Klikk her og gå til framsida

Vikebygd

Sommar i Vikebygd

Sida er sist endra 1. aug 2015

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Change Coatching
Bente T. Barane
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa

Lokale Bedrifter

Change Coatching B T Barane 
Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Det 114. Vikestølsmøtet 2014 
Boka om Vikestølen på nett. 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 
 

A-lagskamp BJOA - VIKEBYGD på Bjoa Stadion
Bjoa fekk revansj på laurdag 1.aug.

A-laget frå Vikebygdav Rune Hetland, 1.8.2015

Laurdag 1. august var det returoppgjer på Bjoa etter at Vikebygd sitt A-lag slo Bjoa med 5-1 i den første av dei to kampane, onsdag 22.7. 

Bjoa fekk revansje i returoppgjeret mot Vikebygd. Heimelaget vann 5-2 etter 3-1 ved pause. 

Bjoa hadde flest sjansar og vann fortent. Men Vikebygd hadde overtaket mesteparten av av andre omgang slik at det lenge var spenning.  Måla til Vikebygd konverteres Håvard Larsen på straffe etter sjølv å ha bli felt. Det andre målet var sjølvmål av Bjoa.
Les om første kampen her
 


Sommar er det - på kalenderen
Og einskilde dagar slår han til - sommaren
av Steinar Skartland 10.7.2015

Temperaturmålaren på bilen viste 9 grader Celsius på morgonkvisten torsdag og fredag.  Me kler oss kanskje etter termometeret. Sjølv om kalenderen seier midtsommar.


Men i dag slo sola til igjen. Kvikksølvet i termometeret sleit seg oppover mot 15-talet utover dagen og bikka så vidt over. Og sola både skein og vermde.

Men om lufttemperaturen er så som så, så varmar sola godt når ho før høve til det.  Og det gjorde ho jammen på fredagen.  Litt vind, men varmt i solveggen.  Så gler vi oss over det.  Juli har vore verre før, hugsar vi og tenkjer på sommaren regnet kom St.Hans og slutta uti oktober. Då kom snøen. Den sommaren hadde Bergen to dagar som det ikkje rigna.  Trur kanskje det var den sommaren far min slo siste slåtten i starten av oktober. Før den tid var det ikkje kjangs å koma ut på bakkane med traktor og fôrhaustar.

Men så var det dette med "manns minne" då. Det vi hugsar mest er sommaren i fjor, der termometeret streva seg opp over 30 talet.  Eller sommaren som det var så lite regn at bønder leigde tankbil for å køyra vatn frå Bleifossen og fylla i kjeldene - for at dyra skulle få drikka i drikkekara. Det var tomt både her og der.  Jo, slike somrar hender det at vi får.  Men det er ikkje utan grunn at uttrykket "felles regnet" kom om juli månad. Det vanlegaste vêret vi har i Vikebygd er faktisk regnbyger i juli.  Sol er det mest av frå 17. mai til St. hans og så når skulen tek til igjen uti august og borna skal sitja inne i klasserommet.  Men slik er det nå.  Til all lukke så gjelde det: "Det finnes ikkje dårleg vær - berre dårlege klær".   God sommar!

... og midt oppi alt ... Jorda er varmare enn nokon gong, men vi får kald luft frå polområda. Og ... Illustrert vitenskap skriv at:
"Økt drivhuseffekt kan gi oss istid"
Så vêret - da kan vi ikkje rå med.
 
 


Mannen lar venta på seg 
Men også ovanfor Skartland kan steinblokker falla
av Steinar Skartland 10.7.2015

Han har vore slik så lenge eg har levd. Kanskje han støar seg mot noko trygt, steinblokka som er laus i veggen av fjellet Såta, like ovanfor Skjoraberg.

Stor steinblokk - klikk her så blir ho endå størreStorleiken kan ein kvar vurdera når ein samanliknar med dei gamle furutrea som veks ved sida av. Blokka heng vel ein 50 meter opp i loddrette fjellsida.

