Klikk her og gå til framsida

Vikebygd

Kjekt i Vik hallen ferdig

Sida er sist endra 29. okt. 2015

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Change Coatching
Bente T. Barane
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa

Lokale Bedrifter

Change Coatching B T Barane 
Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN
KYRKJEBLADET HYRDINGEN
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Det 114. Vikestølsmøtet 2014 
Boka om Vikestølen på nett. 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 
 
Kulturminister Thorhild Widvey (H) kjem til Vikebygd
Opnar 'Kjekt i Vik -hallen'

av Steinar Skartland 26.sept. 2015

Laurdag 31. oktober blir det stor fest i Vikebygd. - Me har fått kultur-minister Thorhild Widvey til å stå for den høgtidelege, offisielle opninga av den nye 'Kjekt i Vik-hallen' hallen, fortel Rune Hetland, styremedlem i hallen. 

I det siste har dugnadsfolk og innleigde fagfolk arbeida på spreng for å få hallen og kunstgrasmatta ferdig.

- Så er det me har håpa på ei stund klart, fortel Rune Hetland; - Kulturminister Thorhild Widvey kjem og opnar den nye hallen i Vikebygd laurdag 31. oktober. Ho skal samstundes opna den nye banen i Skjold.

- Saman med Skjoldar IL har me i Vikebygd IL arbeidd ei stund for å få Kulturministeren til opninga av den nye hallen her i Vikebygd og den nye kunstgrasbanen i Skjold, seier Hetland.
- Me legg ikkje skjul på at me var svært glade då den endelege meldinga kom på fredag. Dette er stas, og det blir nå ekstra høgtid over opninga.

Nå startar arbeidet med å få eit godt program for opninga. Kulturminister Widvey vil vera i bygda i ein liten time så det gjeld å utnytta tida godt. Program for opning av dei nye anlegga skal lagast i samarbeid mellom Skjoldar IL og Vikebygd IL. - Me vil svært gjerne ha kreative innspel.

Kulturminister Thorhild Widvey opnar hallen i Vikebygd 31. oktober
Kulturminister Thorhild Widvey kjem til opninga
av 'Kjekt i Vik-hallen'.  (Foto: Ilja C. Hendel)

Kjekt i Vik Hallen - Klikk for stort bilde
Her er styret i Kjekt i Vik hallen AS:
Berit R. Skartland (kasserar), Martin Larsen (styreleiar) og Rune Hetland (styremedlem)
i midten, flankert av
Tore Espeland (styreleiar i fotballgruppa) og Odd Nesse (styreleiar i Vikebygd Idrettslag)

Les også i Grannar

Tilbake til hovudsida

Vikebygd IL vil med dette invitere alle til å bli med
på opningshøgtid av den nye Kjekt i Vik-hallen

laurdag 31. oktober 2015, kl. 12:00

Laurdag 31. oktober blir det stor fest i Vikebygd. - Me har fått kulturminister Thorhild Widvey til å stå for den høgtidelege, offisielle opninga av den nye 'Kjekt i Vik-hallen' hallen, fortel Rune Hetland, styremedlem i hallen. 

ALLE ER HJARTELEG VELKOMNE

Program: Kulturminister Thorhild Widvey opnar hallen i Vikebygd 31. oktober
Kl. 12:00


Kl. 12:05





Kl. 12:15

Kl. 12:25

Kl. 12:50


Kl. 13:15
à
Kulturminister Thorhild Widvey kjem
Korpset spelar

Velkommen v/Odd Nesse, styreleiar VIL
Info. om hallen v/Martin Larsen
     og Rune Hetland.
Helsing frå Vindafjord kommune   
     v/ordførar Ole Johan Vierdal.

Thorhild Widvey talar og opnar hallen

Kamp Vikebygd – Skjoldar (ungt lag)

Markering av/for leverandørar, sponsorar
og dugnadsfolk.

Aktivitetsdag i Vikebygd IL
Påmelding aktivitetsdag frå Kl.12:30.
Kr. 50,- per deltakar, kr. 150,- for familie.
Alle påmelde får premie
– i tillegg blir det trekt ut nokre fine ekstrapremiar!

