Klikk her og gå til framsida

Vikebygd

Sankt Hans feiringa 2015

Sida er sist endra 23. juni 2015

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Change Coatching
Bente T. Barane
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa

Lokale Bedrifter

Change Coatching B T Barane 
Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Det 114. Vikestølsmøtet 2014 
Boka om Vikestølen på nett. 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 
 
Laget Vikebuen inviterte til:
St.Hans feiring 23. juni på Bryggjebakken

av Steinar Skartland 23.6.2015
 


Vi hadde ingen oppteljing, men rusar det til omlag 100 personar i alle aldrar, som samla seg i seks-tida nede i båthamna i Vikebygd. Dei hadde med seg pølser, karbonadar eller grillspyd med kylling. Andre var meir tradisjonelle og tok fram pakkar med grillpølser.  Kvinnene i laget Vikebuen har gjort det til ein tradisjon å invitera til Sankt Hans feiring like ved den gamle Prestebryggja i Vikevik.  Oppfor båthamna går Bryggjebakken, ein stor plen og friluftsområde til fri bruk for bygda. Her er også nokre leikeapparat sette opp. 

Klikk for større bildeI vår fekk Grendautvalet på plass ei grillhytte. Romleg og med opne vegger. I midten ein stor, mura grill og rundt ytterkanten av hytta, store flate steinar som ein kan sitja på.

Både her og ute lyste dei glødande grillkola mot oss då vi kom nærmare.  I den kjølige midt-sommarkvelden, der termometeret berre viste 11 grader, var det godt å kunna stilla seg med ein av grillane. Leggja på kjøtmat og kjenna lukta av steikeos.  Folk stod tett rundt grillane. Det var middagen denne dagen som skulle lagast. Andre valde å stilla seg i kø borte ved båtforeininga sitt bygg.  Her kunne dei kjøpa kaffi, kake og nysteikte lappar med bringebærsyltetøy og rømme. Dei Borna kunne leika i vasskanten medan mødrene passa påeldste pakka seg inn i varme klede og pledd, men nede i vasskanten var det fleire av borna som bretta opp buksene og vassa til knes. 

Attmed bålet var det ikkje lett å stå. Det vart tend på klokka 18, som plakaten forkynte. Presise som alltid. Gammal, tørr panel og 12-13 Europallar var basis.  Det brann og vermde så voldsomt at her måtte ein tokka seg godt unna om ikkje håret skulle ta til å krølla seg i nakken.

Folk kosa seg, om det ikkje var noko meir program enn å stilla opp og vera med. Sakna kanskje tonane av eit trekkspel i bakgrunnen, eller ein trubadur med gitar. Så kunne ein og annan fått varmen i seg med ein svingom rundt bålet.  Borna derimot, og dei var det mange av, brydde seg ikkje om den kjølige lufta. Dei leika på Bryggjebakken eller nede i fjøra. Vatnet var lågt i dag, ikkje som under stormfloa i januar då trea hadde vatnet langt oppover stammene.

Men praten gjekk rundt borda her i båthamna. Kjekt å treffast og fretta nytt frå bygdene rundt oss. Nye og gamle vikebuar og nokre få ferierande som kunne prata og le i saman. Det var også varmande i denne familiekvelden som samla folk til bålfest.

Båtforeininga har gjort mykje for å leggja til rettes her.  Nå har dei også avtale om å disponera Prestabryggja. Ein ny rad med flytebryggjer skal monterast utanfor den til hausten. Oppe på parkeringsplassen låg ei stor mengd med gamle lastebildekk.  Dei skal fyllast med betong og nyttast som oppankring av flytebryggjene.  Tjukke trosser var det og samla her til å fortøya lodda til bryggjene med.  Dette er også eit av mange dugnadsprosjekt bygda står saman om.  Det er noko av det som gjer det kjekt og triveleg å bu her i Vikebygd. Vi har kanskje lite av diamantar og gull, men mykje av grøne skogar, fjell og fjord med fisk i. Skulle fleire få lyst til å dela på denne idyllen, ved å bli fastbuande i bygda, så er her mange ledige tomter ved sentrum.

Klikk for stort bilde

Vikebuen inviterte til St.Hans feiring. -Ta med eigen grillmat. Vi held grillen varm og tenner bålet kl 1800, sa dei. Og bygdefolket tok i mot oppfordringa. Sjå plakaten her  
Sjå også her frå feiringa i fjor  

 

Kvifor feirar vi Sankt Hans? Kvar kjem skikken i frå?
Kvelden (Aftenen) den 23. juni, sankthansaften, er "vigiliefeiringa" før festdagen for Johannes Døyperen. Lukasevangeliet i Bibelen gir haldepunkt for at Johannes blei fødd omkring seks månader før Jesus (jamfør engelen sine ord til Maria ved då han kom med bod om at ho skulle verta mor til Jesus -link). Derfor er festdagen fastlagt til 24. juni, seks månader før Kristi Fødselsfest. (Kjelde: Wikipedia).

