Klikk her og gå til framsida

Vikebygd

Opning av Kjekt i Vik hallen 31.10. 2015

Sida er sist endra 31. okt. 2015

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Change Coatching
Bente T. Barane
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa

Lokale Bedrifter

Change Coatching B T Barane 
Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Det 114. Vikestølsmøtet 2014 
Boka om Vikestølen på nett. 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 
 

Laurdag 31. oktober klokka 12:00
starta arrangementet:

OPNINGA AV 
KJEKT I VIK - hallen


Kulturminister Thorhild Widvey
stod for opninga
Kjekt i Vik hallen vart opna laurdag 31. okt. av kulturminister Thorhild Widvey. Ho rosa idrettslaget og bygda for den flotte dugnadsinnsatsen. I talen tok ho også opp temaet om tippemidlar til mindre prosjekt som det er stor lokal innsats for å få til. Ho ville ta opp dette spørsmålet i departementet og få til endringar.

Kulturministeren kom på slaget 12:00 og vart motteken av hornmusikk frå bygda sitt eige musikkorps.  I den store plasthallen hadde det samla seg omlag 100-150 bygdefolk for å delta i feiringa.  Leiaren i idrettslaget, Odd Nesse, kunne ynskje både kulturministeren, ordførar og alle gjestene velkommen og peika også på at primus motor som hadde dradd i gang arbeidet for ein hall, var Rune Hetland og Martin Larsen, med god hjelp av dugnadsfolk, gåver og sponsorar. - Idrettslaget vart stifta i '69 og bortimot halve bygda er medlem. Fotball, friidrett, badminton og orientering er hovudaktivitetane, kunne han fortelja og rosa spesielt Rune, Martin og Berit som har lagt ned eit kjempejobb i arbeidet.

'Me er sta, og lika ikkje å gi opp!'
  - Ideen til hallen fekk med i 2005 då me heldt på med ballbingen, sa Rune Hetland. - Det  var ein sure dag me heldt på og då sa me: 'Tenk om me hadde hatt tak øve.' Salen på bygdahuset er for liten til all aktiviteten om vinteren.

  - Fotballturneringa Vikeputten, med 700 spelarar, har gitt overskot som er sett av på bok. Me syntes det var viktig å bruka desse pengane til å laga eit betre tilbod til dei unge i bygda og samtidig gjera Vikebygd meir attraktiv å bu i.
  - Og ikkje minst har Vikeputten gitt oss sjølvtillit til at me kan få til noko her i Vikebygd, sa Rune som rosa Martin Larsen med desse orda:
  - Han er stor sponsor, styreleiar i Kjekt i Vik hallen AS, og han har leia byggjearbeidet på ein heilt fantastisk måte. 

  Hallen, som er 51 x 28 meter, har kosta 3,1 millionar + moms. Den rimelege løysinga dei valde var ikkje god nok for tippemidlar og heller ikkje kommunen hadde funne midlar å støtta med.
  - Men me e sta, og lika ikkje å gi opp når det e nåke me har tru på, sa Rune som også kunne visa til ei fantastisk oppslutning og støtte.
  - Avgjerande var dei 400.000 kronene me fekk frå Liv og Thomas Bakkevik sitt fond. Hyttebuarar som er glade i bygda. Frå SR-Bank fekk dei lånetilsegn på restfinansieringa. Det vart avgjerande og då euroen var nede i 8,40 ved påsketider, signerte dei kjøpekontrakten med den finske leverandøren.

  Rune, Terje, Tore, Arne og Martin har vore prosjektgruppe. Dei har hatt dugnadsfolk frå skulealder til pensjonistar og totalt brukt 1500 dugnadstimar, fortalde Martin Larsen som gjekk gjennom byggjeprosess og konstruksjon.

Ein svart, rosemåla fotball.
  Ordførar gratulerte bygda med dagen og den flotte hallen. -Det er ikkje overraskande for meg, eg har sett dåke i dugnadssamheng før. Det er rett som Rune sa: Dåke gir aldri opp!  Det som de gjer for bygda er gull verdt. Han overekte eit ballnett med fotballar frå kommunen, og i tillegg ein rosemåla og signert ball, måla av Unni Marie Lien.

