Klikk her og gå til framsida

Vikebygd

Flyktningar til kommunen

Sida er sist endra 30. nov. 2015

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Change Coatching
Bente T. Barane
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa

Lokale Bedrifter

Change Coatching B T Barane 
Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Det 114. Vikestølsmøtet 2014 
Boka om Vikestølen på nett. 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 
 

Vikebygd grendautval tek initiativ
Busetting av flyktningfamiliar - Kan tryggja skulen

av Steinar Skartland 15.11.2015

Ein rapport med framskriving av barnetalet i Vikebygd er lagt fram av rådmannen i kommunen. Denne syner sterk nedgang i barnetalet i skule og barnehage i åra som ligg føre oss. Skulen har dei siste åra hatt 60-69 elevar, men dei neste fem årskulla som skal ta til i skulen er veldig små.  Dette vil gje følgjande barnetal i skulen:

Årstal: 15-16 16-17 17-18 18-19 19-20 20-21
Vik skule, elevtal: 61 56 55 51 42 41

Dette har fått grendautvalet til å ta initiativ overfor kommunen med ynskje om samarbeid om å finna bustadar i Vikebygd til familiar som har kome hit som flyktningar og som har fått opphaldsløyve til busetjing.  Kommunestyret i Vindafjord har vedteke å ta imot og busetja 32 flyktningar i 2015 og 27 i 2016. Ein ligg til nå an til å nå målet for 2015. Rådmannen opplyser at det har kome oppmoding om å busetje 30 flyktningar i 2016. Reknar ein dette om til folketalet i heile landet, vil 30 flyktningar i vår kommune tilsvare ca 17000 på landsbasis om alle tar i høve til folketalet.

Grendautvalet sender brev til kommunen
Grendautvalet skriv i brevet til kommunen ved rådmannen og den politiske leiinga, fylgjande:

"Vikebygd grendautvalg har sett på mulighetene, ikke begrensningene, med å få noen av familiene til å etablere seg i bygda. Dette gjelder spesielt barnefamilier. Hvis vi ikke får barnefamilier til å bosette seg i Vikebygd vil barneskoletilbudet på sikt kunne bli redusert.

Dette vil igjen være en «bremsekloss» for de som vurderer å etablere seg her.
Vi ser med bekymring på reduserte årskull iforb. med barneskolen og barnehagen. I den anledning vil vi se på muligheten med å få minimum 3-4 barnefamilier med de rette årskull til bygda. Dette må kunne la seg gjøre slik flyktningesaken eskalerer. Vi vil gjerne gå inn i en diskusjon med kommunen om dette, samtidig finne ut hvor det er ledige hus, muligheter for utleie, hvem som vil tilby utleie osv.
"

Grendautvalget ynskjer å ta opp dette til drøfting på årsmøtet, som er tillyst tirsdag 1. desember kl. 19:00, på bygdahuset (sjå plakaten her).

Grendautvalet har sendt kopi av brevet til dei to kommunestyremedlemmene som er frå Vikebygd (Skartland og Hetland). Begge representerer parti som har uttalt seg positivt til å bidra til å busetja flyktningar i kommunen.

Samstundes må det minnast om at vi her snakkar om menneske som har fått godkjent at dei treng vern og opphald, og dermed skal over til permanent busetjing i kommunane i landet. Det er dermed ikkje asylmottak ein snakkar om her, men busetjing.

At folk flyttar til kommunen og til landet vårt, har vi gode erfaringar med opp gjennom mange år. Arbeidsinnvandring til eit blømande næringsliv i Vindafjord har vore hovudårsaka til folketalsveksten etter kommunesamanslåinga. Den har nå stagnert då delar av næringslivet har fått redusert aktivitet. Kommunen merkar denne stagnasjonen i mindre overføringar frå staten, m.a. fell vekst-tilskotet bort. Flyktningar som får opphald og buset seg vil bidra til auke i folketalet og fleire born i skulen. Dette kan ha ein positiv effekt på mange måtar, noko grendautvalet også peikar på. 
Les meir her


Vindafjord kommune:
Ope informasjonsmøte i høve
akutt innkvartering av asylsøkjarar i Ølensvåg

Henta frå Vindafjord kommune 7.11.2015  Nettsida

I samband med etablering av akutt innkvartering for asylsøkjarar i Ølensvåg, vert det halde eit ope informasjonsmøte på Lundeneset vgs , søndag 08.november kl.18.00.  Kommunen, UDI ,Catering Partner og politi vil være med og gi informasjon og svare på spørsmål.

Vindafjord kommune gir denne informasjonen på si nettside:
Vindafjord kommune er informert om at Catering Partner, Ølensvåg er kontakta av UDI om å etablere ei akutt innkvartering for asylsøkjarar i samband med den utfordringa Noreg no opplever. Vindafjord kommune er kontakta av UDI om å bistå med tenester i etableringa. Dette har kommunen sagt ja til og etableringa er i gong.

Akutt innkvartering vil vera på området til Westcon, Ølensvåg. Dei første asylsøkjarane vil vera innkvartert i løpet av dei næraste dagane. UDI har har bedt om at det vert etablert ei akutt innkvartering for 380 asylantar.

