Klikk her og gå til framsida

Vikebygd

Vikeputten fotballturnering for born

Sida er sist endra 25. april 2015

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Change Coatching
Bente T. Barane
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball

Lokale Bedrifter

Change Coatching B T Barane 
Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 113. Vikestølsmøtet 2013 
Boka om Vikestølen på nett. 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 
 

Alle sigra i Vikebygd på

Laurdag 25. april 2015 på Vikebygd Idrettsplass
av Steinar Skartland 25.4.2015

Heile 75 lag frå Bjoa, Bokn, Etne, Nedstrand, Sauda, Skjold, Skjoldar, Skånevik, Vats, Vikebygd, Vindafjord og Ølen stilte i fotballdrakter og spela fotball på 8 banar samtidig! Dei yngste var 7 år og dei eldste 12. I alt 600 spelarar.  Langs banen stod familiemedlemmer, trenarar og fotballungdom som heia på spelarane. Første delen av dagen var det tett av folk ved banen, men det minka utover ettermiddagen etter kvart som lag var ferdige og reiste heim. Kor mange var innom? Kanskje 2000, men ingen talde dei opp.

Tore EspelandArrangementet var også prega av dugnad på alle kantar. - Vi har ca 25 dommarar, fortalde Tore Espeland. Han var sjef for heile arrangementet og brukte dagen til å stå ute og lesa opp namna på spelarane etter kvart som dei skulle få diplom og medalje.  I tillegg var det 15-20 på jobb med kafé, grilling og sekretariat.

At skyene låg langt nedover fjella og regnet sildra ned, la ikkje dempar på humøret hos spelarane. Om du spurte korleis det hadde gått, svara dei gjerne: -Det gjekk godt, og det var kjempegøy. Men kva vart stillinga? - Eeeh. Nei, det var dei ikkje sikre på, men det gjekk godt! I sekretariatet var dei tydelege på: - Me registrerer ikkje resultata her. Dei blir berre skrivne på oppslaget over kampane utanfor.


Borna hadde det kjempegøy på banen, mens foreldre og trenarar stod og hutra på sidelinja, ikledd regntøy eller under ein paraply.

Og hukommelsen var nok også farga av opplevingane.  Ein tilskodar spurte: -Regnar det alltid slik i Vikebygd? Nå har eg vore på mange Vikeputtar, og alltid rignar det.
Men i Bjoaleiren var tonen derimot: - Nå har me vore på Vikeputten kvart år, og dette er visst første året med regn.
Og dei siste hugsa nok best. I fjor var det 19 grader og sol, men i år det motsette. For dei som spela kampar var nok smilet og humøret like godt som før, sjølv om fleire skolv kraftig når dei stod der og tok imot medaljar og diplomar. For det fekk alle.  Her var det berre sigerherrar og ingen taparar.


Alfinn Bjerga var ein av dei som viste sitt fotballtalent. Fleire gonger dribla han seg forbi alle, frå eine enden av banen til den andre, og sette ballen i mål.

Heller ikkje i kiosken vart det tap.  - Det er travelt og vi har selt masse mat og kakao, var tonen der.

For å delta på Vikeputten betalar laga ein kontingent. I tillegg til sponsorar og kiosksalet er det dette som gir inntektene. Det er gratis å komma inn som tilskodar. Det skulle også eitt av dei deltakande laga få på ein annan kamp.  Idrettslaget trekte ut eitt av laga som fekk 20 gratis billettar til neste FKH kamp i Haugesund.  Desse var gåve frå FKH. 

Til venstre er det jentene frå Vikebygd J9-2 som spelar mot laget Skjold J9-1. Denne gongen var det bortelaget som vann, men Vikebygd hadde også kampar dei vann.  Kvart lag spela 3 kampar, kvar på ein halv time.  Dommarane måtte stå på i 3-4 timar kvar før dei fekk pause på ein time, då kampane gjekk i eitt frå klokka 9 til 17.

Vikebygd J12 - 1 og 2Mellom kampane var det tid for lagfoto. Desse bileta vart redigerte inn på den diploma som kvar spelar fekk med seg heim som eit minne.

 

 

 

Flotte medaljar som eit minne frå Vikeputten.

 

Historia
Vikeputten tidleg på 80-talet. Då var det i mykje mindre målestokk. 10-12 lag berre. Men i 1993 slutta dei med Vikeputten og hadde ein pause fram til 2002.

I år er arrangementet i sitt fjortande år og med heile 75 lag og 6-700 spelarar. Reknar ein 2-3 vaksen / familiemedlem og tilskodarar pr spelar, så var det truleg 2000 ved idrettsbanen denne dagen laurdagen. 

 


 

Sjå  kampoppsetta her:
Kampar bane 1-4      Kampar bane 5-8      Puljeoppsett


Dei unge spelarane sprang ivrig etter ballen. Kvar kamp var på 2 x 12 minutt.

Travelt i kafételtet der ein kunne kjøpa pølser, karbonadar, lappar, kakao eller kaffi.  Ein og annen spelar kjøpte også is, sjølv om det ikkje var det største salsproduktet denne dagen. Men nå regnet sila ned som verst var det godt å komma inn under tak og få seg litt varm mat. 

For spelarane var det også laga til inne på Bygdahuset der dei kunne varma seg litt.

 

KUNNGJERINGA:
Vikebygd Idrettslag ynskjer Hjarteleg velkomen til

Laurdag 25. april 2015 på Vikebygd Idrettsplass

Heile 75 lag frå Bjoa, Bokn, Etne, Nedstrand, Sauda, Skjold, Skjoldar, Skånevik, Vats, Vikebygd, Vindafjord og Ølen blir med!