Sprekken mellom steinblokka og fjellet er truleg på ein-to meter breidde i toppen.  Når vi går ut, vi som bur rett nedanfor steinblokka, så løftest augene opp mot denne steinen, titt og ofte. Mon tru om sprekken er vidare i dag? Men slik har han stade i manns minne

Les meir her 


FOTBALLKAMP Vikebygd - Bjoa
5 - 1 til Vikebygd på heimebane

Fotos: Rune Hetland; Tekst/oppsett: Steinar Sk. fritt etter innspel frå Rune :)
 
Onsdag 22. juli 2015 var det kamp på fotballbanen i Vikebygd mellom A-laga i Vikebygd og Bjoa.
 
Etter ein første omgang der Vikebygd leia 1 - 0 over det gjestande laget, kom ein målrik andre omgang der Vikebygd skora 4 mål og Bjoa fekk ballen berre ein gong mellom målstengene. Dette sette sluttresultatet til 5 - 1 i Vikebygd sin favør i den tradisjonelle og venskapelege sommarskampen mellom nabobygdene.
A-laget frå Vikebygd
Det har blitt ein tradisjon med to A-lagskampar mellom Bjoa og Vikebygd om sommaren. Då stiller godt vaksne og unge vaksne frå begge bygdene opp og spelar ein kamp i kvar bygd. Desse kampane er og ein inspirasjon til treningar for dei vaksne gjennom sommaren. Mange av spelarane er gjennom året på skule eller arbeid på ulike stader, men kjem saman i bygda om sommaren. I Vikebygd brukar dei å starta med treninga i juni og har faste treningar gjennom sommaren. Alderen varierer også ein del mellom dei yngste og eldste på laget.
 
For bygdefolk og feriegjester som sjølv ikkje deltek på laga, er det flott med alle lokale tiltak som dei kan få delta på, mellom anna som tilskodarar på fotballkampen. I år var det fleire som i tillegg til å vera heiagjeng, også hadde lagt innsats i det underhaldande.
 
 
Foto Rune Hetland
Håvard Larsen "viser musklar" etter å ha scora mot Bjoa.

Foto Rune Hetland
Bråkeberget helt liv i heiagjengen
(Kanskje avgjerande for resultatet?)

Les meir her


Laget Vikebuen arrangerte
Loppemarked og auksjon på auksjon
av Steinar Skartland 4.7.2015

Det manglar ikkje på gode tiltak i Vikebygd. Gjennom dugnad og deltaking ver liv og glede skapt når eit av dei mange aktive laga steller i stand. Laurdag 4. juli var det loppemarknad og auksjon det dreidde seg om på Bygdahuset.

Det var lang kø på Bygdahuset alt klokka halv tolv. Inne på storsalen var lagt fram mange fine ting frå eit dødsbu.  Det var tydeleg at tidlegare eigarar hadde stelt godt med tinga sine og hadde uttrykt ynskje om at det skulle haldast auksjon der inntektene skulle brukast i Vikebygd.  Den første timen vart mykje av dei flotte tinga kjøpte og borne ut eller merka at det var kjøpt. Laget Vikebuen fekk god inntekt på dette loppemarkedet. Noko dei vil bruka på ulike tiltak i bygda som dei deler ut midlar til.

Så kunne ein ta ei stund med kaker og kaffi i kafeen fram til Svein Haakull entra scenen klokka 14:00. I salen hadde det benka seg omlag 60 personar. Nokre for å prøva seg med bod på gjenstandar dei hadde sett seg ut, andre for å oppleva stemninga og underhaldninga som ein auksjon kan vera.  Dei fleste var frå Vikebygd, men også nokre tilreisande som nok var vane med både auksjonar og å vurdera verdien på det som skulle under hammaren.

På scena stod utvalde ting som skulle auksjonerast bort om ein fekk minsteprisen.  Og det var ein dyktig auksjonarius som fekk opp stemninga og buda. Her var også nokre få, men spesielle møbler, som dette sminkebordet som fekk seg ny eigar.

