Eit klikk her fører deg til framsida
Om Vikebygd Vindafjord kom. Ledige tomter Skule og Barnehage Turløyper Nærområdet Slekt-søk Kyrkja Kyrkjebladet Vêret vikebygd.no
DÅP KONFIRMASJON BRYLLAUP GRAVFERD  OM TRUA OM KYRKJA  

Vikebygd nytt:

Sist endra 30. des. 2015

Facebook    -   Twitter

Austre Vikebygd kyrkje
Informasjon
Fullsett kyrkje i Vikebygd julaftan
Bygda starta julefeiringa i kyrkja
av steinar Skartland 24.12.2015

Fullsett kyrkje i Vikebygd på julaftan 2015
Foto Steinar S
Parkeringsplassen og begge sider av vegen var full av bilar då klokka nærma seg 16 på julaftan.  Inne var det fullt i benkene og kyrkjetenaren kunne rapportere om 263 som hadde funne seg ein plass.  Likevel var det nok mulig å få inn nokre til om ein sette seg tettare, og alle fekk sitja. Korpset spela fleire nummer. Helga Veastad på gitar og Arne Tveit på kyrkjeorgelet spela julesongar i lag.  Prostiprest Eldbjørg Andreassen forretta gudstenesta som både hadde rom for juleevangeliet frå Lukas 2, 1-20 og applaus til dei flinke musikkarane.  I midtgongen stod ei krybba som skulle symbolisera Jesusbarnet som vart fødd for over 2000 år sidan og danna grunnlaget for vår kristne tradisjon.
 Dirigent Andreas Ulveraker   Prostiprest Eldbjørg Andreassen


Skule- og ungdomskorpset like dyktig som alltid under sin erfarne dirigent Andreas Ulveraker. Men så er korpset også så heldig å ha med seg ei rekkje erfarne vaksne som trufast stiller opp, år etter år. Dette er nok både ein inspirasjon og ein styrkje for dei unge i korpset som utruleg raskt lærer seg å spela og stødig følgja takt og tone. Denne gongen fekk dei spela for ei fullsett kyrkje av festkledde bygdefolk og julegjester i alle aldrar.

God jul til alle i bygda.

(Fleire bilde kjem seinare. Send gjerne inn litt frå julefeiringa i bygda, som kan nyttast på web.  tips@vikebygd.org  )

Les meir frå julefeiringa i Vikebygd

Kvar dag har sin eigen bibeltekst, som du kan lesa her 


Juletradisjon som vert halden i hevd på bedehuset
Juletrefesten
av Steinar Skartland 28.12.2015

Før var det mange juletrefestar i bygda, kanskje så mange som 5-6.  Ein eller kanskje to i Årvik bedehus. Ein som bedehuset sjølv arrangerte i midtbygda, ein med søndagsskulen og ein som Frelsesarmeen hadde, anten på skulen eller bedehuset. Så var det juletrefest på Øvrebø skulehus og ein del år hadde korpset juletrefest på bygdahuset.

Kjersti H Bjerga held andakt på juletrefesten (klikk for eit stort bilde)Nå er det berre ein igjen. I år var det laurdagsklubben som stod for denne, med ein fest for alle som ville delta i denne gamle tradisjonen med julesongar, gang rundt juletreet, mat, leiker og utlodding.  Dei 40 som møtte fram var i alle aldrar: Born, ungdom, vaksne og eldre. Dei gamle og kjende julesongane tona i lokalet: O, jul med din glede; Eit barn er født i Betlehem; Deilig er jorden, prektig er Guds Himmel; Glade Jul, Hellige Jul.
Og sjølvsagt måtte det til med: Eg gjekk meg over sjø og land, der møtte jeg en gammel mann.  Trampande føter og klappande hender mellom smilande andlet og glad song frå born og vaksne, fylte bedehuset.

Kjersti Hausberg Bjerga, som både er leiar i Laurdagsklubben og leiar i styret for bedehuset, hadde andakten. Ho hadde med seg ein liten modell av ein stall med krybbe og Jesusbarnet, og ein stor teikning over same motivet.  Fortalde ei historie om ei rosa kule til juletreet.

Ei konfirmantgruppe hadde teke på seg jobben både med å laga til mat og leiker i juletre-  festen. Dei var flinke og ordna også opp med rydding og oppvask.