Aktivitetar både inne i hallen og ute: Springing, hopping, kast, sykkel, triatlon, speedorientering, balløvingar +++

NB! Under heile arr. blir det sal av pølser, lappar, kaker, brus og kaffi.
Last ned plakaten

Kulturminister Thorhild Widvey kjem til opninga av 'Kjekt i Vik-hallen'.  (Foto: Ilja C. Hendel)
 

Kjekt i Vik - hallen


Kjekt i vik -hallen
Siste finish på topplaget av
grasmatta laurdag

av Steinar Skartland 19.9.2015

Det er ikkje nok å rulla ut eit grønt teppe, når hallen skal gjerast klar for raske føter med fotballsko. Laurdag var både leverandøren og lokale dugnadsgjengar i full aktivitet.  Etter ein støvete jobb med å leggja ut tørr finsand på matta, tok dei til med å leggja ut tonnevis med små, svarte gummikuler. 


Ein traktor med spesialutstyr for utlegging spreidde ut lass etter lass, jamnt og fint. I tillegg til fleire med kostar og river køyrde Terje Gausvik firhjuling med spesialrive bak.  Runde etter runde for å fulla ned i kunstgraset og gjera det slitesterkt og godt å springa på.

Terje Gausvik rakar opp grasmatta med firhjuling.
Lufta vart full av fint, svart støv.  Dette viste igjen på dei som jobba dugnad. Dei vart etter kvart svarte både på klær og i andletet.
- Det rauk mykje meir de me la ut finsanden først, fortalde Arne Mikal Svendsbøe som er ein av dei flittige i dugnadsgjengen. - Ungane kjem nok til å ha fullt av svarte gummikuler i skorne etter å ha spela fotball, meinte han.

Matta av kunstgras må rakast kvar månad med spesialkosten, og etterfyllast med gummikuler, så det er ein del vedlikehald for idrettslaget. Det er eit stort løft å få opp ein slik stor og flott hall i bygda.  Initiativtakarane og dugnadsfolket kan berre rosast for sitt engasjement. Med Vikebygd sitt store engasjement for fotball og idrett for barn og ungdom vil hallen bli mykje bruk og opnar for at treningane kan gå gjennom heile vinteren.


Traktor lyfta storsekkene opp og fylte dei over på utleggjaren. 


Kjekt i vik -hallen
Kunstgraset er på plass i hallen

av Steinar Skartland 16.9.2015

Onsdag 16. september var spesialistar frå Nederland i full gong med å montera kunstgraset i den nye "Kjekit-i-Vik -hallen". Dugnadsfolk hadde gjort eit grundig forarbeid med å planera, raka og komprimera underlaget av grus. Det måtte ikkje vera ujamt og Martin Larsen kontrollerte heile tida detaljane med laser.


Montørane rulla ut kunstgraset og limte skøytane.  Etterpå skal det fyllast på eit lag med ørsmå svarte plastkuler og kunstgraset skal rakast opp.  Montørane meinte dei også ville bruka ein del av torsdagen med liminga og tilpassing av kunstgraset.  Etterarbeidet ville truleg også ta nokre dagar, så fotballspelinga må ennå venta nokre dagar.
 



Haust-sol og sommarsvarme over sluttinnspurten med Kjekt i Vik hallen. 

Kjekt i Vik-hallen

Siste dugnads-innspurt før grasmatta vert lagd

Av Steinar Skartland 11.09.2015

Torsdag og fredag var det hektisk med avretting av gruslaget inne i hallen.  Martin Larsen brukte lasermålar for å sikre at det ikkje var over ein halv centimeter avvik på overflata. Andre bruka handreiskapar til å jamna ut medan Helge Helgesen køyrde valsen som komprimerte grusen på fredagen.

Rullar med kunstgras - klar for å leggjast.- Grasmatta er komen og ligg i rullar utanfor hallen, kunne Martin Larsen fortelja. 
- På onsdag skal spesialistar frå Nederland leggja kunstgraset oppå det ferdige gruslaget. Torsdag i neste veke skal hallen vera klar til å spela fotball. 

Det vert lagt ein lim oppå den komprimerte og avretta sanden. Så vert grasmatta rulla ut og festa.  Det skal også platast oppover søylene på innsida av veggene.

Det er ein solid hall med eit kraftig fundament. Larsen var ikkje bekymra for uvêr.
- Tilsvarande hall står i Skudenes og der er det meir vêrhardt enn i Vikebygd. 

