdi på kr 125.000 og skal brukast til å spela inn
eit album i ABC Studio i Etne
Les meir her. |
Siste dugnads-innspurt
før grasmatta vert lagd
Av Steinar Skartland 11.09.2015
Torsdag 11. og fredag 12.9. var det hektisk med avretting av gruslaget inne i
hallen. Helge Helgesen køyrde valsen som komprimerte grusen.
Les meir her |
Siste sommarsdag kom i slutten av september
Haustdag med 22 grader i lufta
av Steinar Skartland 11.9.2015
I starten av september kom sommarstemning, med sol og temperaturar over
20 grader. Etter helga kom
regn og haustvêr.
|
Grendautvalet med brev til kommunen
Protesterer mot:
Salg
av Dommarsnes Industriområde
8. september 2015
... må det legges til en klausul at
eksisterende industri på området og andre som har behov, får full tilgang
til kaiområdet for lassing/lossing av fartøyer.
Les meir her |
Liovel inviterte til haustfest.
Ca 100 stilte opp.
av Steinar Sk. 22.8.2015
Små og store hygga seg saman. Ole Petter og Lene underheldt.
Les meir her
Film frå haustfesten |
Politikarar på befaring langs fylkesvegen
Lytta til grendautvalet
av Steinar Skartland 14.8.2015
Rogaland KrF sine kandidatar fekk god orientering av Franz Lea.
Les meir her. |
Miriam Mandipira
& New Orleans Jazz Cab
av Steinar Skartland
Jazzkonsert i Skjold kyrkje torsdag 6 august,
Les meir her |
Namn på og i bygda:
Vikebygd, Vikevik, Austre Vikebygd
SteinarSk. 8.8.2015
Her er samla ein del lokale namn frå
Vikebygd, m.a. på fjell og nutar.
Les meir her |
S.pr. Jon Ådnøy inviterte til
Morgon-Gudsteneste søndag 2. august kl 10:00
av Steinar Skartland. 2. august.
"Med gudsteneste så tidleg så får vi morgonsola inn vindaugemåleria i
aust, og det gjer bileta ekstra flotte", starta Jon gudstenesta med.
Les meir her. |
To A-lagskampar mellom BJOA og VIKEBYGD i Juli
Laga vann kvar sin kamp
av Rune Hetland, 1.8.2015
5-1 til Vikebygd i første kamp 22. juli og 5-2 til Bjoa i returkampen 1.
august.
Les meir her |
Vikebygd ungdom på Norway cup
av Rune Hetland, 30.7.2015
Ungdommar frå Vikebygd, Skjold og Vats spela saman på Skjoldar laga som
deltok på Norway Cup. Dei nådde heilt fram til sluttspelet.
Les meir om dette her. |
Jordskjelv med senter nord for Etne,
kunne
merkast i Vikebygd 23. juli
av Steinar Skartland, 24.7.2015
Torsdag 23. juli var det eit jordskjelv som målte 2,8 på Richters skala. Senteret var 5 km nord for Etne, men også i Vikebygd kunne ristingar kjennast.
Les meir her
|
PLASSABAKERIET
Lørdag 25. juli spela: Tom Roger Aadland på Plasset, saman med THE YOUTHS med Svenn Svendsbøe.
Bytunets Antikvariske Jazzen-semble hadde konseret helga
etterpå.
Sjå Haugesunds Avis sin film og reportasje frå
bolle-baking på Plassabakeriet i Vikebygd
Intervju med Bjørn Vik
og snurringbakar
Astrid Mortveit.
Les meir på
h-avis.no
og
på Facebook |
Kan steinblokka ovanfor Skartland falla ned ?
av Steinar Skartland 10.7.2015
Steinblokka
har vore slik så lenge ein kan minnast. Heng 50 meter over bakken i veggen av fjellet Såta, like ovanfor
Skjoraberg.