Tusen takk for all hjelp og god innsats til alle som deltok på juletrefesten. Alle som er med og held oppe denne gamle tradisjonen og let nye generasjonar også få oppleva gleda over å gå rundt juletreet og syngja dei gamle julesongane.

På biletet konkurrerer born om å bli først ferdig med å pakka inn foreldra i dopapir, til både heiarop og latter. Ein av leikane som konfirmantane stod for i juletrefesten. 
(Sjå også her).
Les her meir om Julefeiringa vår

 

- 3.söndag i advent, me har hatt ein fin, kortreist julekonsert i Vikebygd kyrkje, skriv Ingrid M Sørvåg på facebook etter at konserten med 175 gjeste i benkene, var ferdig. Alle som deltok var frå bygda, og alle var flinke.  - Takk til Andreas, korpset, Ida Karoline, Tonje, Stina, Vegard, Sandra, Iselin, Sunniva, Jone, Arne, Helge og lydmann Rolf. Takk til alle som kom også!
Konserten resulterte også i ei fin gåve til Kirkens Bymisjon.

Arne Tveit Og Helge Veastad

Jone Bjerga

Arne Tveit og Marijann Belt Larsen

Sunniva Tveit og Iselin Eidhammer Tveit

Vegard Skartland og Sandra-Maria Bjørnset Sælemyr

Korpset leia av dirigent Andreas Ulveraker

Foto:  Ingrid Mathilde Sørvåg
Facebook
 

God oppslutnad om julekonserten der ein kunne tenne det tredje lyset i adventskransen, og syngja jula inn.

Konsert med lokale krefter

 

Lysmesse i kyrkja 6. desember
Flott ungdomsflokk laga lysmesse

av Steinar Skartland 6.12.2015

Klikk på biletet for å opna eit større format.
60 unge laga ei flott lysmesse på søndagskvelden. Det var mørkt i kyrkja, men etter kvart som fleire levande ljos var tende i hendene på konfirmantane og speidarane, kom konturane av kyrkjerommet fram. Benkene frå midten og bakover var fullsette. Framme var det rom for ungdommen som fekk lysa opp i rommet og delta med lystenning, tekstlesing og bøner, medan sokneprest Jon Ådnøy kunne tala om Jesus som seier: - Eg er ljoset i verda.

Midt under lysmessa tok kraftige haglbyer til. Det tromma kraftig på tak og vindauge - og så gjekk straumen. Heldigvis var det levande lys som var i bruk i kyrkja - så programmet kunne halda fram. Arne Tveit flytta seg frå kyrkjeorgelet til pianoet framme i kyrkja der han fekk hjelp av konfirmantar med  stearinlys og lommelykt for å sjå notane.  Dei som kunne tekstane utanåt på songane, song kraftig i så dei andre også kunne fylgja songane. "La oss vandre i lyset - slik som han er lys".

Først når lysmessa var over og folket var på veg ut, kom straumen tilbake. Med tette skyer på himmelen var det ikkje lett å føta seg ned trappa for dei første som kom ut. Ein fekk oppleva kor viktig det er å ha eit lys når det er mørkt. Les meir her


Flott julekonsert i Skjold Kyrkje
med koret Scala frå Torvastad
- fredag 4. des. kl. 20:00 - av Steinar Skartland

Høg kvalitet og stor variasjon i songvalet av koret Scala, som hadde med tenoren Ole M Velde og sopranen Isabel Espelid. Scala er et miljøkor frå Torvastad og tel 40 medlemmer. Dei har eit allsidig songrepertoar som spenner frå viser, balladar til salmar.

Tenoren Ole M Velde og sopranen Isabel Espelid som deltok i konserten, har begge to si utdanning frå København. 
Repertoaret
I Skjold kyrkje framførte Scala og solistane songar frå den verdsvide songtradisjonen. Dei framfører songar frå den nye engelske korlitteraturen representert med komponisten John Rutter. Nye songar av norske songarar signert Edvard Hoem, Trygve Hoff, Helene Bøksle. Songsolistane song mellom anna: The Prayer, I believe, The Lords Prayer mm. Ein fin konsert til oppmuntring og glede!   (Arr.: Skjold sokneråd)
Konsert med koret Scala

 

Likar du Vikebygd.org?

Følg med på Twitter
Totalt 164 842 besøk i 2014. Statistikk.  