 


Duken er nå på plass på Kjekt i Vik hallen
Av Rune Hetland 03.09.2015

Kjekt i Vik Hallen - Klikk for stort bilde
Hallen er nå komen opp. Her er styret i Kjekt i Vik hallen AS:
Berit R. Skartland (kasserar), Martin Larsen (styreleiar) og Rune Hetland (styremedlem) i midten, flankert av Tore Espeland (styreleiar i fotballgruppa) og Odd Nesse (styreleiar i Vikebygd Idrettslag).
 


Idretten i Vikebygd satsar på
Kjekt i Vik hallen

Av Steinar Skartland 27.08.2015

Nå har mange sett at stålskjelettet til hallen reiser seg like ved Bygdahuset. Dei neste dagane skal duken monterast og hallen bli tett før kunstgraset kjem.


- Oppstart på montering av hall er i full gang, fortel Martin Larsen som er byggjeleiar.
- Vi reknar med at hallen er tett i midten av, eller i løpet av, neste veke. Litt avhengig av vind. Duken kan ikkje monterast viss vinden overstig 5 m/s.

- Kunstgraset kjem rundt 14. september.

Ber bygdafolket stilla på dugnad
-Me håpar på godt oppmøte på dugnad fredag 11. og laurdag 12. september for å raka og jevna underlaget for kunstgraset, held han fram.
Les meir her
 


Dugnad på 'Kjekt i Vik Hallen'

foto Martin Larsen 11.6.2014    Brødrene Jan Severin og Arne Mikal Svendsbøe var mellom dei som stilte på dugnad med bering av forskalingsflakar.

Neste dugnad var på ettermiddagen torsdag med bæring av forskalingsflakar til støyping av trinn 2.


Fleire generasjonar var i arbeid for hall med kunstgrasbane i Vikebygd torsdag 11. juni
 



Med godt humør og dugnadsiver blir tunge bører lette

 


'Kjekt i Vik Hallen' i rute
Tekst og bilder Martin Larsen 11.6.2015,  (tilrettelagt for web av Steinar Skartland)


Haugaland bygg & betong AS v/ Rasmus Tore Stople er i gang med armering og støyping av fundament til fotballhallen.
 
Første del av støypearbeidet vart utført i løpet av torsdag 11. juni og siste del ila måndag 15. juni, vi er dermed godt føre tidsplanen. Dette har fungert bra med god innsats frå dugnadsansvarlige Terje og Arne og dugnadsfolk som har deltatt ivrig for å få god framdrift. Vi takkar alle dei så langt.

Inviterer til ny dugnad tirsdag og onsdag
Etter det blir det dugnad på tirsdag og onsdag for å riva og reinska forskaling og køyra det på plass til Sandeid, alle som ynskjer å bidra på tirsdag / onsdag vert bedne om å
ta kontakt med Terje på tlf 98229368 eller Arne på tlf 97087587.



Vikebygd Idrettslag byggjer innandørshall
av Steinar Skartland 13.6.2015

I brevet idrettslaget sende ut til bygda i slutten av mai, kom dei med denne oppfordringa:

"Arbeidet med den nye, store innandørshallen ved bygdahuset er i gang. Vi oppfordrar alle som har mulighet til å vera med på dugnad om å ta i eit tak der det passar. Det er ikkje så mange oppgåvene det mogeleg å gjera dugnad på, så det skal ikkje så mange timar til med innsats for kvar einskild før vi er i mål."

Oppstart var laurdag 30.mai og idrettslaget har sett opp datoar og oversikt over kva dei treng dugnadsinnsats på, særskild innan grunnarbeider og betongarbeider, både nå i juni og deretter i august då det skal støypast ringmur, riving av forskalingar, legging av røyr og plannering. 

Kontaktpersonar for dugnad er:
Terje Gausvik på tlf 982 29 368 e-post terjegau@online.no
Arne Svendsbøe, tlf 970 87 587, e-post: arne-m.s@online.no

Tilbake til hovudsida


Første spadestikk laurdag 30. mai
Grøft til fundament for Kjekt i Vik-hallen

av Steinar Skartland, 30. mai 2015


Koltveit Maskin var laurdag i gang med å grave opp for fundamenter til Kjekt i Vik-hallen.