Les meir her |
Laget Vikebuen arrangerte
Loppemarked og auksjon
av Steinar Skartland 4.7.2015
Laurdag 4. juli var det loppemarknad og auksjon det dreidde seg om
på Bygdahuset.
Les meir her |
VIKEBYGD
Litt frå sommaren 2015 i Vikebygd.
Les meir her |
Grasrotandelen
141 spelarar har gjeve 18.850 kr til Idrettslaget
første
halvår 2015
av Steinar Skartland 2.7.2015
Kvar gong den som har registrert seg for
Grasrotandelen til idrettslaget, deltek i spel hos Norsk
Tipping, går 5% av spelesummen deira til
Vikebygd Idrettslag. Frå Vikebygd I.L. registrerte seg for
Grasrotandelen i 2009 og fram til i dag har dette gjeve laget
samla kr 236.437.
Les meir
her. |
Stemne på Vikestølen i gammal tradisjon
av Steinar Skartland 28.6.2015
Bjarne Hjelvik tala for dei 35 frammøtte.
Det var også ei markering av 70 år med fred.
Les meir her. |
Speidarane på kanotur i Nidelva
av Øyvind Valen 27.6.2015
25 speidarar var på kanopadling i Nidelva 24.-28. juni.
Les meir her. |
Vikebuen inviterte til:
St.Hans feiring på Bryggjebakken
av Steinar Skartland 23.6.2015
Omlag 100 møtte opp til grilling og ei hyggestund.
Les meir her. |
Mykje folk samla til
Gudsteneste i Vikanestunnelen
av
Steinar Skartland 21.6.201515
Søndag 21. juni kl
17:00 inviterte sokneprest Jon Ådnøy til gudsteneste under jorda ved
Vikanes i Skjold.
Les meir her. |
Bilete frå ca år
1900. Dåp i Dommarsnes familie.
Sjå biletet og kven dei på biletet er,
Les her.
|
'Kjekt i Vik- Hallen' i rute
av Steinar Skartland 13.6.2015
Mykje dugnadsarbeid er gjort for å få ringmur og grunn på plass før sommaren.
Les meir her. |
Vikebygd Motorbåtforening.
HK-Toalettet
i båthamnana
av Roald Årvik 6.6.2015
Det er nå tilrettelagt både handikaptoalett og dusj i båthamna i
Vikebygd.
Les meir
her. |
Gunder Erichsen Tindeland
13. juni 15 LES MEIR HER
På leit etter slekt frå Tindeland -
er truleg: Gunder Erichsen Tindeland
Gunnar Erichson f. 1. juni 1774. Far hans er Erich
Tindeland. Han var gift med Sara Halvardsdtr f. 9. des. 1780 d. 19. okt.
1823.
Mange på leiting,
Les meir herSjå også i gjesteboka
for slektssøk
HER
|
Val 2015
Lite Vikebuar på listene til kommunevalet
av Steinar Skartland 6.6.2015
Valstyret har godkjent 8 lister til val på kommunestyret.
Berre 7 Vikebuar er mellom dei 131 namna som innbyggjarane kan velja
mellom på valdagen 14. september.
Les her |
Fullt hus då Vik skule arrangerte:
Kulturettermiddag 4. juni 2015
Steinar Sk./
Vindafjord kommune si websidede
Vik skule har i år tema Ålfjorden. På kulturettermiddagen på
Bygdahuset synte elevane fram kva dei har jobba med i temaet. I tillegg
var det sal av kjøtkake middag, god underhalding, laga av elevane og
konsert av VIMM frå Bjoa.
Steinar Sk./
Song av skulekoret ved Vik skule
|
Brannutrykking
til Vikebygd. Fredag 5. juni
Grannar.no melder:
Fredag 5. juni måtte brannvesenet ta turen til Vikebygd to gonger.
Første gong på morgonkvisten då nokon hadde tørka klede på omnen.