Tenning av lysa på juletreet 4. desember
Ein tradisjon med korpsmusikk og fakkeltog

av Steinar Skartland 4.12.2015
Advent, fakkeltog og Rolf tenner juletreet. Det er ein tradisjon at Rolf Alne tenner lysa på juletreet utanfor butikken tidleg i advent. Her serverer han gløgg og peparkaker mens korpset spelar. I år skjedde dette 4. desember. Korpset stilte opp i sine luer med nissar og pynt. Regnet tok ein pause og det var stille før stormen Synne slo inn over landet. 

Borna fekk utdelt faklar og starta på toget bort til Gamlatunet.  Der var risgrauten, kaffi og kaker klar. Familiemedlemane frå Øvstedal og Rødde ordna maten og praten kunne gå både lenge og vel. Oppe på loftet hadde korpset sessa seg og framførte eine nummeret etter det andre.  Les også her


ADVENT  og julehøgtid!
av Steinar Skartland 29.11.2015 / 11.12.2015

Kyrkjeåret startar 1. søndag i advent. Advent betyr komme eller ankomst og er ei førebuingstid for å ta i mot Jesus. For folk innan den kristne kultur og kyrkje er dette ei tid då vi førebur den store kyrkjefesten som på engelsk heiter Christmas eller på norsk:  Kristusmesse. Men nordmenn kallar denne høgtida for jul etter gammal norsk tradisjon.

Jul
Kristen julefeiring er feiringa av at Gud blei menneske . Gud blei født som eit lite barn i Betlehem. Kyrkja startar julefesten med høgtidsringinga på julaftan, og så går festen over i sjølve høgtidsdagen, juledag.

Les meir i kyrkjebladet Hyrdingen på www.hyrdingen.no

Les meir om emnet her 

 

Likar du Vikebygd.org?

Eller følg på Twitter
Totalt 164 842 besøk i 2014. Gj.snitt 451 pr dag: Statistikk.

Ledige jobbar i Vindafjord - Prøv her

Konfirmasjonsbilder frå tida rett før krigen
Innsendt av Roald Årvik
Klikk bildet for å forstørre dette bildet
1939? Bak frå venstre: Ivar Trovåg, Henrik Vestad, Titland, Olav Lauvås (prest),
Gudmund H. Årvik (Havn), Gudmund Årvik (Årvik), Harry Jordal. 
Framme frå venstre: Marta Eggja, Brynhild Johnsen, ukjend, Gunnbjørg Jordal,
Olga Skartland, Anna Alne.

Klikk bildet for å forstørre dette bildet
1940? Frå venstre: Sven Årvik, Johan Skartland, Ivar Skartland, Olav Lauvås (prest), Ingrid Dommersnes, Eldbjørg Alne, Berta Gangstø, Krisbjørg Alne (seinare Bjørnevik),
Astrid Revheim, Gunnbjørg Øvrebø og Aslaug Halvorsen.

 

Austre Vikebygd kyrkje
Informasjon og
nyheter

 

Kyrkjebladet


Les HYRDINGEN, kyrkjebladet
for Vindafjord, på internett, HER


Redaktøren i Hyrdingen

Hyrdingen på web
Vikestølsmøtet
Sist 28. JUNI 2015

Årleg tradisjon frå år 1900. Her samlast folket frå dei fem kyrkje-sokna Vikebygd, Bjoa, Ølen, Skjold og Vats, men også frå andre bygder og byar. Siste søndag i juni eller første søndag i juli.
Les her om møtet i 2014. 
Les her om møtet i 2015. 
Les om 114 år på stølen

 

Aktuelle lenker

Kommunereforma
Kyrkja gjennom 800 år
Vikestølen gjennom 115 år
Vêrvarsel for Vikebygd
ORD FOR DAGEN I DAG

Gudstenester

Program Gudstenester


31. Des. kl 23:00 i VATS krk
MIDNATTSMESSE
kl. 23:00.
koret Feedback deltek
Alle velkommen


2016

3. Jan. kl 11:00 i SKJOLD krk
GUDSTENESTE i SKJOLD kyrkje
Alle velkommen
10. Jan. kl 11:00 i VATS krk
GUDSTENESTE i VATS kyrkje
Alle velkommen
17. Jan. kl 11:00 i SKJOLD krk
GUDSTENESTE i SKJOLD kyrkje
Alle velkommen
24. Jan. kl 17:00 i VIKEBYGD
FAMILIE-GUDSTENESTE
i Vikebygd kyrkje kl 17 (5)
Utdeling biblar til 5. klassingane
Alle velkommen
31. Jan. kl 17:00 i SKJOLD krk
G-17 GUDSTENESTE
i SKJOLD kyrkje
Alle velkommen
Speidarprogrammet
Kan du sjå her 

