Klikk her og gå til framsida

Vikebygd

Kommunevalet 2015

Sida er sist endra 31. des. 2015

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Change Coatching
Bente T. Barane
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa

Lokale Bedrifter

Change Coatching B T Barane 
Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Det 114. Vikestølsmøtet 2014 
Boka om Vikestølen på nett. 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 
 
Vindafjord kommunestyre konstituert 21.10.2015
Ole Johan Vierdal og Steinar Skartland vald
som ordførar og varaordførar 2015 - 2019.

av Steinar Skartland 21.10.2015

Alle dei 8 partia i kommunestyret hadde blitt samde på førehand om fordelinga av posisjonar og representasjon, basert på partia sin representasjon.  Derfor vart valet gjennomført som avtaleval på alle utval og formannskapet. Ingen sette fram motforslag til dei ferdige listene som vart lagt fram og samrøystes vedtekne.

Berre ved val av ordførar og varaordførar var det fleire forslag.  Med ein fleirtalskoalisjon som stod bak forslaget på Ole Johan Vierdal som ordførar og Steinar Skartland som varaordførar, fekk begge desse 17 stemmer i dei skriftlege vala. Partia som er i  opposisjonen føreslo Per Fatland som ordførarkandidat og Gerd Rødne som varaordførar. desse fekk stemmene frå Høgre og FrP. Arbeiderpartiet fremja Reidar Håvås som ordførar og Wenche S. Lilleland som varaordførar. Desse fekk berre AP sine tre stemmer.
 
I utvala vart desse valde inn:  

Formannskapet
Utval for
Oppvekst og Omsorg
Utval for
Drift, Utvikling og Kultur
Ole Johan Vierdal, SP, ordførar
Steinar Skartland , KrF, varaordf.
Arne Bergsvåg, SP
Siv Bente Stople Østbø, SP
Inga Øverland Apeland, SP
Rune Hetland, V
Per Fatland, H
Gerd Kvamme, FrP
Reidar Håvås, AP
Gustav Løge Fosse, KrF, Leiar
Guri Ravatn, SV, Nestleiar
Anne Cecilie Berentsen, SP
Trygve Espevold, SP
Nina Karin Ramsfjell, SP
Wenche Sandbekken Lilleland, AP
Modolf Haraldseid, H
Kjartan Innbjo, BBL, Leiar
Kari Vik Stuhaug, SP, Nestleiar
Anders Haugland, SP
Sigmund Lunde, V
Liv Eidhammer Mangrud, KrF
Kjartan Moe Hustvedt, AP
Anne Gro Matre Helgevold, H
+ varamenn + varamenn + varamenn
     
Kontrollutvalet Administrasjonsutvalet Eigedomsutvalet
Nils Terje Oma, AP, Leiar
Johannes Vestbø, SP, Nestleiar
Marit Aga Hustvedt, AP
Gunn Haraldseid, H
Kristian H. Resset, BBL
Ordf. Ole Johan Vierdal, leiar
Varaordf. Steinar Skartland, nestl.
Siv Bente Stople Østbø, SP
Gerd Kvamme, FrP
Ordf. Ole Johan Vierdal, leiar
Varaordf. Steinar Skartland, nestl.
Gerd Kvamme, FrP

Det nye kommunestyret får den 27. oktober lagt fram for seg eit budsjett for 2016 og økonomiplan for den neste fire årsperioden, som er meir krevjande enn på lenge.  Det er kjent gjennom media at kommunen ligg an til minustal i drifta i år, mellom anna på grunn av reduserte inntekter og overføringar. Dette er ein situasjon som truleg vil bli verande framover ei tid. Samstundes har kommunestyret vedteke å gjennomføra fleire store byggjeprosjekt (m.a. brannstasjon, legekontor, aktivitetsenter for utv.hemma og utviding av kulturbygget i Ølen). Familiens hus, som er eit tilbygg til Rådhuset og med kommunestyresal, vil stå ferdig til våren.

