Klikk her og gå til framsida

Vikebygd

Vikebuen med loppemarknad og auksjon

Sida er sist endra 4. juli 2015

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Change Coatching
Bente T. Barane
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa

Lokale Bedrifter

Change Coatching B T Barane 
Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Det 114. Vikestølsmøtet 2014 
Boka om Vikestølen på nett. 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 
 
Laget Vikebuen arrangerte
Loppemarked og auksjon på Bygdahuset
av Steinar Skartland 4.7.2015

Det manglar ikkje på gode tiltak i Vikebygd. Gjennom dugnad og deltaking ver liv og glede skapt når eit av dei mange aktive laga steller i stand. Laurdag 4. juli var det loppemarknad og auksjon det dreidde seg om. på Bygdahuset.

Det var lang kø på Bygdahuset alt klokka halv tolv. Inne på storsalen var lagt fram mange fine ting frå eit dødsbu.  Det var tydeleg at tidlegare eigarar hadde stelt godt med tinga sine og hadde uttrykt ynskje om at det skulle haldast auksjon der inntektene skulle brukast i Vikebygd.  Den første timen vart mykje av dei flotte tinga kjøpte og borne ut eller merka at det var kjøpt. Laget Vikebuen fekk god inntekt på dette loppemarkedet. Noko dei vil bruka på ulike tiltak i bygda som dei deler ut midlar til.

Så kunne ein ta ei stund med kaker og kaffi i kafeen fram til Svein Haakull entra scenen klokka 14:00. I salen hadde det benka seg omlag 60 personar. Nokre for å prøva seg med bod på gjenstandar dei hadde sett seg ut, andre for å oppleva stemninga og underhaldninga som ein auksjon kan vera.  Dei fleste var frå Vikebygd, men også nokre tilreisande som nok var vane med både auksjonar og å vurdera verdien på det som skulle under hammaren.

På scena stod utvalde ting som skulle auksjonerast bort om ein fekk minsteprisen.  Og det var ein dyktig auksjonarius som fekk opp stemninga og buda. Her var også nokre få, men spesielle møbler, som dette sminkebordet som fekk seg ny eigar.

Høgast pris oppnådde eit gamalt sybord frå 1909, som Sunniva kunne ta med seg heim til ein pris på 4500 kroner.  Men eit flott, velhalde og antikk møbel er dette bordet som også inneheldt nåler og tråd, klar for syarbeid.


 

Service i god stand var det mange som ville sikra seg. Då Geir Vårvik fekk tilslaget på dei flotte fruktfata med gullkant, kom det frå auksjonarius at nå kom folk til å ta med seg frukt når dei kom på besøk, berre for å få lov til å eta frukta på dei flotte tallerkane. Ei flettekorg gjekk for 150 kroner etter at Svein Haakull hadde fortald at i den hadde det både vore mykje pengar, slangar og ei bomba.  Men til å ha strikketøyet i kan ho gjera god nytte. Første gang, andre gang og så vart budrundane avslutta med at Svein smelte hammaren i ein bokstabel så det song.  Og fekk du ikkje oppleva stemninga, så få ein smakebit i filmen nedanfor her.
 
//vikebuen.vikebygd.org/#!album-90 
Auksjonarius Svein Kåre Haakull, saman med Anne Brith Skogen Haakull, stod for auksjoneringa frå scena i Bygdahuset med styret i laget Vikebuen overvaka det heile iført gule refleksvestar. Dei som fekk tilslaget fekk utdelt ein lapp med nummeret på gjenstanden og måtte etterpå betala kontant dei summane dei hadde baude.  Det var ikkje alt som vart seld. Det var derfor høve til å kjøpa gjenstandar også etterpå auksjonen, til minsteprisen.  Restane etter loppemarknad og auksjon vil enten bli teke vare på til seinare auksjonar, eller kjørt til "Skattekammeret" på Toraneset. 
 


Kaffikanna, sukkerkopp og fløytemugge i nypussa sølvplett, var mellom tinga som ikkje fekk bud under auksjonen.

Det var omlag 60 som  ville få med seg auksjonen. Mange av dei baud på fleire av gjenstandane og Svein Haakull var flink til å få boda opp.
 

Auksjon og Loppemarked
på Bygdahuset i Vikebygd, laurdag 4. juli

  
Loppemarked og auksjon kl. 12:00-16:00, på Bygdahuset laurdag den 4. juli. 
Auksjonen startar kl. 14:00, men det er mogeleg å handla "lopper" eller kosa seg
med kaffi og kake, eller pølser og brus, i kafèen frå kl. 12:00.


Fredag ettermiddag kan "lopper" kan leverast på Bygdahuset.
Frå kl 18:00 - 20:00 tar vi i mot "ting & tang" for sal, men ikkje klede.
Følg med på Facebook 
 

Plassabakeriet
opna for sommaren Torsdag 2. juli
og har ope Torsdag-Søndag fram til 2. august. 

