Klikk her og gå til framsida

Vikebygd

Julefeiring i Vikebygd - Ein levande tradisjon

Sida er sist endra 28. des. 2015

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Change Coatching
Bente T. Barane
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa

Lokale Bedrifter

Change Coatching B T Barane 
Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Det 114. Vikestølsmøtet 2014 
Boka om Vikestølen på nett. 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Julepynt i kyrkja.
Englane ber bod
 
Fullsett kyrkje i Vikebygd julaftan
Bygda ville starta julefeiringa i kyrkja
av steinar Skartland 24.12.2015

Fullsett kyrkje i Vikebygd julaftan.
Foto Steinar S
Parkeringsplassen og begge sider av vegen var full av bilar då klokka nærma seg 16 på julaftan.  Inne var det fullt i benkene og kyrkjetenaren kunne rapportere om 263 som hadde funne seg ein plass.  Likevel var det nok mulig å få inn nokre til om ein sette seg tettare, og alle fekk sitja. Korpset spela fleire nummer. Helga Veastad på gitar og Arne Tveit på kyrkjeorgelet spela julesongar i lag.  Prostiprest Eldbjørg Andreassen forretta gudstenesta som både hadde rom for juleevangeliet frå Lukas 2, 1-20, og applaus til dei flinke musikkarane.  I midtgongen stod ei krybba som skulle symbolisera Jesusbarnet som vart fødd for over 2000 år sidan og danna grunnlaget for vår kristne tradisjon.
 Dirigent Andreas Ulveraker   Prostiprest Eldbjørg Andreassen

Korpset spelar
Skule- og ungdomskorpset like dyktig som alltid under sin erfarne dirigent Andreas Ulveraker. Men så er korpset også så heldig å ha med seg ei rekkje erfarne vaksne som trufast stiller opp, år etter år. Dette er nok både ein inspirasjon og ein styrkje for dei unge i korpset som utruleg raskt lærer seg å spela og stødig følgja takt og tone. Denne gongen fekk dei spela for ei fullsett kyrkje av festkledde bygdefolk og julegjester i alle aldrar.

God jul til alle i bygda.

(Fleire bilde kjem seinare.  Send gjerne inn litt frå julefeiringa i bygda, som kan nyttast på web.  tips@vikebygd.org  )


Grøn jul i Vikebygd 2015
Mildvêr, regn og vind juledagane
litt snø og kulde midt i Romjula, før kraftig vind frå søraust og mildvêr til over nyttår.

SS 25.12.2015

YR sine meldingar for Vikebygd varslar opphaldsvêr, flau vind (svak 2 m/sek) laurdag, aukande framover til onsdag, opp mot stiv kuling og regn onsdag.  Temperaturar på 1-4 varmegrader fram mot tysdag, 6-7 grader onsdag-torsdag i romjula. Mildvêret held fram til over nyttår. Vi må nok vente med å prøve skia ei stund. Litt snøbyer laurdag, men den blir nok ikkje liggjande.



Klikk på illustrasjonen over for å få oppdatert 10 dagars varsel frå Yr. 

 
Nokre dagar med kulde og snø ga julestemninga
Kvit romjul
av Steinar Skartland 28.12.2015

Julefeiringa vart prega av mildvêr med regn og vind. Men søndag og måndag i romjula fekk bakkane eit tynt lag av snø og folk kunne vakna opp til is på vasspyttane.

 
Vikefjella såg ut som om nokon hadde dryssa melis over dei. Toppar og fjellsider var dekka av snø. 


- 3.söndag i advent, me har hatt ein fin, kortreist julekonsert i Vikebygd kyrkje, skriv Ingrid M Sørvåg på facebook etter at konserten med 175 gjeste i benkene, var ferdig. Alle som deltok var frå bygda, og alle var flinke.  - Takk til Andreas, korpset, Ida Karoline, Tonje, Stina, Vegard, Sandra, Iselin, Sunniva, Jone, Arne, Helge og lydmann Rolf. Takk til alle som kom også!
Konserten resulterte også i ei fin gåve til Kirkens Bymisjon.

Arne Tveit Og Helge Veastad

Jone Bjerga

Arne Tveit og Marijann Belt Larsen

Sunniva Tveit og Iselin Eidhammer Tveit

Vegard Skartland og Sandra-Maria Bjørnset Sælemyr

Korpset leia av dirigent Andreas Ulveraker

Foto:  Ingrid Mathilde Sørvåg
Facebook
 

God oppslutnad om julekonserten der ein kunne tenne det tredje lyset i adventskransen, og syngja jula inn.