Utbygging av skulen og barnehagen i Vikebygd er mellom dei investeringane som skulle ha starta i 2015, men er utsett.  Barnetalet her har vore oppe i 100 born, derav over 60 i skulen. Framover, dei neste 5 åra, er prognosane vesentleg reduksjon i barnetalet då få born er fødde i kvart årskull. Dette er ei utfordring som kan endra seg med auka tilflytting av familiar til bygda. Dette kan skje dersom det vert større etableringar av næring eller industri på Dommarsnes, noko industriområdet ligg til rettes for om næringsaktørar vil satsa.  

Ei anna pågåande sak er kommuneplan og utgreiingar om ny kommune-struktur, som begge kjem opp til våren 2016. Kommunestyrerepresentantane, derimellom Rune og Steinar som kjem frå Vikebygd, får nok saker å setja seg inn i framover, ser det ut til.
  Ole Johan Vierdal,   Steinar Skartland,    Rune Hetland
Ordførar                 Varaordførar       Formannskapsmedl.

Grendautval og bygdefolk må gjerne ta opp lokale saker med oss som har fått plass i kommunestyret. God informasjon er alltid godt å få med seg i arbeidet med sakene.  


Kommunestyrevalet i Vindafjord
Ole Johan Vierdal (SP) held fram som ordførar og
Steinar Skartland (KrF) som varaordførar

av Steinar Skartland 16.9.2015

Valresultatet måndag synte at Senterpartiet gjorde eit svært godt val og fekk 10 repre-sentantar i kommunestyret. Også Kristeleg Folkeparti hadde auke i stemmetalet, men vart ståande med tre mandat. Dei to parti som dermed saman har eit knapt fleirtal i kommunestyret med 13 av 25 mandat, gjorde då avtale om å samarbeida også i det nye kommunestyreperioden. Senterpartiet får ordførar og KrF varaordførar.  Utover dette har dei to partia invitert inn Venstre, SV og Bjoa Bygdeliste til samtalar om samarbeid, noko som kan gje 17 mandat totalt bak ordføraren. Endeleg avtale er ikkje gjort ferdig ennå og det skal drøftast meir dei næraste dagane. Les meir her


Kommunestyrevalet i Vindafjord.
Steinar Skartland (KrF)og Rune Hetland (V)
kom inn frå Vikebygd

Valresultatet i Vindafjord
av Steinar Skartland 15.9.2015

Det var ei heller låg valdeltaking i Vindafjord, med ein frammøte-prosent på berre 58,7%.

Senterpartiet vart den store vinnaren med 10 av dei 25 plassene, og ligg an til å halda fram med ordføraren. KrF, som har varaordføraren, auka stemmetalet, men vert ståande på 3 representantar.

Nykommaren Venstre tok 2 kandidatar.

Taparane vart Høgre som gjekk ned frå 5 til 3, Arbeiderpartiet som gjekk frå 4 til 3, og Framstegspartiet som gjekk
frå 3 til 2.

SV og Bygdelista står uendra med ein kvar.  Til høgre er graf henta frå nettstaden:
www.valresultat.no
Denne viser korleis mandatane fordeler seg mellom partia og listene i Vindafjord. Nedanfor vises namna på dei som nå kjem inn i det nye kommunestyret. Dette er 9 kvinner og 16 menn.  Les meir detaljar her.

Sjå resultatet til fylkestinget i Rogaland her
 


Valg-måling:  Poll of Polls
Valet 2015 - Dersom målingane treff
Sjekk utviklingstrendar her for:
Vindafjord kommune
Rogaland fylke 
 

Dei politiske vallistene er godkjente
Lite Vikebuar på lister til kommunevalet

av Steinar Skartland 6.6.2015 / 31.12.15

Etter at fristen var gått ut til å endra eller be seg friteken frå å stå på lister, så har valstyret i Vindafjord godkjent 8 lister til val på kommunestyret.  Berre 7 Vikebuar var mellom dei 131 namna som innbyggjarane kunne velja mellom på valdagen 14. september. 
Desse er:
Namn Parti Plass Namn i alt Vald
Steinar Skartland Kristeleg Folkeparti 1 16 1
Rune Hetland Venstre 1 12 1
Reidun Birkeland Bakkevik Senterpartiet 4 26 13.v
Jens Bjordal Senterpartiet 7 26 2.v
Knut Øvstedal Senterpartiet 25 26 12.v
Lars Klubben-Hauge Høgre 7 19 -
Eirik Larsen Arbeidarpartiet 8 19 4.v
(-) Sosialistisk Venstreparti - 19 -
(-) Bjoa Bygdeliste - 11 -
(-) Framstegpartiet - 9 -

