Klikk her og gå til framsida

Vikebygd

Valg 2015

Sida er sist endra 14. august 2015

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Change Coatching
Bente T. Barane
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa

Lokale Bedrifter

Change Coatching B T Barane 
Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Det 114. Vikestølsmøtet 2014 
Boka om Vikestølen på nett. 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 
 
 
Politikarar på befaring langs fylkesvegen
Lytta til grendautvalet sine råd og innspel

av Steinar Skartland 14. august 2015

Rogaland KrF sine kandidatar til Fylkestinget fekk omvisning på fylkesvegane gjennom Vindafjord. Gjennom tre dagar skulle dei innom alle kommunane i fylket for å gjera seg kjende lokalt.  I Vindafjord valde lokallaget å setja fokus på vidaregåande skule, næringslivet og ikkje minst: Fylkesvegane, med befaring på Bjoavegen og Vikevegen.

Her får dei informasjon av leiaren i Vikebygd grendautval, Frantz Lea, om trongen for trafikksikring med sykkel og gangsti forbi Vossaplasset, Fv 734.

Fylkesleiar Per Kåre Foss poengterte at sikkerheit for mjuke trafikkantar er viktig og ville ta opp med vegvesenet om betre løysingar enn i dag. 3 m brei s/g sti og 3 meter avstand til vegen medfører ofte så høge kostnader at prosjekt ikkje blir igangsett. Gangfelt skilt frå vegen med autovern kan vera eit godt alternativ nokre stader. I alle fall fekk gruppa eit godt innsyn i standarden på dei lokale vegane, som i høgste grad treng opprusting nå.

 

Dei ti øvste kandidatane på Rogaland KrFs liste til fylkestingsvalet var på besøk i Vindafjord. Her informerer Asbjørn Moe om næringslivet, rektor Ruth J Sæle om Ølen VGS. Varaordførar Skartland ga informasjon om kommunen før han tok dei med på tur langs fylkesvegane gjennom Bjoa og Vikebygd.
 

 


Politisk dugnad
av Steinar Skartland 11.08.2015

Alle dei politiske partia i Vindafjord var tysdag samle på rådhus for å pakka røystesetlar og brosjyrar til felles utsending til alle i Vindafjord.  Med så mange glade og ivrioge menneske gjekk pakkejobben fort.

Morten Stene (KrF), Øystein Kalstveit (SV) og Anders Haugland (SP)
 


Kommuneval 14. september 2015, klokka 12:00 - 20:00
Vallokalet er på Bygdahuset i Vikebygd

Heimesitjarpartiet vart størst i Vindafjord i 2011
Men dei har ikkje fått delteke i avgjerdene i dei viktige sakene i kommunen.

av Steinar Skartland 27.8.2015

Av dei som hadde røysterett i Vindafjord ved kommunevalet i 2011 var det heile 38,47% som ikkje gjekk til røystelokalet og deltok i den viktigaste avgjerda: Folkerøysting over kven som skulle styra kommunen dei neste fire åra.  Valdeltakinga var på 61,53%. Dette er urovekkjande lågt! I Vikebygd var deltakinga høgare, og ved stortingsvalet i 2013 var deltakinga i Vikebygd heile 82,3%.  

Dei politiske partia i Vindafjord er heilt samde i ei viktig sak. Saman oppfordrar dei alle som har stemmerett til enten å møta opp i røystelokalet valdagen 14. september, mellom klokka 12:00 - 20:00, eller å ta ein tur innom rådhuset i dagane fram til dette, for å delta i valet.

Til alle husstandane er det nå komen ein konvolutt med brosjyrar, program og røystesetlar for alle parti som stiller liste i Vindafjord ved valet. Her kan du skaffa deg informasjon om kva partia meiner. Eller du kan ta ein tur innom ein av standane som partia har rundt omkring i kommunen.  Her kan du spørja politikarane om dei saker som er viktige for deg eller utfordra dei på ting du er oppteken av lokalt. 

Er du i tvil? Les programma som er sende ut i posten i ein samla konvolutt for alle partia, eller ta direkte kontakt med politikarane når dei har stand rundt om i kommunen, m.a. ved butikkane.

Det er ditt val.
helsing
Steinar Skartland
Varaordførar
 


Måndag skjer det
Kommuneval 14. september 2015, klokka 12:00 - 20:00
Vallokalet er på Bygdahuset i Vikebygd
Dei politiske partia i Vindafjord er heilt samde i ei viktig sak. Saman oppfordrar dei alle som har stemmerett til å møta opp i vallokalet måndag 14. september, mellom klokka 12:00 - 20:00, for å delta i valet.

Til alle husstandane er det komen ein konvolutt med brosjyrar, program og røystesetlar for alle parti som stiller liste i Vindafjord ved valet. Her kan du skaffa deg informasjon om kva partia meiner. Eller du kan ta ein tur innom ein av standane som partia har rundt omkring i kommunen.  Her kan du spørja politikarane om dei saker som er viktige for deg eller utfordra dei på ting du er oppteken av lokalt. 

Er du i tvil? Les programma, eller ta direkte kontakt med politikarane.

Det er ditt val.
Helsing Steinar Skartland (KrF)
Varaordførar

Sjå kven du er mest enig med av partia, prøv:
NrK-VALGOMAT eller Velgerhjelpen

 

 
 

til hovudsida for Vikebygd



Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
Fotoalbum frå kvelden
ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

2015
August
Befaring på fylkesvegen
Lokale namn i Vikebygd
Jazzkonsert i Skjold kyrkje
Revansj til Bjoa
Morgon gudsteneste
Juli
Gode resultat i Norway Cup
Jordskjelv merkast i Vikebygd
Fotballkamp Vikebygd-Bjoa
Sommar i Vikebygd
Auksjon og loppemarked
Juni
Vikestølsmøtet 28. juni
Speidarar i kano på Nidelva
St.Hans feiringa
Gudsteneste i tunnelen
Leit etter slekt
Dugnad på Kjekt i Vik hall
Barnetalet minkar
HK-toalett i båthamna
Speidarane i Tonjen
Mai
Frigjeringsjubileet
Arquebusmarsjen 15.5.
Kjekt i Vik hallen
Tranefugl i bygda
Nasjonaldagen
Vår i hagen
Bygdamøte 5.5.
Fjelltur 3.5.
April
Vikesprinten 26.4.
Kommunestruktur
Vikeputten 25.4.
Vassverket avviklar
Muligheter for FV 734 ?
Mars
Nominasjon og lister
Det vårast i fjellet
Idrett og orientering
Vikevegen
Årsmøte i kyrkja
Speidarfest og Nutastavar
Årsmøte i Vassverket
Februar
Naustområde Ulvebne godkjent
Asfaltering på Dommarsnes
Skitur i vinterlandskap
Januar
Stormflo 10. jan.
Nedbør og mildt nytt år
 

Vêrvarsel time for time for Austre Vikebygd i Vindafjord (Frå YR.NO)

Last ned 10 dagars varsel - som pdf   
VÊRVARSEL for VIKEBYGD    VÊRVARSEL for Nordabygda    VÊRVARSEL for Trovåg 
Allergisk? - sjekk: POLLEN VARSELET her i perioden
Februar-August

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011
2012
2013
2014
2015

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013
2014
2015
kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.orgg
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.orgrg