 
 

Lysmesse i kyrkja 6. desember
Flott ungdomsflokk laga lysmesse

av Steinar Skartland 6.12.2015

Klikk på biletet for å opna eit større format.
60 unge laga ei flott lysmesse på søndagskvelden. Det var mørkt i kyrkja, men etter kvart som fleire levande ljos var tende i hendene på konfirmantane og speidarane, kom konturane av kyrkjerommet fram. Benkene frå midten og bakover var fullsette. Framme var det rom for ungdommen som fekk lysa opp i rommet og delta med lystenning, tekstlesing og bøner, medan sokneprest Jon Ådnøy kunne tala om Jesus som seier: - Eg er ljoset i verda.

Midt under lysmessa tok kraftige haglbyer til. Det tromma kraftig på tak og vindauge - og så gjekk straumen. Heldigvis var det levande lys som var i bruk i kyrkja - så programmet kunne halda fram. Arne Tveit flytta seg frå kyrkjeorgelet til pianoet framme i kyrkja der han fekk hjelp av konfirmantar med  stearinlys og lommelykt for å sjå notane.  Dei som kunne tekstane utanåt på songane, song kraftig i så dei andre også kunne fylgja songane. "La oss vandre i lyset - slik som han er lys".

Først når lysmessa var over og folket var på veg ut, kom straumen tilbake. Med tette skyer på himmelen var det ikkje lett å føta seg ned trappa for dei første som kom ut. Ein fekk oppleva kor viktig det er å ha eit lys når det er mørkt.

Først når lysmessa var over og folket var på veg ut, kom straumen tilbake. Med tette skyer på himmelen var det ikkje lett å føta seg ned trappa for dei første som kom ut. Ein fekk oppleva kor viktig det er å ha eit lys når det er mørkt.


Likar du Vikebygd.org?

Følg med på Twitter
Totalt 164 842 besøk i 2014. Statistikk.  

til hovudsida for Vikebygd



Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
Fotoalbum frå kvelden
ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

2015
Desember
Tradisjonsrik juletrefest
Mann av huse til kyrkje julaftan
Konsert med lokale krefter
60 unge med levande lys
Konsert med koret Scala 4.12
Korpsmusikk og fakkeltog
Grendautval og flyktningar
November
Julemesse på Bygdahuset
Flyktningar til kommunen
Oktober
Opning av Kjekt i Vik hallen
Utemøte med speidarane
Vassverket avviklar
Grendautvalet: Møte om vegen
TV-aksjonen 2015
Kommunestyret konstituert
Grannarkarusellen-resultat
September
Med gele og saft til Ølen
Kulturminister opnar hallen
Familiedag i Longåsdalen
Soknerådsval 14. sept.
Valet 14. sept.
Aadland fekk musikkstipend
Kjekt i Vik Hallen ferdig
August
Haustfest i Lio
Synfaring på fylkesvegen
Lokale namn i Vikebygd
Revansj til Bjoa
Morgon gudsteneste
Juli
Gode resultat i Norway Cup
Jordskjelv merkast i Vikebygd
Fotballkamp Vikebygd-Bjoa
Sommar i Vikebygd
Auksjon og loppemarked
Juni
Vikestølsmøtet 28. juni
Speidarar i kano på Nidelva
St. hans feiringa
Gudsteneste i tunnelen
Leit etter slekt
Dugnad på Kjekt i Vik hall
Barnetalet minkar
HK-toalett i båthamna
Speidarane i Tonjen
Mai
Frigjeringsjubileet
Arquebusmarsjen 15.5.
Kjekt i Vik hallen
Tranefugl i bygda
Nasjonaldagen
Vår i hagen
Bygdamøte 5.5.
Fjelltur 3.5.
April
Vikesprinten 26.4.
Kommunestruktur
Vikeputten 25.4.
Vassverket avviklar
Muligheiter for FV 734 ?
Mars
Nominasjon og lister
Det vårast i fjellet
Idrett og orientering
Vikevegen
Årsmøte i kyrkja
Speidarfest og Nutastavar
Årsmøte i Vassverket
Februar
Naustområde Ulvebne godkj.
Asfaltering på Dommarsnes
Skitur i vinterlandskap
Januar
Stormflo 10. jan.
Nedbør og mildt nytt år
 

Vêrvarsel time for time for Austre Vikebygd i Vindafjord (Frå YR.NO)

Last ned 10 dagars varsel - som pdf   
VÊRVARSEL for VIKEBYGD    VÊRVARSEL for Nordabygda    VÊRVARSEL for Trovåg 
Allergisk? - sjekk: POLLEN VARSELET her i perioden
Februar-August

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011
2012
2013
2014
2015

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013
2014
2015
kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.org
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org