Huset vart berga, men det var noko røykutvikling. Også seinare på dagen
gjekk alarmen i Vindafjord. Men det viste seg at det berre var snakk om
bråtebrenning. |
HYRDINGEN
Klikk, last ned og les
kyrkjebladet Hyrdingen juni 2015 |
Folketalsutviklinga
- nedgang i Vindafjord på 20
personar første kvartal. font>
Barnetalet
i Vikebygd går nedover
av Steinar Skartland, 6. juni 15
Ei bygd med gode
kvalitetar og ledige tomter,
- ynskjer fleire vil flytte til bygda.
Les meir her. |
Tertialrapporten
Klikk her
for å lese tertialrapporten frå
Rådmannen om kommunen sin tilstand våren 2015. |
Vikebygd
speidarane
Avslutning for sesongen i Tongen.
Speidarane er aktive med
Leir og kanotur
juni 2015
Les meir her
|
31. mai gjekk 132 Arquebusmarsjen
av Steinar Skartland
Jubileet for 70 år sidan freden kom etter
2. verdskrigen, vart markert ved minnestøtta etter Arquebus og Bjoa-gjengen, før marsjen gjekk gjennom skogen til Årvik.
Les meir her. |
Uvanleg gjest i bygda
Trane observert på Skartland 30.mai
av Steinar Skartland,
Ei einsleg Trane spankulerte på ein åker
sør for Skartland i kveldinga 30. mai.
Les meir her |
Første spadestikk og dugnad laurdag 30. mai
Kjekt i Vik-hallen
av Steinar Skartland, 30. mai 15
Grunnarbeidet vert utført av
Koltveit maskin saman med dugnadsgjeng med traktor.
Les meir her |
Oppstart for Kjekt i Vik-hallen
av Steinar Skartland, 28. mai
Grunnarbeidet skal utførast av Koltveit maskin
og ein dugnadsgjeng med traktor og tilhengarar Sjølve hallen er tenkt montert i siste del av August.
Les meir her |
Grendautvalet med
ny webside for Vikebygd
vikebygd.no |
Flott feiring avav
Nasjonaldagen 17. mai
av Steinar Skartland 17.5.2015
Store og små kunne kosa seg ute med leiker, pølser,
brus og is. 7. klassingar held talen for dagen.
Les meir her
|
0-100 på 2,8 sekundar
Haugesunds Avis 4.5.2015
50 studentar på Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
(NTNU) har det siste året bygd ein elbil som køyrer fort. Mellom
studentane er Per Øyvind Valen frå Vikebygd. Han har bygd krasjnasa på
elbilen.
Les meir i Haugesunds Avis her. |
Investerer for ein halv milliard i
Trovåg
Haugesunds Avis 10.5.2015
I dag vert det produsert to millionar smolt på Trovåg. Om fem år skal
det femdoblast. Bremnes Seashore AS investerer mellom 450 og 500
millionar kroner på settefisk-anlegget.
Bygginga av nye hallar er allereie i gang. Totalt blir det fire nye
haller. Den første hallen skal etter planen stå klar våren 2016 og den
første leveransen derfrå skal etter planen gå ut våren 2017.
Bygginga vil gå føre seg i fleire år og planen er at prosjektet skal
vera ferdig rundt 2020,
melder Haugesunds avis. Les meir herer. |
Kristi Himmelfartsdag
Over 60 på FELLES GUDSTENESTE
i Imsland kyrkje
av Steinar Skartland 14.05.2015
Les meir her
|
Konfirmantane i Vikebygd Søndag 10. mai 2015
Gratulerer med dagen!
Rebekka Alne;
Oliver Einarsen;
Ingrid Espeland;
Adrian Fredriksen;
Even Grindheim;
Ingrid Helgesen;
Daniel Liodden;
Håvard Mortveit;
Simon Owe;
Benedikte Storesund Sætre;
Oddvar Veastad (Les også i
kyrkjebladet t
Hyrdingen.) |
La humla suse...
Ein av våre viktigaste medarbeidarar
av Steinar Skartland 9.5.2015
Dei står på frå morgon til kveld om våren.