Kulturministeren lova midlar til idretten
  Widvey skulle denne dagen få vera med på tre opningsarrangement i kommunen: Vikebygd, Skjold og Ølen. - Og alle har eit sterkt lokalsamfunn, ei bygd som kjempar for at ungane og ungdommen skal få gode treningsmuligheter, innleia ho talen sin med.

  - Det er eit stort privilegium, som kulturminister,  å få reisa rundt og besøkja bygder som verkeleg brenne for å gjera ein forskjell for ungdommane. Samfunnet vårt består av masse små og større bygder, og det er der aktiviteten er, og det er der det er eit stort engasjement. Det er dåke, hundrevis av menneske som bur rundt omkring i det ganske land som kjenne kor skoen trykke og kva som er viktig for å ta vare på kvarandre. Som sørgje for at ungar blir hente og brakt på treningar, -at det er frivillige som stiller opp for idrettslaget. Og som sørgjer for at det er slike ildsjeler som det me ser her. Hadde det ikkje vore for frivilligheten vår, så hadde samfunnet vore eit mykje kjøligare samfunn. Det viktige med eit lokalsamfunn er at det er plass til alle til å vera med, sa Widvey og ga ein del eksempel på dugnadsoppgåver.

  Thorhild Widvey syntes også det var imponerande at idrettslag og frivillighet hadde stilt opp for å få til hallen saman med sponsorar og næringsliv.
  - Det er reglar som seier at ein kan få tippemidlar til slikt flott kunstgras, men om ein byggjer tak over så får ein altså ikkje støtte til dette frå tippemidlene. Når Rune har gjort meg oppmerksom på det, tenkte eg at det hørtes voldsomt tosje ut, for å sei det rett ut, sa Widvey på torvastadmål. - Sånn går det ikkje an å gjera, så nå har eg bedt dei folka som jobbar i departementet mitt om å bjynda å jobba med dette regelverket for å sjå om det også går an få tippemidler for sånne lure idear som det er å altså byggja eit tak øve...

  Ho håpa at regelverket kunne verta endra slik at også Vikebygd IL kunne søkja om midlar til hallen innan eit års tid.

  Etter å ha rosa bygda ennå ein gong for m.a. arrangementet Vikeputten, steig ministeren ned frå den vesle tribunen og stilte seg opp ved det raude bandet som var trekt på tvers. Etter eit elegant klypp over bandet veiva ho med saks i lufta og erklærte hallen for opna.

Fotballkamp Vikebygd - Vats.
  Korpset fekk igjen spela før beskjeden kom om å trekka til sides frå grasmatta. Nå skulle det starta kamp mellom unge fotballspelarar frå Vikebygd og Vats. Kampen vart starta av kulturministeren og avspark med den rosemåla ballen. Men berre eit forsiktig spark før den vart skifta ut med ein vanleg ball. Ivrige born frå dei to bygdene gjorde ein god innsats på grasmatta.  Vikebygd hadde mange målsjansar, men målmannen frå Vats var god og stoppa dei fleste. Kampen enda 2-4 i Vats sin favør. 

  Frå sidelinja vart det kommentert av ordføraren at nokre av spelarane var så gode at dei nok fort kom til å bli kjøpt opp av andre lag, så han oppfordra til å passa godt på dei. Ekstra bra var det nok at dei kunne få spela inne i ein hall. For om det bles kraftig ute, merka spelarane inne lite til det.

  Kulturministeren gjekk så i møte med styret i idrettslaget, som ville drøfta tippemidlar og støtte.

  Då ho var reist til neste oppdrag i Skjold, vart det tid for talar, blomar og rosande ord. Både til dugnadsfolk og frå sponsorane som hadde stilt opp med midlar.  M.a. fekk hallen 100.000 frå Gjensidige stiftelsen og 75.000 frå SR-bank.  Men her var også mange bedrifter som hadde gitt svært gode tilbod på materialar mm.

Dermed har bygda fått innandørs fotballbane med kunstgras. Stort dugnad og ivrige eldsjeler står bak. - Me er sta! og lika ikkje å gi opp når det er noko me har tru på, sa Rune Hetland, ei av eldsjelene i idrettslaget. Og nå har dei lukkast. Vi gratulerer.  

