Klikk her og gå til framsida

Vikebygd

Årsmøte i Grendautvalet og konstituering av styret

Sida er sist endra 11. jan. 2016

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Change Coatching
Bente T. Barane
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa

Lokale Bedrifter

Change Coatching B T Barane 
Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Det 114. Vikestølsmøtet 2014 
Boka om Vikestølen på nett. 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 
 
Grendautvalet informerer:
av Frantz Lea 11.1.2016 

Grendautvalet hadde sitt første styremøte den 7. januar. 
Nytt styre blei konstituert og består nå av følgjande:

  • Frantz Lea, leiar
  • Solveig Hortman, nestleiar
  • Even Bjørnevik, kasserar
  • Elisabeth Winterhus Julsrud, sekretær
  • Stein Andor Sundve, styremedlem
  • Ingrid Mathilde Sørvåg, varamedlem
Har du spørsmål til grendautvalet, bruk e-post: post@vikebygd.no

********
Mvh Frantz

 
Ope møte i Vikebygd 1. desember.

Vikebygd Grendautval - Årsmøte og flyktningdebatt

av Steinar Skartland 1.12.2015

40 personar møttes på bygdahuset til årsmøte for grendautvalet. Det var kanskje andre saker enn årsmelding, rekneskap og val til styret som fekk bygdefolket ut av godstolen denne Jone Bjerga med Eit hjarta av Gullkvelden. Jone Bjerga frå Norske Talenter og debatt om busetting av flyktningar, skapte engasjement og møtet strekte seg utover mot klokka 22 før deltakarane braut opp.

Styret hadde nok forventa ein heit debatt, døma etter temperaturen i rommet. Men med ytterjakkene på benka folket seg tett og løfta blikket mot Jone Bjerga som vermde opp forsamlinga med songen sin: "Eit hjarta av gull." Ei innleving i tonane som nok var Norske Talenter verdig.

Årsmøtet valde sjølvsagt Frantz Lea til ordstyrar for møtet.  Gjennom si tid i Grendautvalet og året som leiar, har han vist seg denne rolla verdig.  Det er ikkje berre draumane og visjonane, visualisert gjennom innspela om gondolbane til Trodlanibba, han er kjend for. "Den innflytta Vikebuen" har saman med dei andre styremedlemmene i grendautvalet, fått ting til å skje langs vegar og stiar.

Årsmeldinga kunne fortelja om fleire møte og synfaringar med Statens vegvesen langs Vikevegen. Dette har ført til utbetringar av smale svingar og ny bru på Dommarsnes.  Skoging og rydding i byggjefeltet og ei ny webside for Vikebygd ( www.vikebygd.no ) er nokre av dei synlege resultata.  Bygda er takksame over å fått sett saman eit utval av personar fulle av initiativ og pågangsmot. Det er bra for bygda.  Websida var det Stein Andor Sundve som hadde laga etter eit forslag i styret på å presentera det positive med Vikebygd i form av eit skilt på veggen av Joker butikken. Dei kom til at veggen ikkje var stor nok til å romme eit slikt skilt.

 
Val på nytt styre:
Lauritz Bjørnevik, Bergfrid Kolltveit og Jakob Rødde gjekk ut av styret og fekk takk og blomar frå leiaren.
Att set:
Frantz Lea (attvald som leiar)
Even Bjørnevik
Stein Andor Sundve.
Nyvalde vart:
Solveig Hortman og
Elisabeth Winterhus Julsrud.
Varam.: Ingrid M. Sørvåg.
 


Avtroppande styre: Bergfrid, Lauritz, Frantz, Stein Andor og Jakob, fekk ros for godt arbeid.
  

