Klikk her og gå til framsida

Vikebygd

Bygdamøte om Kommuneplan 5. mai 2015

Sida er sist endra 5. mai 2015

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Change Coatching
Bente T. Barane
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball

Lokale Bedrifter

Change Coatching B T Barane 
Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 113. Vikestølsmøtet 2013 
Boka om Vikestølen på nett. 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 
 
 
45 vikebuar på bygdamøte om kommuneplan
"Ei gladmelding til Vikebygd" sa ordførar Vierdal

av Steinar Skartland, 5. mai 2015

45 Vikebuar stilte opp for å gi innspel til ny kommuneplan. Noko dei gjorde i eit aktivt gruppearbeid med høgt lydnivå. Men først vart det orienteringar frå Anne Sofie Sandvik, Sissel Årvik og kommunalsjef Liv Tokerud, før ordføraren slapp til med powerpoint om kommunesamanslåing. Ein prosess der ein startar med fire ulike senarier, men skal koke dette ned til to før det blir folkerøysting.

Ordførar Ole Johan Vierdal- Eg vil starta med ei gladmelding til Vikebygd, starta ordførar Ole Johan Vierdal med då han litt forseinka kom frå møter på rådhuset til bygdamøte i Vikebygd.  Formannskapet hadde vore i møte og vedtok der å setja av 2,9 mill. kr som kan nyttast til forskottering av utbetringar av fylkesveg 734 frå Vikebygd til Skjold.
- Me har i tillegg 500.000 frå VAF, så då er det nesten 4 millionar, var leiaren i Grendautvalet, Frantz Lea sin respons på dette. - Peis på!

Gunnar Birkeland tok ordet og peika på at dei Grendautvala vi har hatt dei seinaste åra, leia av Lauritz Bjørnevik og Frantz Lea, har gjort ein fantastisk jobb og oppfordra til å gje dei ein skikkeleg applaus. Dei skal ha mykje av ære for det ein har fått til, m.a. med vegen.  Det ga respons i salen i ein kraftig applaus.

Så kan ein også føya til at folk i Vikebygd har ei eiga evne til nettopp å rosa dei som gjer noko for fellesskapet og bygda. At ein legg vekt på ros og gode tilbakemeldingar, er nok med og løftar fram og styrkjer dugnaden og innsatsviljen mellom bygdefolket.  Her ligg mykje av det som er viktig for å utvikla bygda vidare.


Frantz Lea, Ordførar Ole Johan Vierdal, kommunalsjef Liv Tokerud og Sissel Aarvik, regulering/plan

-Vi må bli fleire, var responsen frå Frantz Lea som oppfordra til ein felles "liggjedag" i bygda. -Så blir det snart ein ekstra skuleklasse her. Eit av Lea sine fanesaker er Gondolbane opp til Trodlanibba. -På dugnaden sa geir Rasmussen at når du får på plass gondolbanen skal eg ordna restaurant og servering der oppe, var ein av kommentarane frå Lea som har vist at det han vil  - det får han til. Og han gir aldri opp.  Denne dagen var innspelet å laga hamn for krusskip på Dommarsnes.  Det viktigaste vi kan læra av dette er at: Våg å komma med ideane dine! Mellom mange idear og innspel vil det alltid vera nokre vi får til å fungera. "Men den som intet våger - intet vinner!"

Einingsleiar Anne Sofie Sandvik i Vindafjord kommuneKommuneplanen er delt i ein 'areal del' der vi nå skal sjå på bustad og næring, og i ein 'samfunnsdel' som skal reviderast i sin heilskap, var introen frå kommunen.
- Vindafjord skal framleis vera Sentral og Vital, påpeika Anne Sofie Sandvik.
-Me har valt tre tema for gruppe-arbeidet:
 - Levande bygder
 - Handlekraft
 - Berekraftig arealforvaltning

Ho viste til planane som er lagde før og som er utgangspunktet for gjennom-gangen. 

-På kommunen si webside (www.vindafjord.kommune.no) er det laga ei underside om kommuneplanarbeidet. Her kan alle gå inn og sjå kva innspel som kjem inn. Vi kan ikkje gå ut og informera alle berørte direkte, var bodskapen frå Anne Sofie.

I Vindafjord har kommuneplanen opna for husklynger og nokre stadar for spreidd busetnad, i tillegg til byggjefelt. Som eksempel vart nemnd plassar som Årvik og Skartland.
-Men der er ein føresetnad for å plassera byggjefelt. Det er at born skal kunna nå fram til skulen på ein trygg skuleveg

I presentasjonen var ein interessant statistikk over hushaldningane i Vikebygd:
  30% er åleinebuande
  30% er par uten heimebuande born
  25% er par med yngste barn i alderen 0-17 år
   4% er mor/far med yngste barn i alderen 0-17 år
  10% er ein-familie-hushald med vaksne born (yngste >18 år)
   1% er fleirfamiliehushald (med og utan born)

Det er nå:
 541 som bur i bygda i alt, 1.1.2015
 264 som bur i bygda og som er i arbeid (2014),
 100 som jobbar i bygda, uavhengig av bustad
 108 som bur i bygda og jobbar i ein annan kommune
   24 som bur i ein annan kommune og jobbar i bygda

Siste timen var gruppearbeid med innspel til Levande bygder, Handlekraft og Berekraftig arealforvaltning. Gruppene skulle diskutera og skriva ned deira svar og innspel på:
 -Kva er vi gode til
 -Kor har vi klare utfordringar og fordeler
 -Korleis kan vi konkret ta tak i desse utfordringane.

