Grendautvalet
inviterer til bygdedugnad 11.april
Liofeltet skal bli meir innbydande
Steinar S. 26.3.2015 / Oppdat. 14.4.15

Ein ivrig dugnadsgjeng var i aktivitet med skoging og rydding av tomter i
Liofeltet laurdag 11. april. På bildet til venstre er nokre av dei samla til
dugnadsmat og grilling.(Bilde: Laila Ø Espeland/ Facebook.
LINK)
-----------
- Bygda treng fleire innbyggjarar! er den klare bodskapen frå leiaren av
Grendautvalet, Frantz Lea.
- Fortrinnsvis småbarns familiar. Flotte tomter er framdeles ledige på
Liofeltet. Slik har det vore i mange år.
Grendautvalet inviterte nyleg kommunen, tomteselskapet og Lio Vel til eit møte
på Gamlatunet. Betre veg frå Skjold til Vikebygd har dei jobba med lenge.
Nå har denne vegen klatra oppover prioriteringslista. Mykje er gjort og
meir kan skje når vegvesenet nå skal laga ei muligheitsvurdering for
fylkesvegen. Dei fleste er samde om at ein av grunnane til at det har vore
vanskeleg å få fleire bedrifter til å etablera seg på industrifeltet på
Dommarsnes, er nettopp vegen som ikkje er bra nok.
Ledige, byggjeklare tomter med kort veg til skule, barnehage og butikk
Eit anna tema i møtet var kva
ein kan gjera for å få fleire til å gjera Vikebygd til sin heimstad. Her
er ledige, byggjeklare tomter i sentrum, tilrettelagt av kommunen og
tomteselskapet.

Inviterer til dugnad 11.april - og her er tjangs til å få ved med heim
- Det er mange meiningar om mykje i bygda og det er bra, meiner Frantz Lea.
- Grendautvalet tar i hvert fall tak i saken med ein felles dugnadsdag kor
tomtane skal ryddast for småkratt og trær. - Blir det noe ved, så er det bare å
forsyne seg. Vi ryddar ei tomt av gangen alt etter kor mange som stiller. Det
blir grilling, kaffi, vaflar og bålbrenning. Ta med heile familien, så håpar vi
på ein flott vårdag akkurat denne lørdagen.
|