Les også om:

Tidlegare meldingar frå:
Året 2015
Desember
Tradisjonsrik juletrefest
Mann av huse til kyrkje julaftan
Konsert med lokale krefter
60 unge med levande lys 6.12.
Konsert med koret Scala 4.12
Korpsmusikk og fakkeltog
Grendautval og flyktningar
November
Julemesse på Bygdahuset
Jone i Norske Talenter
Dommarsnes næringsområde
Hardhausen - 6 nutar
Flyktningar til kommunen
Oktober
All-idrettsdag på idrettsbanen
Opning av Kjekt i Vik hallen
Utemøte med speidarane
Vassverket avviklar
Grendautvalet: Møte om vegen
Kommunestyret konstituert
TV-aksjonen 2015
Grannarkarusellen-resultat
September
Med gele og saft til Ølen
Kulturminister opnar hallen
Familiedag i Longåsdalen
Soknerådsval 14. sept.
Valet 14. sept.
Aadland fekk musikkstipend
Kjekt i Vik Hallen ferdig
Sal av industriområdet
August
Haustfest i Lio
Synfaring på fylkesvegen
Lokale namn i Vikebygd
Jazzkonsert i Skjold 
Revansj til Bjoa
Morgongudsteneste
Juli
Gode resultat på Norway Cup
Jordskjelv merkast i Vikebygd
A-lags kamp Vikebygd - Bjoa
Sommar i Vikebygd
Auksjon & loppemarked 4.juli
Støtte til idrettslaget
Juni
Vikestølsmøtet 28. juni
Speidarane på kanotur
St. Hans feiringa
Gudsteneste i tunnelen
På leit etter slekt
Dugnad for Kjekt i Vik hallen
Barnetalet minkar
HK-toalett i båthamna
Speidarane i Tonjen
Mai
Frigjeringsjubileet
Arquebusmarsjen 31.5.
Kjekt i Vik-hallen
Tranefugl i bygda
Nasjonaldagen
Bygdamøte 5.5.
Fjelltur 3.5.
Litt frå mai i bygda
April
Vikesprinten 26.4.
Trovåg Mølle
Kommunestruktur
Vikeputten 25.4.2015
Vassverket avviklar
Muligheiter for FV 734 ?
Mars
Nominasjon og lister
Basar på bedehuset
Det vårast i fjellet
Årsmøte i Vassverket
Grendautvalet - Dugnad i Lio
Idrett - Orienteringsløp
Det vårast i fjellet
Minimesse-Superkafé
Vårdagar
Vikevegen på dagsordenen
Årsmøte i kyrkja
Speidarfest og nutastavar
Februarar
Naustområde Ulvebne godkjent
Asfaltering på Dommarsnes
Skitur i vinterlandskap
Januar
Stormflo 10. jan. 2015.
Nedbør og mildt nytt år 2015
 
Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN 
Soknerådet informerer
Kyrkjebladet HYRDINGEN
Kyrkja nyoppussa
Det 114. Vikestølsmøtet 2014
Boka om Vikestølen på nett.
Neste Sundags tekst
Årsmelding 2014 soknerådet.

Anna info


Søkjer slekt i Vikebygd
Genealogy search

Kyrkjer i Vikebygd i 800 år

Vêrvarsel time for time for Austre Vikebygd i Vindafjord (Frå YR.NO)

10 dagars varsel - som pdf    VÊRVARSEL for VIKEBYGD    VÊRVARSEL for Nordabygda    VÊRVARSEL for Trovåg 
Allergisk? - sjekk: POLLEN VARSELET her i perioden
Februar-August

LINK til Andre sider
Lokale lag som ynskjer å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider, eller lokal info, kan senda ei melding om dette til Steinar Skartland: 
Klikk HER.

Websida med informasjon om VIKEBYGD, ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune, Nord-Rogaland. 
 
Gi tilbakemeldingar
om websida HER
 

Webansvarleg:

Steinar Skartland
5568 Vikebygd

Tlf 90873170