Årsmeldinga hadde også ei liste over prosjekt dei har jobba med, og ei liste over prosjekt som skal prioriterast.  Gunnar Birkeland tok til orde for at det som stod nedst, Reklame for bygda, måtte flyttast til toppen.  Det var det viktigaste for å få til folketalsauke. Medan fleire peika på at arbeidet med å betra vegen, var det viktigaste for å få folk til bygda, var Rune Hetland ikkje samd i det.
- Vegen er meir enn god nok, sa han. - Det er berre i Trovågsvingane eg ikkje kan kjøra i 80! Nå må vi slutta å snakka ned vegen og heller fokusera på det positive med bygda. Det må alle bidra med. Fortel vi om alt det positive er det størst tjangs for at folk vil flytta hit. Hetland peika også på at mange som arbeider i t.d.. Oslo har svært lang køyreveg for å pendla til arbeid, lengre enn dei i Vikebygd som skal på jobb i Ølensvåg.

- Kor elles kan ein gå til skule, barnehage, idrett og speidar, undra han seg på. Det kan vi i Vikebygd frå dei sentrale tomtene midt i bygda.

Øistein Gunnarshaug, kommunalsjefKommunalsjef, Øystein Gunnarshaug, held ei god orientering om arbeidet med å etablera akuttmottak for flyktningar.  Det var på plass i Ølensvåg. Rett nok var det også teke med brakkeriggane på Dommarsnes i kommunen si innmelding til UDI, men det er nå sett stopp i etableringa av fleire akuttmottak, sa han. I Ølensvåg har dei avtale for to månader med opsjon på forlenging i 2+2 månader. Permanent mottak er etablert m.a. i Sauda, Odda og Stryn.  Vidare blir det lyst ut anbod på nye mottak etter nyttår, men ingen i Vindafjord har søkt om å få oppretta permanente mottak.

Fleire peika på dersom 3-4 flyktningfamiliar vert busette i bygda, vil borna raskt læra seg språket. - Vi har erfaring her i bygda for at innvandrarar som slår seg ned her, raskt lærer språket, blir tekne vel imot og integrerte.
Viljen var stor til å ta imot barnefamiliar som kan ha born i skulen. Derimot var det meir skepsis til å busetja einslege menn av flyktningane her. Dei vil truleg heller vera mest interessert i å flytta til ein by der ein kan få arbeid og treffa andre familiemedlemmer. Ein må heller ikkje gløyma at nye som flyttar hit og skal leige, bidreg med leigeinntekter til huseigar og omsetnad  i butikken.

- Det er ikkje Vindafjord kommune som bestemmer kven som skal komma hit for busetjing, men vi kan leggja inn ynskje om å få familiar, sa Gunnarshaug, - Vi har ansvar for dei vi får.  Kommunestyret har vedteke å busetja 32 flyktningar i 2015 og at talet neste år kan bli 63 om vi nå godkjenner den siste oppmodinga frå UDI. Av desse skal kommunen ta imot 8 einslege mindreårige (under 18 år) i 2016 og 13 i 2017. Til desse treng ein fosterheimar.

Grendautvalet vil gjerne få kartlagt kor det kan vera mogeleg å busetja flyktningar i bygda. Er det ledige leiligheter eller hus som eigarane kan tenkja seg å leiga ut? Er det private eller verksemder som kan ynskje å byggja hus med fleire leiligheter for utleige? Det er ordningar gjennom husbanken for tilskott og lån med lang avdragstid. Dei som har husvære dei kan tenkja seg å leiga ut må gjerne ta kontakt med Grendautvalet eller kommunen, slutta Frantz Lea av med før han takka dei frammøtte, og spesielt ordførar Ole Johan Vierdal, kommunalsjef Gunnarshaug, varaordførar Steinar Skartland og formannskapsmedlem Rune Hetland, som deltok i møtet.

