Klikk her og gå til framsida

Vikebygd

Namn og historie i Vikebygd

Sida er sist endra 8. august 2015

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Change Coatching
Bente T. Barane
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa

Lokale Bedrifter

Change Coatching B T Barane 
Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Det 114. Vikestølsmøtet 2014 
Boka om Vikestølen på nett. 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 
 

Namn på og i bygda:
Vikebygd, Vikevik, Vik, Austre Vikebygd

(8.8.2015 SteinarS, sist korrigert 9.8. 22:30)
Klikk her for å gå til digitalt temakart Rogaland
  • Skrivemåtar:
    Østre Vikebygd

    (godkjend av Kartverket i 1952).
    Austre Vikebygd

    (godkjend av Kartverket i 1978),
    Vikevik
    (godkjend av Kartverket i 1978).
    Vikebygd

    (godkjend av Kartverket i 1991),
     
  • Vikevik
    Eit namn som er nytta langt tilbake. 
    Frå den tida fraktebåtar jamleg la til ved kaien stod det skilt her som oppga stad-namnet og hamna til å vera Vikevik. Kaien ber namnet: Prestabryggja.  Vikevik vart også brukt som namn på grenda som låg her inst i vika og som nå utgjer sentrum av Vikebygd. Men andre seier berre at dei skal bort til "Vik" ein tur. Gardane her er mellom anna Vik Øvre og Vik Nedre. Etternamn som høyrer til er Vik og Øvrevik.
     

  • Vikebygd
    Vikebygd omfattar eit større område og vart namnet på kommunen som omfatta bygdene på austre og vestre side av fjorden. Kommunen eksisterte frå 1.1.1902 til 31.12.1963.  Krinsane vart då rekna Aarvik, Veastad og Vik med 578 innbyggjarar den gong. I dag reknar ein Vikebygd å strekkja seg frå Toredalen til Trovågsfeltet og omfattar 541 innbyggjarar (2015), ein nedgong frå 562 (i 2012).
     

  • Vik - Vika:
    Fyrste gongen Vikebygd kyrkje er nemnd i skriftleg materiale, er i året 1315 (eller 1313), og var då kalla "Viksar kyrkje." Vi kjenner ikkje til kva tid denne vart bygd, men det var truleg på 1200-talet, og var bygd som ei stavkyrkje. Ho skal ha stade på same staden som kyrkja vår står i dag, heilt fram til året 1682. Då vart ho nedriven og ei ny kyrkje vart bygd. I året 1431 er soknet kalla "Vika."  Kyrkja me har i dag er den 5. som har vore i bygda. Les ogsåKyrkjer i Vikebygd i 800 år
     

  • Ålfjorden  (Henta frå Wikipedia): "Ålfjorden er ein 27 km lang sidefjord til Bjoafjorden og Hardangerfjorden langs fylkesgrensa mellom Hordaland og Rogaland i kommunane Sveio og Vindafjord (tidligare Ølen kommune). Den innerste delen av fjorden ligg i Tysvær kommune. Fjorden har innløp i nord mellom Bjoaneset ved bygda Svolland i aust og Kvitanes på Tittlesnes i vest.

    Fjorden går så rett sørover og eit stykke inn i fjorden ligg Årvik i ei bukt på austsida. 5 km lenger inn i fjorden ligg Vikebygd på austsida ved vika Vikevik. På vestsida ligg dei mindre bygdene Framnes, Oa og Erve. Ved Erve strekkjer Ervebukta seg 3 km vestover og er mest som en liten sidefjord å rekna.
    (Les meir om fjorden på Wikipedia).
     

  • Eldre gardsnamn i Vikebygd:
    Aarvik, Alne, Birkeland, Dommasnes nedre, Fossøl, Gangstø, Kriken med Tangen, Kvamme, Kvamstø, Naustviken, Skatland, Svensbø, Svensbøøen, Tindeland,  Toredalen, Trovaag, Ulvevne, Veastad, Vik nedre, Vikevik, Øvrebø.
    Kjelde: link Søk i O. Rygh: Norske Gaardnavne.  
     