 
Vigilie kjem frå det latinske ordet vigilia som tyder vakenatt. I den romersk-katolske kyrkja er vigilie namnet på ei nattleg gudsteneste før store høgtider, til dømes før jul og påske. (Kjelde: Allkunne.no)
 
 
 
 

Tilbake til hovudsida

 

Link til FOTOALBUM for Vikebygd

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2015 ser du her.


Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
Fotoalbum frå kvelden
ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

2015
St.Hans feiringa
Leit etter slekt
Dugnad på Kjekt i Vik hall
Barnetalet minkar
HK-toalett i båthamna
Speidarane i Tonjen
Frigjeringsjubileet
Arquebusmarsjen 15.5.
Kjekt i Vik hallen
Nasjonaldagen
Vår i hagen
Bygdamøte 5.5.
Fjelltur 3.5.
Vikesprinten 26.4.
Kommunestruktur
Vikeputten 25.4.
Vassverket avviklar
Muligheter for FV 734 ?
Nominasjon og lister
Det vårast i fjellet
Idrett og orientering
Vikevegen
Årsmøte i kyrkja
Speidarfest og Nutastavar
Årsmøte i Vassverket
Naustområde Ulvebne godkjent
Asfaltering på Dommarsnes
Skitur i vinterlandskap
Stormflo 10. jan.
Nedbør og mildt nytt år

2014
Romjula 2014
Julegudsteneste 24.12
Ny bru ved Vossaplasset
Julekonsert 14.12.14
Kor e' Vindafjord 10.12.
Lysmessa i kyrkja 7.12.
Lysa vart tende på juletreet
Årsmøte i Grendautvalet
Svanene på plass i bygda
Globalcafe med Speidaren
Familiegudsteneste 9.11.
Fornyar klubbhuset i båthamna
Grunnlovsjubileet 5.11.
Nytt kjøkken og kafe
Mitt Fargerike Nabolag
Frukost & konsert på butikken
Ymse frå november 2014
Tysvær Vepro steller graver
TV-aksjonen 2014
Veg til Vikestølen
Folketalet går ned
Tur til Longåsdalen
Ymse frå oktober 2014
Fotballkampar i Vikebygd
Fairtrade kommunen markert
Aktivitetsdagen 20.9.
Sopp kurs 12-13. sept
Vikestølsmarsjen
Fv. 734 - Vikevegen
Friluftsrådet 30 år
Sjømannsmisjonen 150 år
Nytt kjøkken på Bygdahuset
Skulestart i Vikebygd
Heidra for idrettsinnsats
Ekstremvêret Lena
Vikebygd-Bjoa 5-2
Supermånen i 2014
På leit etter røter på Fossel
Speidarane på leir i Asker
Stiar merka i fjellet av Roald
Speidarar på Landsleir
Vikebygdfestivalen 19.7.
Radio 102 show frå Plasset
Murmansk reise
Vikestølsmøte 6.7.
Ny Olalihytte opna
Sankt Hans-feiringa
Strandloppis
Diverse frå mai-Juni
Speidarane i Vikebygd
17. mai 2014 i Vikebygd
Brot i Landbruksforhandlingane
Tildeling frå Bakkevig's fond
Vikesprinten 3.5.
Fjelltur på stiar i Vikebygd
Samanslåing av kyrkjesokn?
Vikeputten 2014
Litt frå April
Utviding av gardsbruk
Bondevenner 2014
Tindelandsnaturen
Veg mellom Lio1 og Lio2
Skulen sin Kulturettermiddag
Mura trinn i Glommeskar
Folketalsutviklinga
Dåpsskulen
Språket vårt
Bryggjebakken og båthamna
Kvinner i Vikebygd 1946
Husmorlager anno 1935
Vegard vidare i N. Talenter
Skjold og Vikebygd eit sokn
Speidarfest og nutafantar
Tilbakeslag for Vossaplasset
Stimerking i Vikefjella
Idrettslaget
Kyrkjesundag 19.1.
Uvêr og storm
Juletrebrenning
Grasrotandelen
Nyttårsfest
Godt Nytt År
Jubilanten Per Dommersnes
Årets Vikebu kåra
ÅRET 2014

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011
2012
2013
2014
2015

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013
2014
2015
kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.orgg
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.orgrg