- Grunnarbeidet vert utførast av Koltveit maskin. Vi har fått med oss en dugnadsgjeng med traktor og tilhengarar for bortkøyring av overskuddsmassar, fortalde Martin Larsen som set i arbeidsgruppa for hallen. 

Sjølve hallen er tenkt montert i siste del av August. 

 

 


Entreprenør Kolltveit og dugnadsgjengen i arbeid med fundamentering. Foto: Rune Hetland
 

 


Oppstart for Kjekt i Vik-hallen
av Steinar Skartland, 28. mai 2015


- Vi har oppstart av grunnarbeider for den nye idrettshallen i Vikebygd på laurdag, fortel Martin Larsen som set i arbeidsgruppa for hallen.

- Grunnarbeidet skal utførast av Koltveit maskin. Vi har fått med oss en dugnadsgjeng med traktor og tilhengarar for bortkøyring av overskuddsmassar.

Sjølve hallen er tenkt montert i siste del av August.
Bildet: Martin Larsen og Rune Hetland i prosjektgruppa for hallen.


Teikning av den nye Kjekt i Vik-hallen

Det var i september i fjor at eit samla årsmøte stilte seg bak planane om å etablera ein idrettshall med kunstgrasbane på grusbanen ved Bygdahuset. Kostnaden var då kalkulert til 3 millionar kroner + moms. Seinare har idrettslaget etablert eit eige aksjeselskap som skal byggja og drifta hallen, og leiga den ut til idrettslaget sine aktivitetar. Det blir sett opp ein kald hall utan varme, men dette vil likevel bety mykje for idrettsaktivitetane då m.a. fotballtrening etter dette kan føregå heile året.

Gjennom fleire år har Vikebygd idrettslag arrangert fotballturneringa Vikeputten for born i frå heile distriktet. Så mange som 6-700 spelarar har då vore i aktivitet. I år vart det regn og vått vêr, noko som viser at ein slik hall vil ha store fordelar ved slike arrangement.

til hovudsida for Vikebygd



Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
Fotoalbum frå kvelden
ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

2015
Oktober
Kommunestyret konstituert
September
Med gele og saft til Ølen
Kulturminister opnar hallen
Familiedag i Longåsdalen
Soknerådsval 14. sept.
Valet 14. sept.
Aadland fekk musikkstipend
Kjekt i Vik Hallen ferdig
August
Haustfest i Lio
Befaring på fylkesvegen
Lokale namn i Vikebygd
Revansj til Bjoa
Morgon gudsteneste
Juli
Gode resultat i Norway Cup
Jordskjelv merkast i Vikebygd
Fotballkamp Vikebygd-Bjoa
Sommar i Vikebygd
Auksjon og loppemarked
Juni
Vikestølsmøtet 28. juni
Speidarar i kano på Nidelva
St.Hans feiringa
Gudsteneste i tunnelen
Leit etter slekt
Dugnad på Kjekt i Vik hall
Barnetalet minkar
HK-toalett i båthamna
Speidarane i Tonjen
Mai
Frigjeringsjubileet
Arquebusmarsjen 15.5.
Kjekt i Vik hallen
Tranefugl i bygda
Nasjonaldagen
Vår i hagen
Bygdamøte 5.5.
Fjelltur 3.5.
April
Vikesprinten 26.4.
Kommunestruktur
Vikeputten 25.4.
Vassverket avviklar
Muligheter for FV 734 ?
Mars
Nominasjon og lister
Det vårast i fjellet
Idrett og orientering
Vikevegen
Årsmøte i kyrkja
Speidarfest og Nutastavar
Årsmøte i Vassverket
Februar
Naustområde Ulvebne godkjent
Asfaltering på Dommarsnes
Skitur i vinterlandskap
Januar
Stormflo 10. jan.
Nedbør og mildt nytt år
 

Vêrvarsel time for time for Austre Vikebygd i Vindafjord (Frå YR.NO)

Last ned 10 dagars varsel - som pdf   
VÊRVARSEL for VIKEBYGD    VÊRVARSEL for Nordabygda    VÊRVARSEL for Trovåg 
Allergisk? - sjekk: POLLEN VARSELET her i perioden
Februar-August

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011
2012
2013
2014
2015

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013
2014
2015
kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.orgg
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.orgrg