  • Åsar og nutar i Vikebygd (klikk linkane for å sjå på kartet kor dei er)
    Tindeland
    : Gardavikfjellet, Krakefjell, Trollkrona, Smørklompen, Smidjehaugen, Tindelandsfjella,
    Årvik-Skartland: Kåva, Langåsen, Husafjell, Såta, Buskar, Vindåsen?, Juten, Merkjesnutane, Dyraskorfjell.
    Kvamme: Vardåsen, Kvamsåsen, Gaupåsen, Trollskolten
    Vik, Alne: Alnaåsen, Rabudalsnibba, Hundaberget, Grunnhammar, Trollanibba, Trollafjellet, Buskarehompen, Bjørkelandsnibbene, Bjørkåsen, Vike Svartufs, Vassåta, Stemmeberget, Geitaberget, 
    Dommasnes: Hatleberget, Såta, Budalsnibba, Foråsen, Husafjell, Storekolthaug,
    Ridalsnuten, Sætranuten, Sætrafjell, Grautvassberga,
    Ulvebne: Skjenåsen, Tjosanuten, Store Skjeren, Litlafjell, Bårefjell, 
    Bjordal: Gløpsfjell, Svehaug, Rundehaug, Bjønnshaug, Svendsbønuten.
    Trovåg: Trovågfjellet, Smågahaug, Søljehaugen, Eikåsen, Åsane, Løkahaug
     

  • Andre namn i bygda
    Alne/Alna: Døvikskaret, Aksla, Alne, Vedlene, Odda, Heiadal, Veastad, Hundskinnshaug, Kaldhammar, Birkeland, Hundaberget, Taratåa, Flesjatåa, Byrkjenes, Døvika, Døvikflua, Klubbane, Korsnes, Sundhamn, Gressvik, Tyrollskolten, Langåsmyra, Olveskjer.
     

  • Mange namn endar på A i slutten av første ledd
    Dette er genetiv a frå gammalnorsk.  T.d. Alnaåsen.  Første del: 'Aln' er underarmen til ein mann og vart nytta som mål i eldre tid. Alna-åsen kan derfor gjerne omsetjast til Aln sin ås. (Litt ovanfor garden Alne finn vi Aksla = skulder). Vi finn tilsvarande A i Heiadal, Veastad, Husafjell, Dyraskar, Lundagarden (Dalsbruket), Brunnavika, Skjeljavika, Taravika, Toranes, Øvrabø, Sætrafjellet, Vikabekken, Holmavatnet, Mørkadalsvatnet, Trollanipa, Langavatnet (utt.: Longavatne) Tonganeset, Gardavika, Buaneset, Bjoaneset, Bukkanibba m.fl. Sør for oss har vi også (I Skjoldafjorden): Skjoldavika, Båtavika, Godavika, Liavika, Naustatongan, Alvaberget.

    Når ein er ute på fjorden utanfor Bjoa og ser innover mot land, rundar landet innover mot Ålfjorden, rundt Bjoaneset og vidara mot Rossanes, Haugsgjerd, Stavanes, og innover Ølsfjorden. Landet skrånar svakt opp og inn frå sjøen eit stykke før det stig bratt opp mot fjellet. Liknar veldig på ein suppetallerken som ligg opp ned. Kanskje difor namnet Bjoa kjem av det gammalnorske: Bjodr, som tyder nettopp: Suppetallerken.  I ei av dei andre bygdene i kommunen kjenner finn vi t.d. Vikadal, som der kjem av at elva har mange vikar nedover dalen.

    Så har det oppgjennom tidene kome forskjellige som skal skriva ned namna og laga skilt. Då er det viktig å kjenna opphavet til namna. Dei finn vi i den lokale kulturen. Eit mangfald som også er baka inn i det skriftspråket som vart laga gjennom å samla inn norske ord og talemåtar, men som for oss vestlendingar er fråverande i det andre skriftspråket som har sitt opphav i Oslo og før den tid i 400 år under dansk styre og med krav til å tala dansk i offentleg samanheng. Difor finn vi også på karta avvik mellom t.d. Ø'lsfjorden, Ø'lsvågen og staden Ølen, som i mi oppvekst tid vart uttala Ø'L. (ikkje Øl, men Ø'L). Så er det også dei som prøver å bytta ut denne a-en med ein e, som dei meiner høver betre i bokmålet. Då blir det heilt feil og vi misser rot i ordet sitt opphav.

Kanskje du har fleire lokale namn som er i ferd med å gå i gløymeboka? Send gjerne desse inn til tips@vikebygd.org
 

Sokneprest Jon Ådnøy inviterte til
Gudsteneste i Vikebygd kyrkje
søndag 2. august kl 10:00
 
av Steinar Skartland. 2. august.

Tenk - så fekk eg lov å vekkja opp bygdefolket alt før klokka ni denne sundags-morgonen.  Då var underteikna i full gong med å halda dei to store klokkene i svinging med hørselsvernet godt plassert over øyrene.  Bøndene var sikkert alt komne inn til frukost etter mjølkinga - for dei som ennå har mjølkekyr.

Austre Vikebygd kyrkjeEigentleg er det ikkje vanskeleg. Når eg har fått klokkene til å svinga med å dra i dei to taua, så er det berre å fylgja med i rørslene. La armane pendla med. 

