Klikk her og gå til framsida

Vikebygd

Julefeiring i Vikebygd - Juletrefesten

Sida er sist endra 28. des. 2015

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Change Coatching
Bente T. Barane
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa

Lokale Bedrifter

Change Coatching B T Barane 
Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Det 114. Vikestølsmøtet 2014 
Boka om Vikestølen på nett. 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Julepynt i kyrkja.
Englane ber bod
 
Juletradisjon som vert halden i hevd på bedehuset
Juletrefest
av Steinar Skartland 28.12.2015

Før var det mange juletrefestar i bygda, kanskje så mange som 5-6.  Ein eller kanskje to i Årvik bedehus. Ein som bedehuset sjølv arrangerte i midtbygda, ein med søndagsskulen og ein som Frelsesarmeen hadde, anten på skulen eller bedehuset. Så var det juletrefest på Kjersti H Bjerga held andakt på juletrefesten (klikk for eit stort bilde)Øvrebø skulehus og ein del år hadde korpset juletrefest på bygdahuset.

Nå er det berre ein igjen. I år var det laurdagsklubben som stod for denne, med ein fest for alle som ville delta i denne gamle tradisjonen med julesongar, gang rundt juletreet, mat, leiker og utlodding.  Dei 40 som møtte fram var i alle aldrar: Born, ungdom, vaksne og eldre. Dei gamle og kjende julesongane tona i lokalet: O, jul med din glede; Eit barn er født i Betlehem; Deilig er jorden, prektig er Guds Himmel; Glade Jul, Hellige Jul.
Og sjølvsagt måtte det til med: Eg gjekk meg over sjø og land, der møtte jeg en gammel mann.  Trampande føter og klappande hender mellom smilande andlet og glad song frå born og vaksne, fylte bedehuset.

Kjersti Hausberg Bjerga, som både er leiar i Laurdagsklubben og leiar i styret for bedehuset, hadde andakten. Ho hadde med seg ein liten modell av ein stall med krybbe og Jesusbarnet, og ein stor teikning over same motivet.  Fortalde ei historie om ei rosa kule til juletreet.

Ei konfirmantgruppe hadde teke på seg jobben både med å laga til mat og leiker i juletre-  festen. Dei var flinke og ordna også opp med rydding og oppvask.

Tusen takk for all hjelp og god innsats til alle som deltok på juletrefesten. Alle som er med og held oppe denne gamle tradisjonen og let nye generasjonar også få oppleva gleda over å gå rundt juletreet og syngja dei gamle julesongane.

På biletet konkurrerer born om å bli først ferdig med å pakka inn foreldra i dopapir, til både heiarop og latter. Ein av leikane som konfirmantane stod for i juletrefesten.

 

Nokre dagar med kulde og snø ga julestemninga
Kvit romjul
av Steinar Skartland 28.12.2015

Julefeiringa vart prega av mildvêr med regn og vind. Men søndag og måndag i romjula fekk bakkane eit tynt lag av snø og folk kunne vakna opp til is på vasspyttane.

 
Vikefjella såg ut som om nokon hadde dryssa melis over dei. Toppar og fjellsider var dekka av snø. 

 

ADVENT  og julehøgtid!
av Steinar Skartland 29.11.2015 / 11.12.2015

Kyrkjeåret startar 1. søndag i advent. Advent betyr
komme eller ankomst og er ei førebuingstid for å ta i mot Jesus. For folk innan den kristne kultur og kyrkje er dette ei tid då vi førebur den store kyrkjefesten som på engelsk heiter Christmas eller på norsk:  Kristusmesse.
Men nordmenn kallar denne høgtida for jul etter gammal norsk tradisjon.

Jul
Kristen julefeiring er feiringa av at Gud blei menneske. Gud blei født som eit lite barn i Betlehem. Kyrkja startar julefesten med høgtidsringinga på julaftan, og så går festen over i sjølve høgtidsdagen, juledag.

Markeringa av julaftan som sentrum i julefeiringa er av temmelig ny dato, og ikkje så vanleg utanfor Noreg. Skikken med gudsteneste denne dagen tok til som enkle gudstenester for born, noko som framleis pregar gudstenestene og liturgien på julaftan, som er blitt ein av dei viktigaste dagane i vår folkekyrkje. Likevel er juledagen sjølve høgdepunktet i den kyrkjelege feiringa.