Sjå fleire bilete HER

 
 

INVITASJONEN
Vikebygd IL vil med dette invitere alle til
å bli med på opningshøgtid for den nye
Kjekt i Vik-hallen

Kulturministeren og ordføraren kjem
Møt opp ved hallen laurdag 31. oktober 2015, kl. 12:00

Laurdag 31. oktober blir det stor fest i Vikebygd.
- Me har fått kulturminister Thorhild Widvey til å stå for den høgtidelege, offisielle opninga av den nye 'Kjekt i Vik-hallen' hallen, fortel Rune Hetland, styremedlem i hallen. 

ALLE ER HJARTELEG VELKOMNE

Program: Kulturminister Thorhild Widvey opnar hallen i Vikebygd 31. oktober
Kl. 12:00


Kl. 12:05





Kl. 12:15

Kl. 12:25

Kl. 12:50


Kl. 13:15
à
Kulturminister Thorhild Widvey kjem
Korpset spelar

Velkommen v/Odd Nesse, styreleiar VIL
Info. om hallen v/Martin Larsen
     og Rune Hetland.
Helsing frå Vindafjord kommune   
     v/ordførar Ole Johan Vierdal.

Thorhild Widvey talar og opnar hallen

Kamp Vikebygd – Skjoldar (ungt lag)

Markering av/for leverandørar, sponsorar
og dugnadsfolk.

Aktivitetsdag i Vikebygd IL
Påmelding aktivitetsdag frå Kl.12:30.
Kr. 50,- per deltakar, kr. 150,- for familie.
Alle påmelde får premie
– i tillegg blir det trekt ut nokre fine ekstrapremiar!

Aktivitetar både inne i hallen og ute: Springing, hopping, kast, sykkel, triatlon, speedorientering, balløvingar +++

NB! Under heile arr. blir det sal av pølser, lappar, kaker, brus og kaffi.
Last ned plakaten

Kulturminister Thorhild Widvey kjem til opninga av 'Kjekt i Vik-hallen'.  (Foto: Ilja C. Hendel)
 

Kjekt i Vik - hallen


til hovudsida for Vikebygd



Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
Fotoalbum frå kvelden
ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

2015
Oktober
Opning av Kjekt i Vik hallen
Grendautvalet: Møte om vegen
TV-aksjonen 2015
Kommunestyret konstituert
Grannarkarusellen-resultat
September
Kulturminister opnar hallen
Familiedag i Longåsdalen
Soknerådsval 14. sept.
Med gele og saft til Ølen
Valet 14. sept.
Aadland fekk musikkstipend
Kjekt i Vik Hallen ferdig
August
Haustfest i Lio
Befaring på fylkesvegen
Lokale namn i Vikebygd
Revansj til Bjoa
Morgon gudsteneste
Juli
Gode resultat i Norway Cup
Jordskjelv merkast i Vikebygd
Fotballkamp Vikebygd-Bjoa
Sommar i Vikebygd
Auksjon og loppemarked
Juni
Vikestølsmøtet 28. juni
Speidarar i kano på Nidelva
St.Hans feiringa
Gudsteneste i tunnelen
Leit etter slekt
Dugnad på Kjekt i Vik hall
Barnetalet minkar
HK-toalett i båthamna
Speidarane i Tonjen
Mai
Frigjeringsjubileet
Arquebusmarsjen 15.5.
Kjekt i Vik hallen
Tranefugl i bygda
Nasjonaldagen
Vår i hagen
Bygdamøte 5.5.
Fjelltur 3.5.
April
Vikesprinten 26.4.
Kommunestruktur
Vikeputten 25.4.
Vassverket avviklar
Muligheter for FV 734 ?
Mars
Nominasjon og lister
Det vårast i fjellet
Idrett og orientering
Vikevegen
Årsmøte i kyrkja
Speidarfest og Nutastavar
Årsmøte i Vassverket
Februar
Naustområde Ulvebne godkj.
Asfaltering på Dommarsnes
Skitur i vinterlandskap
Januar
Stormflo 10. jan.
Nedbør og mildt nytt år
 

Vêrvarsel time for time for Austre Vikebygd i Vindafjord (Frå YR.NO)

Last ned 10 dagars varsel - som pdf   
VÊRVARSEL for VIKEBYGD    VÊRVARSEL for Nordabygda    VÊRVARSEL for Trovåg 
Allergisk? - sjekk: POLLEN VARSELET her i perioden
Februar-August

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011
2012
2013
2014
2015

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013
2014
2015
kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.orgg
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.orgrg