Les her:  Grendautvalet si årsmelding 2015
 


Vikebygd grendautval tek initiativ
Busetting av flyktningfamiliar - Kan tryggja skulen

av Steinar Skartland 15.11.2015

Ein rapport med framskriving av barnetalet i Vikebygd er lagt fram av rådmannen i kommunen. Denne syner sterk nedgang i barnetalet i skule og barnehage i åra som ligg føre oss. Skulen har dei siste åra hatt 60-69 elevar, men dei neste fem årskulla som skal ta til i skulen er veldig små.  Dette vil gje følgjande barnetal i skulen:

Årstal: 15-16 16-17 17-18 18-19 19-20 20-21
Vik skule, elevtal: 61 56 55 51 42 41

Dette har fått grendautvalet til å ta initiativ overfor kommunen med ynskje om samarbeid om å finna bustadar i Vikebygd til familiar som har kome hit som flyktningar og som har fått opphaldsløyve til busetjing.  Kommunestyret i Vindafjord har vedteke å ta imot og busetja 32 flyktningar i 2015 og 27 i 2016. Ein ligg til nå an til å nå målet for 2015. Rådmannen opplyser at det har kome oppmoding om å busetje 30 flyktningar i 2016. Reknar ein dette om til folketalet i heile landet, vil 30 flyktningar i vår kommune tilsvare ca 17000 på landsbasis om alle tar i høve til folketalet.

Grendautvalet sender brev til kommunen
Grendautvalet skriv i brevet til kommunen ved rådmannen og den politiske leiinga, fylgjande:

"Vikebygd grendautvalg har sett på mulighetene, ikke begrensningene, med å få noen av familiene til å etablere seg i bygda. Dette gjelder spesielt barnefamilier. Hvis vi ikke får barnefamilier til å bosette seg i Vikebygd vil barneskoletilbudet på sikt kunne bli redusert.

Dette vil igjen være en «bremsekloss» for de som vurderer å etablere seg her.
Vi ser med bekymring på reduserte årskull iforb. med barneskolen og barnehagen. I den anledning vil vi se på muligheten med å få minimum 3-4 barnefamilier med de rette årskull til bygda. Dette må kunne la seg gjøre slik flyktningesaken eskalerer. Vi vil gjerne gå inn i en diskusjon med kommunen om dette, samtidig finne ut hvor det er ledige hus, muligheter for utleie, hvem som vil tilby utleie osv.
"

Grendautvalet ynskjer å ta opp dette til drøfting på årsmøtet, som er tillyst tysdag 1. desember kl. 19:00, på bygdahuset (sjå plakaten her).

Grendautvalet har sendt kopi av brevet til dei to kommunestyremedlemmene som er frå Vikebygd (Skartland og Hetland). Begge representerer parti som har uttalt seg positivt til å bidra til å busetja flyktningar i kommunen.

Samstundes må det minnast om at vi her snakkar om menneske som har fått godkjent at dei treng vern og opphald, og dermed skal over til permanent busetjing i kommunane i landet. Det er dermed ikkje asylmottak ein snakkar om her, men busetjing.

At folk flyttar til kommunen og til landet vårt, har vi gode erfaringar med opp gjennom mange år. Arbeidsinnvandring til eit blømande næringsliv i Vindafjord har vore hovudårsaka til folketalsveksten etter kommunesamanslåinga. Den har nå stagnert då delar av næringslivet har fått redusert aktivitet. Kommunen merkar denne stagnasjonen i mindre overføringar frå staten, m.a. fell vekst-tilskotet bort. Flyktningar som får opphald og buset seg vil bidra til auke i folketalet og fleire born i skulen. Dette kan ha ein positiv effekt på mange måtar, noko grendautvalet også peikar på. 
Les meir her


Tilbake til hovudsida


INNKALLINGA TIL
Ope møte i Vikebygd 1. desember.

Vikebygd Grendautval - Årsmøte

Frantz Lea 25.11.2015

Det blir kalla inn til årsmøte i Vikebygd Grendautval

Tid: Tysdag 1. desember kl. 19:00
Stad: Vikebygd Bygdahus
Dagsorden i årsmøtet:
1. Opning av møtet, godkjenning av innkalling
2. Val av møteleiar og referent
3. Godkjenning av sakslista

Saksliste:
1. Årsberetning 2015
2. Rekneskap 2015
3. Forslag av saker frå styret
4. Innkomne forslag
5. Val
    Valkomiteen har kandidatar til det nye styre for 2016.
    Det blir val på 3 stk nye styremedlemmer.