Høgast pris oppnådde eit gamalt sybord frå 1909, som Sunniva kunne ta med seg heim til ein pris på 4500 kroner.  Men eit flott, velhalde og antikk møbel er dette bordet som også inneheldt nåler og tråd, klar for syarbeid.


 

Service i god stand var det mange som ville sikra seg. Då Geir Vårvik fekk tilslaget på dei flotte fruktfata med gullkant, kom det frå auksjonarius at nå kom folk til å ta med seg frukt når dei kom på besøk, berre for å få lov til å eta frukta på dei flotte tallerkane. Ei flettekorg gjekk for 150 kroner etter at Svein Haakull hadde fortald at i den hadde det både vore mykje pengar, slangar og ei bomba.  Men til å ha strikketøyet i kan ho gjera god nytte. Første gang, andre gang og så vart budrundane avslutta med at Svein smelte hammaren i ein bokstabel så det song.  Og fekk du ikkje oppleva stemninga, så få ein smakebit i filmen nedanfor her.
 
//vikebuen.vikebygd.org/#!album-90
Auksjonarius Svein Kåre Haakull, saman med Anne Brith Skogen Haakull, stod for auksjoneringa frå scena i Bygdahuset med styret i laget Vikebuen overvaka det heile iført gule refleksvestar. Dei som fekk tilslaget fekk utdelt ein lapp med nummeret på gjenstanden og måtte etterpå betala kontant dei summane dei hadde baude.  Det var ikkje alt som vart seld. Det var derfor høve til å kjøpa gjenstandar også etterpå auksjonen, til minsteprisen.  Restane etter loppemarknad og auksjon vil enten bli teke vare på til seinare auksjonar, eller kjørt til "Skattekammeret" på Toraneset. 

Les meir her 

 

Tilbake til hovudsida

 

Link til FOTOALBUM for Vikebygd

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2015 ser du her.


Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
Fotoalbum frå kvelden
ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

2015
Juli
Gode resultat i Norway Cup
Jordskjelv merkast i Vikebygd
Fotballkamp Vikebygd-Bjoa
Sommar i Vikebygd
Auksjon og loppemarked
Juni
Vikestølsmøtet 28. juni
Speidarar i kano på Nidelva
St.Hans feiringa
Gudsteneste i tunnelen
Leit etter slekt
Dugnad på Kjekt i Vik hall
Barnetalet minkar
HK-toalett i båthamna
Speidarane i Tonjen
Mai
Frigjeringsjubileet
Arquebusmarsjen 15.5.
Kjekt i Vik hallen
Tranefugl i bygda
Nasjonaldagen
Vår i hagen
Bygdamøte 5.5.
Fjelltur 3.5.
April
Vikesprinten 26.4.
Kommunestruktur
Vikeputten 25.4.
Vassverket avviklar
Muligheter for FV 734 ?
Mars
Nominasjon og lister
Det vårast i fjellet
Idrett og orientering
Vikevegen
Årsmøte i kyrkja
Speidarfest og Nutastavar
Årsmøte i Vassverket
Februar
Naustområde Ulvebne godkjent
Asfaltering på Dommarsnes
Skitur i vinterlandskap
Januar
Stormflo 10. jan.
Nedbør og mildt nytt år
2014
Romjula 2014
Julegudsteneste 24.12
Ny bru ved Vossaplasset
Julekonsert 14.12.14
Kor e' Vindafjord 10.12.
Lysmessa i kyrkja 7.12.
Lysa vart tende på juletreet
Årsmøte i Grendautvalet
Svanene på plass i bygda
Globalcafe med Speidaren
Familiegudsteneste 9.11.
Fornyar klubbhuset i båthamna
Grunnlovsjubileet 5.11.
Nytt kjøkken og kafe
Mitt Fargerike Nabolag
Frukost & konsert på butikken
Ymse frå november 2014
Tysvær Vepro steller graver
TV-aksjonen 2014
Veg til Vikestølen
Folketalet går ned
Tur til Longåsdalen
Ymse frå oktober 2014
Fotballkampar i Vikebygd
ÅRET 2014

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011
2012
2013
2014
2015

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013
2014
2015
kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.orgg
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.orgrg