Klikk her og gå til framsida

Vikebygd

Longåsdalen 20.sept.2015

Sida er sist endra 20. sept. 2015

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Change Coatching
Bente T. Barane
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa

Lokale Bedrifter

Change Coatching B T Barane 
Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Det 114. Vikestølsmøtet 2014 
Boka om Vikestølen på nett. 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 
 
Klikk her - Les plakatenONSDAGSKVELD PÅ
LONGÅSDALSHYTTA

Frå kl. 19:00 og utover kvelden vil det
siste onsdag i månaden i oktober, november, januar, februar og mars vera fyr i omnen og servering av nykokt kaffi på Longåsdalshytta.

Ta på deg hovudlykt og få ein fin kveldstur og koseleg drøs på hytta.

Datoar haust/ vinter 2015-2016:
28.10, 25.11, 27.01, 24.02 og 30.03.


VELKOMMEN !
Styret for Longåsdalshytta  

Familiedag på Longåsdalshytta
LONGÅSDALSTUREN SØNDAG 20. sept
.
av Steinar Skartland 20.9.2015

Denne helga var det travelt på hytta i Longåsdalen. Fredag var ei konfirmantgruppe her. Laurdag til søndag overnatta ei stor speidargruppe frå Vikebygd saman med leiarane sine.

Søndag i tolvtida tok det til å strøyma inn med bygdefolk frå Skjold og Vikebygd medan speidarane rydda, pakka og starta på heimturen. På parkeringsplassar og langs vegen ved Bjordalstunet stod bilar parkert over alt. Dei gjekk i flokk og fylgje, både vikebuar, skjoldabuar og kanskje nokre til. Oppover bakkane og innover langs Longavatnet. Her var alle aldrar. Nokre unge sprang glade føre dei vaksne, mens nokre av dei minste kunne nyta god utsikt oppe frå ryggen av foreldre og besteforeldre. Dette vart verkeleg ein familiedag.


Øystein Kalstveit i tet opp den lange bakken frå Bjordal.


Folksamt og god stemning ved hytta.

Omlag 80 personar i alle aldrar samla seg til familiedag på Longåsdalshytta, arrangert av styret for hytta. Her var det grilling av pølser mens andre kosa seg med kaffi, saft og kaker, eller med si eiga niste. Utover dagen kunne familiane delta i natursti der dei kunne løysa oppgåver på postar undervegs. (plakaten)

Med eit slikt flott vêr som det vart denne søndagen var det mange som tok turen, som går på omlag ein time til fots frå Bjordal. Undervegs kunne ein undra seg over naturen, som td. dette store byggverket som flittige arbeidsmaur hadde sett opp.

Eit dugnadsprosjekt
Longåsdalshytta var tidlegare eigd av DNT-Haugesund Turistforening, men i 2011 hadde dei eit ynskje om å kvitte seg med denne hytta, endå til om dei omtala Longåsen som 'ei perle i Haugesundsområdet'. Skjold Bygdalag (grendeutval) sa seg interessert og det enda med at ei undergruppe under bygdalaget fekk overta hytta i Longåsdalen for 1 krone, den 1. oktober same året.  Men heilt gratis vart det likevel ikkje. Dei måtte kosta på hytta nytt tak.

Det er etablert eit styre med fire personar som har ansvaret for hytta og driv denne på dugnad. Desse har igjen sett opp ei vaktliste med personar som har kvar sin månad med tilsyn med hytta.  Alle kan bruke hytta og fyre i omnen, koke kaffi, overnatte osb. men dei betalar for bruk, ryddar og vaskar etter seg. Dei som vil overnatte bestiller plass hos Randi Risanger i banken i Isvik, eller på tlf. 99707449.

Dagsbesøk på hytta er gratis, men om ein bruker ved, gass osb. betaler ein 50,- kr pr. familie eller gruppe. Elles er prisane for overnatting: Familie kr 250,-; Vaksne f.o.m. 19 år: kr 100,-;  Born / ungdom 8 - 18 år: kr 50,-;  Born under 8 år: Gratis.
 


Les også om turen i 2014 her
 
 
 
 
 
 

til hovudsida for Vikebygd



Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
Fotoalbum frå kvelden
ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

2015
September
Med gele og saft til Ølen
Familiedag i Longåsdalen
Valet 14. sept.
Aadland fekk musikkstipend
Kjekt i Vik Hallen ferdig
August
Haustfest i Lio
Befaring på fylkesvegen
Lokale namn i Vikebygd
Revansj til Bjoa
Morgon gudsteneste
Juli
Gode resultat i Norway Cup
Jordskjelv merkast i Vikebygd
Fotballkamp Vikebygd-Bjoa
Sommar i Vikebygd
Auksjon og loppemarked
Juni
Vikestølsmøtet 28. juni
Speidarar i kano på Nidelva
St.Hans feiringa
Gudsteneste i tunnelen
Leit etter slekt
Dugnad på Kjekt i Vik hall
Barnetalet minkar
HK-toalett i båthamna
Speidarane i Tonjen
Mai
Frigjeringsjubileet
Arquebusmarsjen 15.5.
Kjekt i Vik hallen
Tranefugl i bygda
Nasjonaldagen
Vår i hagen
Bygdamøte 5.5.
Fjelltur 3.5.
April
Vikesprinten 26.4.
Kommunestruktur
Vikeputten 25.4.
Vassverket avviklar
Muligheter for FV 734 ?
Mars
Nominasjon og lister
Det vårast i fjellet
Idrett og orientering
Vikevegen
Årsmøte i kyrkja
Speidarfest og Nutastavar
Årsmøte i Vassverket
Februar
Naustområde Ulvebne godkjent
Asfaltering på Dommarsnes
Skitur i vinterlandskap
Januar
Stormflo 10. jan.
Nedbør og mildt nytt år
 

Vêrvarsel time for time for Austre Vikebygd i Vindafjord (Frå YR.NO)

Last ned 10 dagars varsel - som pdf   
VÊRVARSEL for VIKEBYGD    VÊRVARSEL for Nordabygda    VÊRVARSEL for Trovåg 
Allergisk? - sjekk: POLLEN VARSELET her i perioden
Februar-August

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011
2012
2013
2014
2015

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013
2014
2015
kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.orgg
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.orgrg