Klikk her og gå til framsida

Vikebygd

JULEGUDSTENESTE I VIKEBYGD KYRKJE

Sida er sist endra 24. des. 2014

Motorbåtforening

KLOKKARGARDEN
FOTOALBUM
VISIT VIKEBYGD
HYRDINGEN
VINDETREET sogeskrift
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule 
Vik barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Info. frå Regjering
og departementet
Bedriftene i bygda
Vindafjord Tomteselskap
Vi ynskjer alle ei velsigna julehøgtid og eit Godt nytt år

Fullt hus i Vikebygd kyrkje julaftan
av Steinar Skartland 24.12.2014

At det er ein tradisjon for folket i Vikebygd å gå til kyrkje julaftan klokka 16:00, vart understreka av at det var mest fullt i kyrkja.  Framme sat musikkorpset.  Dei fekk spela fleire julesongar.  Arne Tveit spela på kyrkjeorgelet, men  også i samspel både med Helge Eldbjørg Andreassen, vikarprestVeastad på gitar og Marijann Larsen på blåseinstrument, og nokre songar saman med korpset.

Både born, ungdom, vaksne og eldre var samla i kyrkja og fekk med seg juleevangeliet og talen av vikarprest Eldbjørg Andreassen.  Ho starta med fortelja eventyret av Grim om "Fiskarens kone". Ho som aldri vart nøgd med det mannen stilte opp med.  Så var hennas største ynskje å få eit hus så flott at Gud sjølv kunne bu der. Og vips, så sat dei i ein liten, skitten stall med ei krubbe (originaltekst). Deretter las ho juleevangeliet frå Lukas 2, 1-20.  Ho slutta av med helsinga om ikkje å la Jesus barnet liggja igjen i krubba, men ta han med heim, kvar til sitt hus. 

I feiringa av jul er det mange tradisjonar.  Oppslutnaden av gudstenesta på julaftan syner at i Vikebygd er det ennå mange som feirar jula til minne om Jesus som vart fødd i ein stall for over 2000 år sidan, og som vart verda sin frelsar.  Så fekk mellom 250 og 300 starta med juleevangeliet og julesongane, og etterpå å få ynskja kvarandre God Jul, ute på kyrkjebakken.

Frå Vikebygd.org vil vi også ynskje alle lesarar ei god og velsigna julehøgtid, full av glede, julesongar og god mat.  Og veit du om nokon som set åleine, så kan du kanskje invitera dei heim til deg ein dag i jula? Den største gleda med gåver er å gjera andre glade.


Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
Fotoalbum frå kvelden
ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

Julegudsteneste 24.12
Julekonsert 14.12.14
Kor e' Vindafjord 10.12.
Lysmessa i kyrkja 7.12.
Lysa vart tende på juletreet
Årsmøte i Grendautvalet
Svanene på plass i bygda
Globalcafe med Speidaren
Familiegudsteneste 9.11.
Fornyar klubbhuset i båthamna
Grunnlovsjubileet 5.11.
Nytt kjøkken og kafe
Mitt Fargerike Nabolag
Frukost & konsert på butikken
Ymse frå november 2014
Tysvær Vepro steller graver
TV-aksjonen 2014
Veg til Vikestølen
Folketalet går ned
Tur til Longåsdalen
Ymse frå oktober 2014
Fotballkampar i Vikebygd
Fairtrade kommunen markert
Aktivitetsdagen 20.9.
Sopp kurs 12-13. sept
Vikestølsmarsjen
Fv. 734 - Vikevegen
Friluftsrådet 30 år
Sjømannsmisjonen 150 år
Nytt kjøkken på Bygdahuset
Skulestart i Vikebygd
Heidra for idrettsinnsats
Ekstremvêret Lena
Vikebygd-Bjoa 5-2
Supermånen i 2014
På leit etter røter på Fossel
Speidarane på leir i Asker
Stiar merka i fjellet av Roald


Vikebygd Skule- og Ungdomskorps imponerer med sin musikalske dyktighet.  Vi er veldig glad for å ha dei med når noko skal markerast i bygda.

Helge Veastad, ein dyktig gitarist i samspel med Arne Tveit på kyrkjeorgelet.
-----

Lokale Bedrifter

Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS 
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 113. Vikestølsmøtet 2013 
Boka om Vikestølen

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 
 
For dette har vi venta på så lenge, ja så lenge, ja så lenge
Julegåva til Vikebygd:  Ny bru ved Vossaplasset.

av Steinar Skartland


Brua sør for Vossaplasset vart skifta ut med kulvertrøyr til jul

Ufatteleg at det har gått bra med den gamla brua.  Det var ikkje berre vegbanen som ga etter for dei tunge transportane på denne vegen. 
- Når eg skulle dra bruplata bort frå fundamentet med gravemaskina, så gjekk ho sund.  Det var mest ikkje jern i henne, fortel gravemaskinførar Tronstad hos entreprenørfirmaet Ottar Skjold.  Han har jobben med å erstatta den gamle brua med nye betongrøyr.  Mellombels er det laga ein veg utanom der trafikken passerer.  Den skal fjernast etterpå.

Tunge vogntog passerer dagleg Vosssaplasset med kraftfor, mjølk, stein og tømmer.Mens vi står der kjem Endre Stople med vogntoget sitt, lasta med kraftfôr til bønder i bygda.  Han er ein av mange sjåførar av tunge køyretøy som nå kan sjå fram til ein tryggare passering.  Men Vossaplassvingane vert verande slik dei er. 
-Me skal skifta ut noko masse sør for brua, fortel Tronstad.  -Men gjennom svingane nord for brua er det ikkje planlagt noko utbetring nå.  Ein kunne lett fått utbetra vegen her også med å pikka bort litt fjell og stein langs vegen

Uvisst kor gammal brua er, men folk som er over 70 år fortel at ho har vore slik så lenge dei kan hugsa.  Det er takk vere eit grendautval som har drive aktivt arbeid overfor vegvesen og kommune at arbeidet nå endeleg er i gong.

Speidarar på Landsleir
Vikebygdfestivalen 19.7.
Radio 102 show frå Plasset
Murmansk reise
Vikestølsmøte 6.7.
Ny Olalihytte opna
Sankt Hans-feiringa
Strandloppis
Diverse frå mai-Juni
Speidarane i Vikebygd
17. mai 2014 i Vikebygd
Brot i Landbruksforhandlingane
Tildeling frå Bakkevig's fond
Vikesprinten 3.5.
Fjelltur på stiar i Vikebygd
Samanslåing av kyrkjesokn?
Vikeputten 2014
Litt frå April
Utviding av gardsbruk
Bondevenner 2014
Tindelandsnaturen
Veg mellom Lio1 og Lio2
Skulen sin Kulturettermiddag
Mura trinn i Glommeskar
Folketalsutviklinga
Dåpsskulen
Språket vårt
Bryggjebakken og båthamna
Kvinner i Vikebygd 1946
Husmorlager anno 1935
Vegard vidare i N. Talenter
Skjold og Vikebygd eit sokn
Speidarfest og nutafantar
Tilbakeslag for Vossaplasset
Stimerking i Vikefjella
Idrettslaget
Kyrkjesundag 19.1.
Uvêr og storm
Juletrebrenning
Grasrotandelen
Nyttårsfest
Godt Nytt År
Jubilanten Per Dommersnes
Årets Vikebu kåra
ÅRET 2014
 
 

Tilbake til hovudsida

Link til FOTOALBUM for Vikebygd

 

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011
2012
2013
2014

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013
2014
kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.orgg
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.orgrg