Les meir i kyrkjebladet Hyrdingen på www.hyrdingen.no

Tradisjonen med julenissen - Santa Claus
(Kjelde: Wikipedia)

'Den heilage Nikolas' eller 'Sankt Nikolaus' har bakgrunn i ein katolsk helgen, kjend både i austleg og vestleg kristendom. Kulten kring han bygger på biskopen Nikolas frå Myra i Vesle-Asia, som levde på 300-talet. Lite er kjend om livet hans, men det finst ei rekkje soger og skikkar knytt til det. Onkelen vigsla den unge Nikolas til prest då han var nitten år og sette han seinare inn som abbed. Foreldra døydde av pest og den unge presten blei arvingen til ei stor formue som han delte ut av det i det stille ut til dei fattige. Dette er bakgrunnen for at vi deler gåve med kvarandre i jula, og for tradisjonen med julenissen med sekk og gåver.

Også i den samiske kultur har dei 'vesen' som lever i skogen og som minner litt om dei norske nissane, kalla for Stallu. Då den kristne tradisjonen nådde dei oppstod slik også der ein person kalla: Juovlastállu - tilsvarar norsk:  Julenissen, eller finsk: Jul=Joulu
(PS. U utalast som norsk o.  O uttalast som norsk å både på finsk og samisk.)

Les meir om dette her

 

Likar du Vikebygd.org?

Følg med på Twitter
Totalt 164 842 besøk i 2014. Statistikk.  

til hovudsida for Vikebygd



Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
Fotoalbum frå kvelden
ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

2015
Desember
Tradisjonsrik juletrefest
Mann av huse til kyrkje julaftan
Konsert med lokale krefter
60 unge med levande lys
Konsert med koret Scala 4.12
Korpsmusikk og fakkeltog
Grendautval og flyktningar
November
Julemesse på Bygdahuset
Flyktningar til kommunen
Oktober
Opning av Kjekt i Vik hallen
Utemøte med speidarane
Vassverket avviklar
Grendautvalet: Møte om vegen
TV-aksjonen 2015
Kommunestyret konstituert
Grannarkarusellen-resultat
September
Med gele og saft til Ølen
Kulturminister opnar hallen
Familiedag i Longåsdalen
Soknerådsval 14. sept.
Valet 14. sept.
Aadland fekk musikkstipend
Kjekt i Vik Hallen ferdig
August
Haustfest i Lio
Synfaring på fylkesvegen
Lokale namn i Vikebygd
Revansj til Bjoa
Morgon gudsteneste
Juli
Gode resultat i Norway Cup
Jordskjelv merkast i Vikebygd
Fotballkamp Vikebygd-Bjoa
Sommar i Vikebygd
Auksjon og loppemarked
Juni
Vikestølsmøtet 28. juni
Speidarar i kano på Nidelva
St. hans feiringa
Gudsteneste i tunnelen
Leit etter slekt
Dugnad på Kjekt i Vik hall
Barnetalet minkar
HK-toalett i båthamna
Speidarane i Tonjen
Mai
Frigjeringsjubileet
Arquebusmarsjen 15.5.
Kjekt i Vik hallen
Tranefugl i bygda
Nasjonaldagen
Vår i hagen
Bygdamøte 5.5.
Fjelltur 3.5.
April
Vikesprinten 26.4.
Kommunestruktur
Vikeputten 25.4.
Vassverket avviklar
Muligheiter for FV 734 ?
Mars
Nominasjon og lister
Det vårast i fjellet
Idrett og orientering
Vikevegen
Årsmøte i kyrkja
Speidarfest og Nutastavar
Årsmøte i Vassverket
Februar
Naustområde Ulvebne godkj.
Asfaltering på Dommarsnes
Skitur i vinterlandskap
Januar
Stormflo 10. jan.
Nedbør og mildt nytt år
 

Vêrvarsel time for time for Austre Vikebygd i Vindafjord (Frå YR.NO)

Last ned 10 dagars varsel - som pdf   
VÊRVARSEL for VIKEBYGD    VÊRVARSEL for Nordabygda    VÊRVARSEL for Trovåg 
Allergisk? - sjekk: POLLEN VARSELET her i perioden
Februar-August

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011
2012
2013
2014
2015

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013
2014
2015
kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.org
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org