Håpar inderleg at dette blir ein triveleg turneringsdag!

Sjå  kampoppsetta her:
Kampar bane 1-4      Kampar bane 5-8      Puljeoppsett

Sekretariat/spelarlister/premiar:
Ved frammøte bed me alle levera spelarlister med tydelege namn i sekretariatet!
NB! Alle må stilla til lagfotografering. Kvart lag får tildelt tid når dei kjem + på plakatar.
Alle spelarane får premie som blir delt ut etter siste kamp.  Det er tettpakka program og kort tid mellom kampane så me bed alle vera presise!

Speletid:
Alle kampane er 5-er fotball, 2x12 min, og blir spela etter NFFs regelverk.

Drakter og kampball:
Vikebygd I.L. held kampballar. Dersom laga har like drakter byttar det laget som står oppført først. Vikebygd I.L. har nokre sett overtrekksvestar dersom nokon av laga ikkje har sjølv. Gi beskjed om dette under registreringa.

Banar og garderobe:
Alle kampane blir spela på gras!
Det er garderobe i Vikebygd bygdahus ved idrettsanlegget, dersom nokon treng det.

Kafé og kiosk:
Det blir kafé/kiosk med sal av hamburgar, pølser, brus, is, brus, chips, kaffi, kaker!

Informasjon:
NB! Kampoppsettet er gjort etter beste skjønn etter informasjonen me har frå laga.
Har de spørsmål kontakt Tore Espeland, E-post: tore.espeland@haugnett.no

Vikebygd I.L. ønskjer spelarar, lagleiarar, foreldre og publikum
Hjarteleg velkomne til Vikeputten 2015 !

  



Vikeputten   
Les her om turneringa som var i 2014

Mellom 600 og 700 unge fotballspelarar deltok i 121 kampar på idrettsbanen i Vikebygd, 26. april 2014. Det mangla ikkje på innsats der borna kjempa om å få fotballen inn i motstandaren sitt mål. Om det av og til kunne gå hardt for seg i taklingane var det berre smil og glede å spore. Termometeret klatra til 19 grader, men sola gjorde at det opplevdes svært varmt ute. Ikkje minst for dei som spela fotball. 


Tilbake til hovudsida

 

Link til FOTOALBUM for Vikebygd

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2015 ser du her.


Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
Fotoalbum frå kvelden
ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

2015
Kommunestruktur
Vikeputten 25.4.
Vassverket avviklar
Muligheter for FV 734 ?
Nominasjon og lister
Det vårast i fjellet
Idrett og orientering
Vikevegen
Årsmøte i kyrkja
Speidarfest og Nutastavar
Årsmøte i Vassverket
Naustområde Ulvebne godkjent
Asfaltering på Dommarsnes
Skitur i vinterlandskap
Stormflo 10. jan.
Nedbør og mildt nytt år

2014
Romjula 2014
Julegudsteneste 24.12
Ny bru ved Vossaplasset
Julekonsert 14.12.14
Kor e' Vindafjord 10.12.
Lysmessa i kyrkja 7.12.
Lysa vart tende på juletreet
Årsmøte i Grendautvalet
Svanene på plass i bygda
Globalcafe med Speidaren
Familiegudsteneste 9.11.
Fornyar klubbhuset i båthamna
Grunnlovsjubileet 5.11.
Nytt kjøkken og kafe
Mitt Fargerike Nabolag
Frukost & konsert på butikken
Ymse frå november 2014
Tysvær Vepro steller graver
TV-aksjonen 2014
Veg til Vikestølen
Folketalet går ned
Tur til Longåsdalen
Ymse frå oktober 2014
Fotballkampar i Vikebygd
Fairtrade kommunen markert
Aktivitetsdagen 20.9.
Sopp kurs 12-13. sept
Vikestølsmarsjen
Fv. 734 - Vikevegen
Friluftsrådet 30 år
Sjømannsmisjonen 150 år
Nytt kjøkken på Bygdahuset
Skulestart i Vikebygd
Heidra for idrettsinnsats
Ekstremvêret Lena
Vikebygd-Bjoa 5-2
Supermånen i 2014
På leit etter røter på Fossel
Speidarane på leir i Asker
Stiar merka i fjellet av Roald
Speidarar på Landsleir
Vikebygdfestivalen 19.7.
Radio 102 show frå Plasset
Murmansk reise
Vikestølsmøte 6.7.
Ny Olalihytte opna
Sankt Hans-feiringa
Strandloppis
Diverse frå mai-Juni
Speidarane i Vikebygd
17. mai 2014 i Vikebygd
Brot i Landbruksforhandlingane
Tildeling frå Bakkevig's fond
Vikesprinten 3.5.
Fjelltur på stiar i Vikebygd
Samanslåing av kyrkjesokn?
Vikeputten 2014
Litt frå April
Utviding av gardsbruk
Bondevenner 2014
Tindelandsnaturen
Veg mellom Lio1 og Lio2
Skulen sin Kulturettermiddag
Mura trinn i Glommeskar
Folketalsutviklinga
Dåpsskulen
Språket vårt
Bryggjebakken og båthamna
Kvinner i Vikebygd 1946
Husmorlager anno 1935
Vegard vidare i N. Talenter
Skjold og Vikebygd eit sokn
Speidarfest og nutafantar
Tilbakeslag for Vossaplasset
Stimerking i Vikefjella
Idrettslaget
Kyrkjesundag 19.1.
Uvêr og storm
Juletrebrenning
Grasrotandelen
Nyttårsfest
Godt Nytt År
Jubilanten Per Dommersnes
Årets Vikebu kåra
ÅRET 2014

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011
2012
2013
2014
2015

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013
2014
2015
kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.orgg
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.orgrg