Korleis ein kunne røysta:
Ei liste har 25 "listestemmer", uavhengig av kor mange namn det er på lista. Veljarane kan også føre over namn frå ei liste til ei anna. Då mister den lista dei nyttar, ei stemme til den lista som dei henta namn frå. Fordelinga av samla listestemmer avgjer kor mange representantar kvar liste får inn i kommunestyret. Kven personane blir, avgjer veljarane. Det er berre dei kandidatane som veljaren kryssar av for namnet på, som får stemmer.  I tillegg får dei som er førehandskumulerte: 0,25 stemmer pr. liste.  Rekkefylgje på namna har berre ein funksjon:  Når to kandidatar på same liste får like mange stemmer avgjer plasseringa kva rekkjefølgje kandidaten får.

 

 

til hovudsida for Vikebygd



Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
Fotoalbum frå kvelden
ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

2015
Desember
Tradisjonsrik juletrefest
Mann av huse til kyrkje julaftan
Konsert med lokale krefter
60 unge med levande lys 6.12.
Konsert med koret Scala 4.12
Korpsmusikk og fakkeltog
Grendautval og flyktningar
November
Julemesse på Bygdahuset
Jone i Norske Talenter
Dommarsnes næringsområde
Hardhausen - 6 nutar
Flyktningar til kommunen
Oktober
All-idrettsdag på idrettsbanen
Opning av Kjekt i Vik hallen
Utemøte med speidarane
Vassverket avviklar
Grendautvalet: Møte om vegen
Kommunestyret konstituert
TV-aksjonen 2015
Grannarkarusellen-resultat
September
Kulturminister opnar hallen
Familiedag i Longåsdalen
Med gele og saft til Ølen
Soknerådsval 14. sept.
Valet 14. sept.
Aadland fekk musikkstipend
Kjekt i Vik Hallen ferdig
August
Haustfest i Lio
Befaring på fylkesvegen
Lokale namn i Vikebygd
Revansj til Bjoa
Morgon gudsteneste
Juli
Gode resultat i Norway Cup
Jordskjelv merkast i Vikebygd
Fotballkamp Vikebygd-Bjoa
Sommar i Vikebygd
Auksjon og loppemarked
Juni
Vikestølsmøtet 28. juni
Speidarar i kano på Nidelva
St.Hans feiringa
Gudsteneste i tunnelen
Leit etter slekt
Dugnad på Kjekt i Vik hall
Barnetalet minkar
HK-toalett i båthamna
Speidarane i Tonjen
Mai
Frigjeringsjubileet
Arquebusmarsjen 15.5.
Kjekt i Vik hallen
Tranefugl i bygda
Nasjonaldagen
Vår i hagen
Bygdamøte 5.5.
Fjelltur 3.5.
April
Vikesprinten 26.4.
Kommunestruktur
Vikeputten 25.4.
Vassverket avviklar
Muligheter for FV 734 ?
Mars
Nominasjon og lister
Det vårast i fjellet
Idrett og orientering
Vikevegen
Årsmøte i kyrkja
Speidarfest og Nutastavar
Årsmøte i Vassverket
Februar
Naustområde Ulvebne godkj.
Asfaltering på Dommarsnes
Skitur i vinterlandskap
Januar
Stormflo 10. jan.
Nedbør og mildt nytt år
 

Vêrvarsel time for time for Austre Vikebygd i Vindafjord (Frå YR.NO)

Last ned 10 dagars varsel - som pdf   
VÊRVARSEL for VIKEBYGD    VÊRVARSEL for Nordabygda    VÊRVARSEL for Trovåg 
Allergisk? - sjekk: POLLEN VARSELET her i perioden
Februar-August

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011
2012
2013
2014
2015

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013
2014
2015
kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.orgg
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.orgrg