Ordførar Ole J. Vierdal og kommunalsjef helse, Øistein Gunnarshaug, deltek, saman
med varaordførar Steinar Skartland og formannskapsmedlem Rune Hetland.

Etter årsmøte vil det bli følgjande program:
* Jone Bjerga frå 'Norske Talenter' kjem og underheld.
* Ordføraren orienterer om saker som vedgår bygda.
* Flyktningdebatt. 
   Tema:

  • Er vi klar for å ta imot flyktningfamiliar for busetting i bygda, dette for bl.a.
    å oppretthalda barneskulen og barnehage tilbodet?
  • Kva meiner bygdefolket? Har vi husrom eller leilegheiter? Kva kan vi tilby?
  • Vil det bli flyktningar i brakkene på Dommarsnes?

Grendautvalet ber nå om at bygdefolket må møta opp og
engasjera seg i utviklinga av bygda. Kva vil vi, kor skal vi…


Alle vel møtt. (Grendautvalet)                  (Last ned plakaten for møtet her)

Saksliste for årsmøtet
 


Likar du Vikebygd.org?

Følg med på Twitter
Totalt 164 842 besøk i 2014. Statistikk.  

til hovudsida for Vikebygd



Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
Fotoalbum frå kvelden
ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

2015
Desember
60 unge med levande lys
Korpsmusikk og fakkeltog
Grendautval og flyktningar
November
Julemesse på Bygdahuset
Jone i Norske Talenter
Dommarsnes næringsområde
Hardhausen - 6 nutar
Flyktningar til kommunen
Oktober
Opning av Kjekt i Vik hallen
Utemøte med speidarane
Vassverket avviklar
Grendautvalet: Møte om vegen
TV-aksjonen 2015
Kommunestyret konstituert
Grannarkarusellen-resultat
September
Med gele og saft til Ølen
Kulturminister opnar hallen
Familiedag i Longåsdalen
Soknerådsval 14. sept.
Valet 14. sept.
Aadland fekk musikkstipend
Kjekt i Vik Hallen ferdig
August
Haustfest i Lio
Synfaring på fylkesvegen
Lokale namn i Vikebygd
Revansj til Bjoa
Morgon gudsteneste
Juli
Gode resultat i Norway Cup
Jordskjelv merkast i Vikebygd
Fotballkamp Vikebygd-Bjoa
Sommar i Vikebygd
Auksjon og loppemarked
Juni
Vikestølsmøtet 28. juni
Speidarar i kano på Nidelva
St. hans feiringa
Gudsteneste i tunnelen
Leit etter slekt
Dugnad på Kjekt i Vik hall
Barnetalet minkar
HK-toalett i båthamna
Speidarane i Tonjen
Mai
Frigjeringsjubileet
Arquebusmarsjen 15.5.
Kjekt i Vik hallen
Tranefugl i bygda
Nasjonaldagen
Vår i hagen
Bygdamøte 5.5.
Fjelltur 3.5.
April
Vikesprinten 26.4.
Kommunestruktur
Vikeputten 25.4.
Vassverket avviklar
Muligheiter for FV 734 ?
Mars
Nominasjon og lister
Det vårast i fjellet
Idrett og orientering
Vikevegen
Årsmøte i kyrkja
Speidarfest og Nutastavar
Årsmøte i Vassverket
Februar
Naustområde Ulvebne godkj.
Asfaltering på Dommarsnes
Skitur i vinterlandskap
Januar
Stormflo 10. jan.
Nedbør og mildt nytt år
 

Vêrvarsel time for time for Austre Vikebygd i Vindafjord (Frå YR.NO)

Last ned 10 dagars varsel - som pdf   
VÊRVARSEL for VIKEBYGD    VÊRVARSEL for Nordabygda    VÊRVARSEL for Trovåg 
Allergisk? - sjekk: POLLEN VARSELET her i perioden
Februar-August

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011
2012
2013
2014
2015

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013
2014
2015
kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.org
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org