Det summar over alt i mai.
Les meir her<. |
Lekkasje i kyrkjetaket
Sakrestiet får nytt kopartak
av Steinar Skartland, 5. mai 2015
Les meir her |
Dugnad pyntar
i parken og ved kyrkja
Les meir her |
Bygdamøte om ny kommuneplan
av Steinar Sk., 5. mai 2015.
45 Vikebuar møtte for å gi innspel til kommuneplan.
Les meir her
|
Vikebygd treng fleire innbyggjarar
Folketalet går nedover
av Steinar Skartland, 4. mai 2015
Frå eit "toppår" i 2010-2011 med 563 innbyggjarar, har folketalet sakte gått nedover i Vikebygd. Siste teljing, pr 1.1.2015 viser eit folketal på 541.
Les meir her. |
Søkjer slekt i Vikebygd
Øyvind Stigen skriver den 28. mars 2015:
Jeg har nylig fått vite at min farfar het Brigt Svendsbø. Han ble født
01.04. og døpt 03.06.1883 i Vikebygd. Hans foreldre var Ole Olsen og
Kari Anfinsdatter.
De var bosatt på Svensbø i Vikebygd.
(Kontakt er formidlet videre til rette Svendsbø-slekt)
Les meir her |
Vikebygd Grendautval informerer
av Franz Lea, 29.4.2015
Bygdedugnad, folkemøte
og lyktestolpar.
Les meir her
|
Norsk kulturminnefond tildeler støtte til
Trovåg Mølle
SS 18.4.2015
Støtte til grunnmur:
kr 8.500,-
Les meir her |
VIKESPRINTEN
søndag 26. april
JM Svendsbøe, 26.4.2015
92 orienteringsløparar stilte til start då Vikebygd IL arrangerte
Vikesprinten.
Les meir her
|
Alle sigra i Vikebygd på fotballturneringa Vikeputten
Laurdag 25. april 2015
på Vikebygd Idrettsplass |
Vikebygd Vassverk vil avvikle.
Årsmøtet ber kommunen overta.
Les meir her.
Årsmelding 2014
|
Utsikt over bygda og mange kommunar
Turstien til fjellet Såta 253 h.
av Steinar Skartland 3.4.2015 5
Ein fin tur med god utsikt over bygda.
Les meir her |
Gjer
Liofeltet meir innbydande
Steinar S. 14.4.15
Ein ivrig dugnadsgjeng rydda tomtene for kratt og skog.
Les meir her
|
Påskevêr til tur og utfart
Godt med snø i fjellet
av Steinar Skartland 2.4.2015
Mange nytta påskevêret til fjellturar på ski,
som her til Olalia.
Les her |
Skartland blir opnare og lysare
Steinar Skartland 31.3.2015
Dei 80 år gamle grantrea er saga ned, myra vert dyrka og gamle løer
rivne.
Les meir her |
Kommunestruktur og kommuneplan
Bygdamøte felles med Grendautval og kommune
5. mai kl 19:00, Bygdahuset Les meir her |
50 samla til basar for bedehuset
Steinar S. 29.3.2015
Eit
bedehus med god økonomi og mykje aktivitet, kunne markera årsmøte der det vart
attval på styret.
LES MEIR HER |
Mulighets-kartlegging av Vikevegen
av Steinar Skartland 9.3.2015
Ordførar orienterte Grendautvalet om at Vegvesenet vurderer
å kartleggje kva tiltak som krevst på FV 734
Les meir herer |
Speidarane sin årsfest
markert den 1. mars, på bygdahuset. Sketsjar, bilete, mat og nutamerker var på
timeplanen.
Les meir her |
Flest
nuteringar
av Steinar Skartland 1.3.2015
Roald Årvik har bak seg besøk på 154 nutar i 2014.
Ein verdig vinnar av nutastaven.
Nutastaven for ungdom gjekk til Tonje Bjerga som hadde vore innom toppane 55 gonger.
