Klikk her og gå til framsida

Vikebygd

Betre veg og ny bru på plass sør for Dommarsnesbrua

Sida er sist endra 7. febr. 2015

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Change Coatching
Bente T. Barane
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball

Lokale Bedrifter

Change Coatching B T Barane 
Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 113. Vikestølsmøtet 2013 
Boka om Vikestølen på nett. 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 
 

Fylkesvegen
Asfaltdekket er lagd

av Steinar Skartland 7.2.2015


Fredag 6. februar kom toppdekket på plass på vegen sør for Vossaplass.  Nå er det berre rekkverk som manglar etter at entr. Ottar Skjold har hatt oppdraget med å leggja ny kulvert til utskifting av brua, og utskifting av masse på strekninga sør frå Dommarsnes bru til Kolthaug. 

Vegen er blitt betre, men kunne godt ha vore noko breiare, både her og gjennom Vossaplassvingane.  Det er også dei som er urolege for at det ikkje er skifta ut nok masse, då botn av vegen ligg på ei myr og at det vart asfaltert medan det var frost.

Men nå er asfalten på plass og dei store dumpane ved brua er fortid.  Grendautvalet sitt arbeid for å få vegvesenet med på tiltak langs vegen har gitt resultat. Nabbar er borte, autovern er sett opp fleire stader.  Nore svingar er utbetra - og massar er skifta ut i vegen på Dommarsnes. Det er godt at vi har eit grendautval som jobbar for bygda.
 


Fylkeveg 734 sør for Dommasnes bru til Kolthaug
Utskifting av masse har pågått kvar natt
SS 24.1.2015

Fylkesveg 734 sør for Dommasnes bru
Vegvesenet startar utbetring med nattestenging
SS 10.1.2015,
på vegne av Trond-Ingve Mølstre, Vegvesenet.

Statens Vegvesen, vegseksjon Haugesund melder at dei planlegg å gjera enkle tiltak på Fv. 734 frå Dommasnes bru og sørover.  Arbeidet vil starte 19.1.2015 kl. 22:00.  Vegen vil bli opna igjen neste morgon, seinast kl. 06:00. Prosessen vert gjentatt resten av veka inntil arbeidet er sluttført.

Entreprenøren set opp infoskilt i Isvik, Bjoa og Vikebygd.  Det vil også bli annonsert i Grannar og Haugesunds Avis.


St.Vegvesen Vegmeldingar:
Fv 734: Kolthaug - Vik, på strekninga Isvik - Utbjoa 
Stengt på grunn av vegarbeid i periodane: Måndag til fredag

frå 22:00 til 06:00 (neste dag).
Gjelder frå: 19.01.15 kl. 22:00 Gjelder til: 24.01.15 kl. 06:00

For dette har vi venta på så lenge, ja så lenge, ja så lenge
Julegåva til Vikebygd:  Ny bru ved Vossaplasset.

av Steinar Skartland


Brua sør for Vossaplasset vart skifta ut med kulvertrøyr til jul

Ufatteleg at det har gått bra med den gamla brua.  Det var ikkje berre vegbanen som ga etter for dei tunge transportane på denne vegen. 
- Når eg skulle dra bruplata bort frå fundamentet med gravemaskina, så gjekk ho sund.  Det var mest ikkje jern i henne, fortel gravemaskinførar Tronstad hos entreprenørfirmaet Ottar Skjold.  Han har jobben med å erstatta den gamle brua med nye betongrøyr.  Mellombels er det laga ein veg utanom der trafikken passerer.  Den skal fjernast etterpå.

Tunge vogntog passerer dagleg Vosssaplasset med kraftfor, mjølk, stein og tømmer.Mens vi står der kjem Endre Stople med vogntoget sitt, lasta med kraftfôr til bønder i bygda.  Han er ein av mange sjåførar av tunge køyretøy som nå kan sjå fram til ein tryggare passering.  Men Vossaplassvingane vert verande slik dei er. 
-Me skal skifta ut noko masse sør for brua, fortel Tronstad.  -Men gjennom svingane nord for brua er det ikkje planlagt noko utbetring nå.  Ein kunne lett fått utbetra vegen her også med å pikka bort litt fjell og stein langs vegen

Uvisst kor gammal brua er, men folk som er over 70 år fortel at ho har vore slik så lenge dei kan hugsa.  Det er takk vere eit grendautval som har drive aktivt arbeid overfor vegvesen og kommune at arbeidet nå endeleg er i gong.


  

 

Tilbake til hovudsida

 

Link til FOTOALBUM for Vikebygd

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2014 ser du her.


Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
Fotoalbum frå kvelden
ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

2015
Asfaltering på Dommarsnes
Skitur i vinterlandskap
Stormflo 10. jan.
Nedbør og mildt nytt år

2014
Romjula 2014
Julegudsteneste 24.12
Ny bru ved Vossaplasset
Julekonsert 14.12.14
Kor e' Vindafjord 10.12.
Lysmessa i kyrkja 7.12.
Lysa vart tende på juletreet
Årsmøte i Grendautvalet
Svanene på plass i bygda
Globalcafe med Speidaren
Familiegudsteneste 9.11.
Fornyar klubbhuset i båthamna
Grunnlovsjubileet 5.11.
Nytt kjøkken og kafe
Mitt Fargerike Nabolag
Frukost & konsert på butikken
Ymse frå november 2014
Tysvær Vepro steller graver
TV-aksjonen 2014
Veg til Vikestølen
Folketalet går ned
Tur til Longåsdalen
Ymse frå oktober 2014
Fotballkampar i Vikebygd
Fairtrade kommunen markert
Aktivitetsdagen 20.9.
Sopp kurs 12-13. sept
Vikestølsmarsjen
Fv. 734 - Vikevegen
Friluftsrådet 30 år
Sjømannsmisjonen 150 år
Nytt kjøkken på Bygdahuset
Skulestart i Vikebygd
Heidra for idrettsinnsats
Ekstremvêret Lena
Vikebygd-Bjoa 5-2
Supermånen i 2014
På leit etter røter på Fossel
Speidarane på leir i Asker
Stiar merka i fjellet av Roald
Speidarar på Landsleir
Vikebygdfestivalen 19.7.
Radio 102 show frå Plasset
Murmansk reise
Vikestølsmøte 6.7.
Ny Olalihytte opna
Sankt Hans-feiringa
Strandloppis
Diverse frå mai-Juni
Speidarane i Vikebygd
17. mai 2014 i Vikebygd
Brot i Landbruksforhandlingane
Tildeling frå Bakkevig's fond
Vikesprinten 3.5.
Fjelltur på stiar i Vikebygd
Samanslåing av kyrkjesokn?
Vikeputten 2014
Litt frå April
Utviding av gardsbruk
Bondevenner 2014
Tindelandsnaturen
Veg mellom Lio1 og Lio2
Skulen sin Kulturettermiddag
Mura trinn i Glommeskar
Folketalsutviklinga
Dåpsskulen
Språket vårt
Bryggjebakken og båthamna
Kvinner i Vikebygd 1946
Husmorlager anno 1935
Vegard vidare i N. Talenter
Skjold og Vikebygd eit sokn
Speidarfest og nutafantar
Tilbakeslag for Vossaplasset
Stimerking i Vikefjella
Idrettslaget
Kyrkjesundag 19.1.
Uvêr og storm
Juletrebrenning
Grasrotandelen
Nyttårsfest
Godt Nytt År
Jubilanten Per Dommersnes
Årets Vikebu kåra
ÅRET 2014

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011
2012
2013
2014

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013
2014
kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.orgg
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.orgrg