Asylantane som kjem til Vindafjord kjem via Kirkenes, Finnmark.

Med akutt innkvartering meines ei innlosjeringsordning der asylsøkjarane er den første tida dei kjem til landet. Her skal dei få kost og losji. Opphaldstida her skal være så kort som mogleg før dei blir flytta vidare i etablerte mottak i landet.

Vindafjord kommune skal bistå med helsehjelp til asylantane i innkvarteringa. Folkehelseinstituttet er ei nyttig informasjonskjelde på dette området.

Tryggleiken rundt den akutte innkvarteringa vil bli ivaretatt av eit vaktselskap som Catering Partnar har avtale med og i samarbeid med politiet.

Mange har meldt til kommunen at ein ynskjer å hjelpe.
Det er ennå ikkje avklart kva hjelp som trengs. Dette vil det komme meir informasjon om etter kvart.

Ope informasjonsmøte søndag 8.11. på Lundeneset VGS kl, 18:00
Kommunen og ilag med UDI og Catering Partner, vil halde eit ope informasjonsmøte på Lundaneset søndag.    Kjelde: Vindafjord kommune

Nyttige linkar for meir informasjon

 

Ope møte i Vikebygd 1. desember.
Vikebygd Grendautval

Frantz Lea 25.11.2015

Det er årsmøte for grendautvalet på bygdahuset tirsdag 1. desember kl. 19:00
Valkomiteen har kandidatar til det nye styre for 2016. Det blir val på 3 stk nye styremedlemmer.

Program:
* Jone Bjerga frå Norske Talenter kjem og underheld.
Etter årsmøte vil det bli følgjande program:
* Ordføraren orienterer om saker som vedgår bygda.
* Flyktningedebatt.  Tema:
  • Er vi klar for å ta imot flyktningfamiliar for busetting i bygda, dette for bl.a.
    å oppretthalda barneskulen og barnehage tilbod.
  • Kva meiner bygdefolket? Har vi husrom eller leilegheiter? Kva kan vi tilby?
  • Vil det bli flyktningar i brakkene på Dommarsnes?
Ordførar Ole J. Vierdal og kommunalsjef helse, Øistein Gunnarshaug, i kommunen kjem saman med varaordførar Steinar Skartland og formannskapsmedlem Rune Hetland.

Grendautvalet ber nå om at bygdefolket må møta opp, engasjera seg i utviklinga av bygda. Kva vil vi, kor skal vi…

Alle vel møtt. (Grendautvalet) 

 
 

til hovudsida for Vikebygd



Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
Fotoalbum frå kvelden
ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

2015
November
Julemesse på Bygdahuset
Flyktningar til kommunen
Oktober
Opning av Kjekt i Vik hallen
Utemøte med speidarane
Vassverket avviklar
Grendautvalet: Møte om vegen
TV-aksjonen 2015
Kommunestyret konstituert
Grannarkarusellen-resultat
September
Med gele og saft til Ølen
Kulturminister opnar hallen
Familiedag i Longåsdalen
Soknerådsval 14. sept.
Valet 14. sept.
Aadland fekk musikkstipend
Kjekt i Vik Hallen ferdig
August
Haustfest i Lio
Befaring på fylkesvegen
Lokale namn i Vikebygd
Revansj til Bjoa
Morgon gudsteneste
Juli
Gode resultat i Norway Cup
Jordskjelv merkast i Vikebygd
Fotballkamp Vikebygd-Bjoa
Sommar i Vikebygd
Auksjon og loppemarked
Juni
Vikestølsmøtet 28. juni
Speidarar i kano på Nidelva
St.Hans feiringa
Gudsteneste i tunnelen
Leit etter slekt
Dugnad på Kjekt i Vik hall
Barnetalet minkar
HK-toalett i båthamna
Speidarane i Tonjen
Mai
Frigjeringsjubileet
Arquebusmarsjen 15.5.
Kjekt i Vik hallen
Tranefugl i bygda
Nasjonaldagen
Vår i hagen
Bygdamøte 5.5.
Fjelltur 3.5.
April
Vikesprinten 26.4.
Kommunestruktur
Vikeputten 25.4.
Vassverket avviklar
Muligheter for FV 734 ?
Mars
Nominasjon og lister
Det vårast i fjellet
Idrett og orientering
Vikevegen
Årsmøte i kyrkja
Speidarfest og Nutastavar
Årsmøte i Vassverket
Februar
Naustområde Ulvebne godkj.
Asfaltering på Dommarsnes
Skitur i vinterlandskap
Januar
Stormflo 10. jan.
Nedbør og mildt nytt år
 

Vêrvarsel time for time for Austre Vikebygd i Vindafjord (Frå YR.NO)

Last ned 10 dagars varsel - som pdf   
VÊRVARSEL for VIKEBYGD    VÊRVARSEL for Nordabygda    VÊRVARSEL for Trovåg 
Allergisk? - sjekk: POLLEN VARSELET her i perioden
Februar-August

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011
2012
2013
2014
2015

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013
2014
2015
kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.orgg
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.orgrg