Les meir her |
Årsmøte i Vikebygd kyrkje
Søndag 1. mars
Les om årsmøtet her
Les også
soknerådet si
årsmelding her |
Verdas beste nynorske blogg
Bloggen
Utetid av Ingebjørg Nondal frå Odda, er
kåra til
verdas beste nynorske blogg
Sjå meir om
kåringa her.
Les bloggen her. |
Detaljregulering for naustområde på Ulvebne
Godkjent samrøystes
i kommunestyret 24.2.
av Steinar Skartland 22.2.2015
Les meir her |
Nye vegnamn i Vikebygd:
av Steinar 7.2.15
Totlandshaug, Liatoppen og Liabakken
ute på høyring.
Klikk her |
Fylkesveg 734
Asfaltdekket er lagd til Kolthaug
av Steinar Skartlandnd
Fredag 6. februar kom toppdekket på plass
på vegen sør for
Vossaplass.
Les meir her |
Vinternaturen oppover til Långåsdalen og Vikestølen
av Birte Barane 2.2.2015
Birte på skitur til Vikestølen og
Långåsdalen
Sjå bileta her |
Informasjon frå Vikebygd Grendautval
av Frantz Lea 29.1.2015
Prosjekt trafikksikring med autovern er nå fullført. Vegstrekninga frå
Bjordalsvegen og inn mot sentrum er nå blitt ein noko tryggare veg. Nokre meiner
vegen er blitt smalare, det er den ikkje, den er blitt tryggare.
Les meir her. |
1. febr.- Flottaste vintersøndagen
av Steinar Skartland 1.2.201515
Søndagen vart ein fantastisk flott dag. Mange tok turen opp til
Vikestølen og fekk oppleve eit utevêr av dei sjeldne.
Les meir
her. |
Vegarbeid
på Dommarsnes.
Utskifting av masse kvar natt
Steinar 24.1.2015
Les meir her |
Kamp for å berga skøyta då sjøen gjekk over kaien
av Steinar Skartland 10.1.2015
Med god hjelp kjempa Even for
å halda skuta utanfor kaien.
Les meir her |
Storm og høg flo
i Vikebygd laurdag 10. januar
av Steinar Skartland 10.1.2015
Ekstremvêret NINA
Les meir herLes meir
om
Ekstrevêret NINA her |
Eit vått nyttår
Snøsmelting ga høg vassføring i Dalselva 2. januar
av Steinar Skartland 2.1.2015
Les meir her |
Nyårsafta
Året 2014 tok slutt og vi gjekk inn i 2015.
Sjå årskavalkade frå 2014 her. |
Etne og Vindafjord
-felles barnevernkontor frå 1.1.2015
Kommunestyra i Etne og Vindafjord gjorde våren 2014 vedtak om ei fellesteneste
for r barnevern frå 1.1.2015. Hovudkontoret ligg i Ølen. Barnevernsleiar er
Iren Hebnes
Les meir her |
Kvit (rom-)jul
Men mildvêr igjen til nyttår
Steinar 29.12.2014
I romjula kom det 10-15 cm nysnø i Vikebygd, og grade-stokken
kraup ned mot 8 kuldegrader nokre få dagar. Når nyårsaftan nærma seg kom
mildvêret og regnet igjen og vaska bort snøen.
Les meir her, og at det går som hakka møkk. |
Utviklinga i folketalet i Vikebygd
av Steinar Skartland 19.12.2014
I 2014 var talet 558 fastbuande i bygda.
Les meir her |
Fullt hus i Vikebygd kyrkje julaftan
av Steinar Skartland 24.12.2014
Svært
mange i Vikebygd valde å dra til kyrkja og julegudstenesta julaftan,
Korset, Arne og Helge spela.
Les meir her.
|
Likar du Vikebygd.org?
Følg med på
Twitter
Totalt 164 842 besøk i 2014. Statistikk.
|
|