Det vart notert mange gode innspel som Anne Sofie kunne ta med seg tilbake til prosjektgruppa. Tilsvarande møte vert haldne i alle 9 bygder, og det er mogeleg også å komma med innspel direkte.  På eiga webside er det lagt opp ei kartløysing der ein kan sjå kor det er foreslått tiltak, og ein kan også leggja inn sine eigne innspel.


Ei lydhør forsamling på 45 vikebuar lyttar til dei fire frå kommunen.


OPE MØTE PÅ BYGDAHUSET
Klikk her for å laste ned plakaten"SAMAN OM VINDAFJORD"
5. mai kl. 19:00

Kom med dine innspel til kommuneplanarbeidet

Levande bygder | Handlekraft | Berekraftig arealforvaltning
Korleis skal Vikebygd og Vindafjord bli ein betre plass å bu?

Me treng dine innspel om:
  • Skule - Barnehage
  • Fritid - Bustad
  • Veg - Breiband
  • Næring, osb
Me inviterer vikebuen til arbeidsøkt om vegen vidare i Vindafjord Vikebygd Bygdahus tirsdag 5. mai kl. 19:00 – 21:00. Engasjer deg i Vikebygd si framtid!

Gondolbane til Trodlanibbå, ein visjon eller verkelegheit?
Vikebygd, «Perlå i Ålfjorden» er det greit nok?

Arr: Vindafjord kommune og Vikebygd grendautval      Plakaten


Kommunestruktur på sakskartet.
Kommunestyremøte den 14. april vedtok at rådmannen skal utgreie tre alternative kommunesamanslåingar, i tillegg til 0-alternativet:

Alternativ 0: Vidareføring av kommunestrukturen som den er i dag
Alternativ 1: Samanslåingsløysingar med Vindafjord, Bokn, Tysvær og Etne
Alternativ 2: Samanslåing av Vindafjord, Etne, Sauda og Suldal
Alternativ 3: Samanslåing av Vindafjord og Etne

Etter at fordeler og mogelege ulemper med desse alternative løysingane er utgreidde, skal politikarane i kommunestyret tilrå kva for alternativ som skal leggjast fram for folket i ei rådgjevande folkeavrøysting.  Før ein kjem så langt skal det leggjast opp til eit breitt engasjement og informasjon gjennom bygdemøte, grendautval, kommuneadministrasjon, tilsette, organisasjonsliv og næringsliv. For at eit vidare arbeid med alternativa skal ha noko for seg må dei andre kommunane vera samd i alternativa.  Dialog med desse kommunane vil gå føre seg fram til sommaren 2015, og difor kan saka koma opp endå ein gong etter det.  Rådmannen si saksutgreiing vert lagt ut på høyring seinast 1. mars 2016 og endeleg kommunestyrevedtak vert gjort i juni 2016. 

Les sakspapiret til Formannskapet her.

(Vedtaket vart noko endra, som referert ovanfor). eee

Kommunen si side om kommunereforma


Vikebygd treng fleire innbyggjarar
Folketalet går nedover
av Steinar Skartland, 4. mai 2015

Frå eit "toppår" i 2010-2011 med 563 innbyggjarar, har folketalet sakte gått nedover i Vikebygd. Siste teljing, pr 1.1.2015 viser eit folketal på 541.

Bygda har mange opparbeida og ledige tomter i sentrum med kort veg til skule, barnehage, butikk, kyrkje, idrettsbane og bygdahus. Dei husa som har vorte bygde i Vikebygd dei seinare åra er i stor grad til erstatning for andre hus som vert rivne. Nokre få tomter er selde på byggjefeltet, men her er ennå 18 tomter ledige. Å oppretthalda busetnad og folketal er viktig for ei levande bygd der samhald, dugnad og trivsel er kjennemerke.
Eit aktivt grendautval står på for lokale saker m.a. for å gjera bygda meir attraktiv. Så vonar vi dei lukkast i dette arbeidet. Tomtene er tilrettelagte for sal av Vindafjord Tomteselskap.
 
Årsmelding Vindafjord 2014
Heile Vindafjord opplevde ein stagnasjon i folketalsveksten i 2015, kan ein lesa i Årsmeldinga til Vindafjord kommune. Med nedgong første halvår og deretter ein auke siste halvår, enda kommunen på eit folketal på 8765. Det er ein netto auke på 18 i 2014. Tidlegare år har auken lege på omlag 100-150 i året.
 