Noko anna er uråd. Klokkene er tunge og gjer jobben sin best når dei får gå i sin eigen takt.  Dei er ikkje like store. Derfor svingar dei med ulik fart, noko som også gjev den spesielle klangen og rytmen i slaga, som ein berre får når klokkene vert sett i gong med handemakt. Saknar ikkje elektrisk ringing. Eg likar best å stå der attmed klokkene oppe i toppen av kyrkjetårnet, med korte tampar inn mot klokkene og la armane fylgja med i takten deira. Kikkar innimellom på klokka. Tre gonger fem minuttar skal dei ringja: Siste fem minutt før det er ein time til gudstenesta tek til, så før det er ein halv time igjen, og siste ringing dei siste fem minuttane før gudstenesta tek til.

Når det er stille vêr så kan klokkene høyrast heilt til Skartland, over fire kilometer. Som liten gut bruka eg å stå litt ute på trappa heime på julekvelden.  Då skulle jula ringjast inn i ein heil time, frå klokka 17 til klokka 18. Høyrde vi godt etter, så høyrde vi klokkene slå.

Morgongudstenesta
"Med gudsteneste så tidleg så får vi morgonsola inn vindaugemåleria i aust, og det gjer bileta ekstra flotte", starta Jon gudstenesta med. Over 30 hadde funne vegen  til kyrkje denne søndagsmorgonen. 

I tillegg til Jon Ådnøy sin tale over dagens tekst om å tilgje, ikkje berre 7, men 70 gonger 7 om nokon hadde gjort gale mot deg, så var det også nattverd og kollekt til Sjømannsmisjonen sitt arbeid.  Ein fin måte å starta søndagen på. Kyrkjekaffi rett etter gudstenesta gjorde at dei fleste stoppa igjen ei lang stund og fekk ein god drøs saman over kaffikoppen ute i "våpenhuset." 

Det gamle kyrkjeorgelet
Ein av dei som hadde teke turen til kyrkja var Olav Ohm, utdanna både som kantor og ordinert prest. Han ville gjerne få sjå det gamle orgelet. Det fekk han sjølvsagt, men eg orsaka meg at han ikkje kunne få spela på orgelet, då straumen var kopla i frå. Men etter at han forsvann opp trappa i tårnet, så slo det meg: Belgen er då der framleis! Eg skunda meg etter og tilbaud meg å trø belgen, så han fekk prøva orgelet.  Og slik bar det til at det gamle orgelet ennå ein gong fekk lyda ut i kyrkjerommet. Men folket var gått heim så vi var få som fekk gleda av tonane då. Det er framleis spelbart på dette orgelet, ikkje tvil om det. Litt nostalgi må vi unne oss.

 

Kva skjer?
Her kan du lesa detaljert program for kvar dag.

til hovudsida for Vikebygd



Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
Fotoalbum frå kvelden
ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

2015
August
Lokale namn i Vikebygd
Revansj til Bjoa
Morgon gudsteneste
Juli
Gode resultat i Norway Cup
Jordskjelv merkast i Vikebygd
Fotballkamp Vikebygd-Bjoa
Sommar i Vikebygd
Auksjon og loppemarked
Juni
Vikestølsmøtet 28. juni
Speidarar i kano på Nidelva
St.Hans feiringa
Gudsteneste i tunnelen
Leit etter slekt
Dugnad på Kjekt i Vik hall
Barnetalet minkar
HK-toalett i båthamna
Speidarane i Tonjen
Mai
Frigjeringsjubileet
Arquebusmarsjen 15.5.
Kjekt i Vik hallen
Tranefugl i bygda
Nasjonaldagen
Vår i hagen
Bygdamøte 5.5.
Fjelltur 3.5.
April
Vikesprinten 26.4.
Kommunestruktur
Vikeputten 25.4.
Vassverket avviklar
Muligheter for FV 734 ?
Mars
Nominasjon og lister
Det vårast i fjellet
Idrett og orientering
Vikevegen
Årsmøte i kyrkja
Speidarfest og Nutastavar
Årsmøte i Vassverket
Februar
Naustområde Ulvebne godkjent
Asfaltering på Dommarsnes
Skitur i vinterlandskap
Januar
Stormflo 10. jan.
Nedbør og mildt nytt år
 

Vêrvarsel time for time for Austre Vikebygd i Vindafjord (Frå YR.NO)

Last ned 10 dagars varsel - som pdf   
VÊRVARSEL for VIKEBYGD    VÊRVARSEL for Nordabygda    VÊRVARSEL for Trovåg 
Allergisk? - sjekk: POLLEN VARSELET her i perioden
Februar-August

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011
2012
2013
2014
2015

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013
2014
2015
kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.orgg
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.orgrg