- Torsdagar serverer vi våre populære komler m/tilbehør, Fredag smårettar,
Lørdag: Baking og småretter
Søndag middag m/dessertbuffet
og kaffi inkl.
  Facebook
 

Plakat frå PLASSET    Vikebygd i Sommar 2015

    Søndag 28. juni: Vikestølsmøte
    Torsdag 2. juli:  Sommaropning på Plasset
         Ope torsdag  - søndag 2. juli - 2. august
    Lørdag 4. juli:  Loppemarked kl. 12:00-16:00
    Lørdag 4. juli:  Dødsbuauksjon kl. 14:00
    -  på Bygdahuset der det òg er open kafè
    Søndag 5. juli:  Gudsteneste i kyrkja kl. 12:00
    Lørdag 11. juli:  Busserullsfest på Plasset
    Torsdag 16. juli: Radio 102 show, Plasset
    Lørdag  25. juli:  Tom Roger Aadland på Plasset
    Lørdag 1. august: Bytunets Antikvariske på Plasset
    Søndag 2. august: Gudsteneste i kyrkja kl. 10:00
    Klikk plakaten og les om
    Auksjon og Loppemarknad  
 
 
 
 

Tilbake til hovudsida

 

Link til FOTOALBUM for Vikebygd

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2015 ser du her.


Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
Fotoalbum frå kvelden
ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

2015
Juli
Gode resultat i Norway Cup
Jordskjelv merkast i Vikebygd
Fotballkamp Vikebygd-Bjoa
Sommar i Vikebygd
Auksjon og loppemarked
Juni
Vikestølsmøtet 28. juni
Speidarar i kano på Nidelva
St.Hans feiringa
Gudsteneste i tunnelen
Leit etter slekt
Dugnad på Kjekt i Vik hall
Barnetalet minkar
HK-toalett i båthamna
Speidarane i Tonjen
Mai
Frigjeringsjubileet
Arquebusmarsjen 15.5.
Kjekt i Vik hallen
Tranefugl i bygda
Nasjonaldagen
Vår i hagen
Bygdamøte 5.5.
Fjelltur 3.5.
April
Vikesprinten 26.4.
Kommunestruktur
Vikeputten 25.4.
Vassverket avviklar
Muligheter for FV 734 ?
Mars
Nominasjon og lister
Det vårast i fjellet
Idrett og orientering
Vikevegen
Årsmøte i kyrkja
Speidarfest og Nutastavar
Årsmøte i Vassverket
Februar
Naustområde Ulvebne godkjent
Asfaltering på Dommarsnes
Skitur i vinterlandskap
Januar
Stormflo 10. jan.
Nedbør og mildt nytt år

2014
Romjula 2014
Julegudsteneste 24.12
Ny bru ved Vossaplasset
Julekonsert 14.12.14
Kor e' Vindafjord 10.12.
Lysmessa i kyrkja 7.12.
Lysa vart tende på juletreet
Årsmøte i Grendautvalet
Svanene på plass i bygda
Globalcafe med Speidaren
Familiegudsteneste 9.11.
Fornyar klubbhuset i båthamna
Grunnlovsjubileet 5.11.
Nytt kjøkken og kafe
Mitt Fargerike Nabolag
Frukost & konsert på butikken
Ymse frå november 2014
Tysvær Vepro steller graver
TV-aksjonen 2014
Veg til Vikestølen
Folketalet går ned
Tur til Longåsdalen
Ymse frå oktober 2014
Fotballkampar i Vikebygd
Fairtrade kommunen markert
Aktivitetsdagen 20.9.
Sopp kurs 12-13. sept
Vikestølsmarsjen
Fv. 734 - Vikevegen
Friluftsrådet 30 år
Sjømannsmisjonen 150 år
Nytt kjøkken på Bygdahuset
Skulestart i Vikebygd
Heidra for idrettsinnsats
Ekstremvêret Lena
Vikebygd-Bjoa 5-2
Supermånen i 2014
På leit etter røter på Fossel
Speidarane på leir i Asker
Stiar merka i fjellet av Roald
Speidarar på Landsleir
Vikebygdfestivalen 19.7.
Radio 102 show frå Plasset
Murmansk reise
Vikestølsmøte 6.7.
Ny Olalihytte opna
Sankt Hans-feiringa
Strandloppis
Diverse frå mai-Juni
Speidarane i Vikebygd
17. mai 2014 i Vikebygd
Brot i Landbruksforhandlingane
Tildeling frå Bakkevig's fond
Vikesprinten 3.5.
Fjelltur på stiar i Vikebygd
Samanslåing av kyrkjesokn?
Vikeputten 2014
Litt frå April
Utviding av gardsbruk
Bondevenner 2014
Tindelandsnaturen
Veg mellom Lio1 og Lio2
Skulen sin Kulturettermiddag
Mura trinn i Glommeskar
Folketalsutviklinga
Dåpsskulen
Språket vårt
Bryggjebakken og båthamna
Kvinner i Vikebygd 1946
Husmorlager anno 1935
Vegard vidare i N. Talenter
Skjold og Vikebygd eit sokn
Speidarfest og nutafantar
Tilbakeslag for Vossaplasset
Stimerking i Vikefjella
Idrettslaget
Kyrkjesundag 19.1.
Uvêr og storm
Juletrebrenning
Grasrotandelen
Nyttårsfest
Godt Nytt År
Jubilanten Per Dommersnes
Årets Vikebu kåra
ÅRET 2014

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011
2012
2013
2014
2015

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013
2014
2015
kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.orgg
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.orgrg