Næringslivet går godt og har vore gjennom ein stor vekst gjennom mange år. Dette har ført til trong for auke i tilsette. Mange arbeidstakarar frå andre kanter av landet eller med utanlandsk opphav har kome til og har vald å slå seg ned i kommunen og få familien hit også. Dersom denne veksten i nye tilsette stagnerer, vil det truleg også vera ein årsak til at veksten i folketalet vert mindre. Noko som slår uheldig ut for bygder som ikkje har store industriarbeidsplassar.

Vikebygd har eit stort industriområde med djupvasskai. Her er god plass ennå, og Statens Vegvesen vel å laga ei muligheitskartlegging av vegen frå Isvik til Vikebygd. Om verksemder ser det som interessant å etablera seg her, kan det fort bli trong for dei ledige bustadtomtene i sentrum av bygda.

Tirsdag 5. mai, klokka 19:00, inviterer Vindafjord kommune og Vikebygd Grendautval til felles ide-møte på Bygdahuset for å staka ut kursen vidare og å få innspel til arbeidet med kommuneplanen. Det er den som legg føringane for kor det skal vera industri, bustaddfelt, vegar, breibandsutbygging, naust og hytter.  

 

Tilbake til hovudsida

 

Link til FOTOALBUM for Vikebygd

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2015 ser du her.


Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
Fotoalbum frå kvelden
ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

2015
Barnetalet minkar
Speidaravslutninga
Arquebusmarsjen 15.5.
Kjekt i Vik hallen
Nasjonaldagen
Vår i hagen
Bygdamøte 5.5.
Fjelltur 3.5.
Vikesprinten 26.4.
Kommunestruktur
Vikeputten 25.4.
Vassverket avviklar
Muligheter for FV 734 ?
Nominasjon og lister
Det vårast i fjellet
Idrett og orientering
Vikevegen
Årsmøte i kyrkja
Speidarfest og Nutastavar
Årsmøte i Vassverket
Naustområde Ulvebne godkjent
Asfaltering på Dommarsnes
Skitur i vinterlandskap
Stormflo 10. jan.
Nedbør og mildt nytt år

2014
Romjula 2014
Julegudsteneste 24.12
Ny bru ved Vossaplasset
Julekonsert 14.12.14
Kor e' Vindafjord 10.12.
Lysmessa i kyrkja 7.12.
Lysa vart tende på juletreet
Årsmøte i Grendautvalet
Svanene på plass i bygda
Globalcafe med Speidaren
Familiegudsteneste 9.11.
Fornyar klubbhuset i båthamna
Grunnlovsjubileet 5.11.
Nytt kjøkken og kafe
Mitt Fargerike Nabolag
Frukost & konsert på butikken
Ymse frå november 2014
Tysvær Vepro steller graver
TV-aksjonen 2014
Veg til Vikestølen
Folketalet går ned
Tur til Longåsdalen
Ymse frå oktober 2014
Fotballkampar i Vikebygd
Fairtrade kommunen markert
Aktivitetsdagen 20.9.
Sopp kurs 12-13. sept
Vikestølsmarsjen
Fv. 734 - Vikevegen
Friluftsrådet 30 år
Sjømannsmisjonen 150 år
Nytt kjøkken på Bygdahuset
Skulestart i Vikebygd
Heidra for idrettsinnsats
Ekstremvêret Lena
Vikebygd-Bjoa 5-2
Supermånen i 2014
På leit etter røter på Fossel
Speidarane på leir i Asker
Stiar merka i fjellet av Roald
Speidarar på Landsleir
Vikebygdfestivalen 19.7.
Radio 102 show frå Plasset
Murmansk reise
Vikestølsmøte 6.7.
Ny Olalihytte opna
Sankt Hans-feiringa
Strandloppis
Diverse frå mai-Juni
Speidarane i Vikebygd
17. mai 2014 i Vikebygd
Brot i Landbruksforhandlingane
Tildeling frå Bakkevig's fond
Vikesprinten 3.5.
Fjelltur på stiar i Vikebygd
Samanslåing av kyrkjesokn?
Vikeputten 2014
Litt frå April
Utviding av gardsbruk
Bondevenner 2014
Tindelandsnaturen
Veg mellom Lio1 og Lio2
Skulen sin Kulturettermiddag
Mura trinn i Glommeskar
Folketalsutviklinga
Dåpsskulen
Språket vårt
Bryggjebakken og båthamna
Kvinner i Vikebygd 1946
Husmorlager anno 1935
Vegard vidare i N. Talenter
Skjold og Vikebygd eit sokn
Speidarfest og nutafantar
Tilbakeslag for Vossaplasset
Stimerking i Vikefjella
Idrettslaget
Kyrkjesundag 19.1.
Uvêr og storm
Juletrebrenning
Grasrotandelen
Nyttårsfest
Godt Nytt År
Jubilanten Per Dommersnes
Årets Vikebu kåra
ÅRET 2014

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011
2012
2013
2014
2015

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013
2014
2015
kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.orgg
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.orgrg